Medarbeidarar frå Ukrainas nasjonalforsamling besøker Stortinget
Fire tilsette i administrasjonen i Ukrainas nasjonalforsamling Verkhovna Rada er på studiebesøk i Stortingets administrasjon i veke 48. Gjestane skal være i Oslo i tre dagar, og har program både på og utanfor Stortinget.
Besøket er den første konkrete oppfølginga av samarbeidsavtalen (MOU) som blei inngått mellom Verkhovna Rada og Stortinget under den ukrainske parlamentspresidenten Ruslan Stefantsjuk sitt besøk til Oslo og Stortinget i mai 2023.
– Studiebesøk som legg til rette for dialog og erfaringsutveksling om gode arbeidsmetodar mellom både parlamentarikarar og mellom administrativt tilsette er ein sentral del av samarbeidsavtalen som strekk seg frå 2023 til 2027. Vi er derfor veldig glade for å kunne ta imot denne første gruppa av kollegaer frå administrasjonen i det ukrainske parlamentet, seier Stortingets direktør Kyrre Grimstad.
Eit sentralt moment i programmet er det parlamentariske arbeidet og korleis Stortinget utøver sitt kontrollansvar med regjeringa. Men i løpet av dei tre dagane besøket varer vil gjestane også ha utstrakt møteverksemd og erfaringsutveksling med kollegaer på Stortinget med ansvar for same arbeidsfelt som dei sjølve.
For dette studiebesøket vil IT-tryggleik, kommunikasjonsarbeid, organisering av parlamentariske møter, utgreiingsfunksjonen og parlamentenes arbeid med internasjonale relasjonar være sentrale tema.
Gjensidig utveksling av erfaring er ein sentral del av samarbeidet, og Stortinget ønskjer også å lære av Verkhovna Rada. Det er derfor satt av tid til at den ukrainske delegasjonen kan dele sine erfaringar frå det å drifte eit parlament i krigstid med kollegaer på Stortinget.
Sist oppdatert: 28.11.2023 18:22