Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden
Finske Riksdagen med Nordisk Råds flagg i forgrunnen.

Finske Riksdagen. Foto: Norden.org.

Nordiske folkevalde møtes til sesjon i Helsingfors

Stats- og regjeringsleiarar, parlamentspresidentar og 87 parlamentarikarar frå heile Norden møtes til nordisk toppmøte i Helsingfors 26.–29. oktober. Samfunnstryggleik, beredskap og nordisk motstandskraft står sentralt.

Nordisk råds sesjon er den viktigaste årlege møtplassen for dei nordiske parlamenta og regjeringane. Her møtest folkevalde frå heile Norden for å drøfte aktuelle spørsmål i det nordiske samarbeidet med kollegaer, og med dei nordiske stats- og regjeringsleiarane. Hovudgjest under årets sesjonen er Finlands president Alexander Stubb, som skal tale til forsamlinga. I løpet av møtet blir det også halde eit eige møte mellom dei nordiske parlamentspresidentane. 

Tryggleik og beredskap i Norden

Ei hovudtema for sesjonen er korleis dei nordiske landa kan styrkje samarbeidet om tryggleik, samfunnsberedskap og motstandskraft. 

– Dette er eit tema som har fått stadig større plass i det nordiske samarbeidet. Tettare nordisk samarbeid er særleg viktig i dagens geopolitiske bilde, der Norden møter stadig fleire grensekryssande utfordringar som krev felles løysingar, god informasjonsdeling og betre samordning, seier delegasjonsleiar Helge André Njåstad.

Sesjon vil óg ta opp andre sentrale og aktuelle nordiske spørsmål og utfordringar innan velferdspolitikk, miljø, kunst og kultur, vekst og utvikling. 

Nordisk råds prisar

Utdelinga av Nordisk råds fem prisar er eit av høgdepunkta under sesjonen. I år går alle prisane til norske vinnarar, for første gong i historia. Prisar blir delt ut i kategoriane litteratur, barne- og ungdomslitteratur, film, musikk og miljø, og alle vinnarane er verdige representantar for breidda og kvaliteten i norsk kultur- og miljøarbeid.

– Det er heilt unikt at Noreg vinn i alle dei fem kategoriane. Vi gratulerer alle vinnarane med ei svært fortent anerkjenning, seier Truls Vasvik (A), nestleiar i Stortingets delegasjon til Nordisk råd.

Vasvik trekkjer særleg fram litteraturprisen til Sigbjørn Skåden for Láŋtdievvá / Planterhaug. Romanen er gitt ut på samisk og norsk, og det er 35 år sidan sist eit samiskspråkleg verk fekk prisen. Han trekk óg fram miljøprisen til barne- og ungdomsorganisasjonen Miljøagentene, som ei viktig anerkjenning av barn og unge sitt engasjement for klima og miljø.

– Litteraturprisen understrekar verdien av å oppretthalde det språkleg mangfald i Norden, medan prisen til Miljøagentane framhevar betydinga av  å gi barn og unge ei tydeleg stemme i det nordiske samarbeidet, seier Vasvik.

Om Nordisk råd

Nordisk råd er det offisielle parlamentariske samarbeidsorganet i Norden. Rådet omfattar parlamenta i Danmark, Finland, Island, Norge, Sverige, Færøyene, Grønland og Åland. Sidan etableringa i 1952 har målet vore å samlast om felles nordiske løysingar som har tydeleg positiv effekt for innbyggarane i Norden.

Nordisk råd – stortinget.no

Sist oppdatert: 26.10.2026 14:42
: