Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Seminar om den fjerde statsmakta

Tysdag 1. april vart det halde seminar i lagtingssalen om tilhøvet mellom media, politikarane og samfunnet.

Aslak Bonde var møteleiar på seminaret.

«Trykkefrihed bør finde Sted» skreiv eidsvollsmennene i Grunnlova i 1814. Trykkjefridomen og ytringsfridomen var føresetnader for folkestyret for eidsvollsmennene. Endå om statleg sensur hadde vore det desse mennene hadde vore mest vane med, var dette noko som knapt vart diskutert på Eidsvoll.

Stortingspresident Olemic Thommessen (H) opna seminaret med å seia at ein sjeldan diskuterte dei viktige rammevilkåra for politikk og demokrati som mellom anna pressa er. Media har ein naturleg plass på Stortinget, sa han, demokratiet lever i bryting og konflikt, og nokon må ta rolla og moderera det.

I eit demokrati med deltakande borgarar er ein avhengig av ei informert offentleg samtale. Thommessen la like fullt vekt på at Stortinget sjølv har eit ansvar for å gjera Stortinget til ein debattarena og ei ramme for offentleg meiningsdanning, og ikkje berre overlata dette til pressa.


Mellom partipressa og setelpressa er tårepersa

Medieprofessor Martin Eide ved Universitetet i Bergen tok føre seg utviklinga i pressa frå VG i 1945 som ville vera ein offentleg arena for debatt og la vinn på å fremja demokrati på eit filosofisk grunnlag, og partipressa som kunne melda at det i kveld «skal haldast eit vellukka Venstre-møte», til dagsens presse. Mellom partipressa og setelpressa finn han tårepersa. I dag vert ordet «føler» svært mykje bruka. Journalisten er ei gråtekone. Jobben til kommentatoren er å sjå tåra i augekroken og lyfta henne fram. Han meinte det er ei melodramatisering av politikk og samfunn, og at journalistane i dag er meir opptekne av temperaturen enn av det politiske innhaldet. Oppegåande journalistikk hjelper oss å forstå politikken, men altfor kjensleladd journalistikk hjelper ikkje særleg.


Deltakarane på seminaret. Frå venstre: Per Sandberg (FrP), Jenny Klinge (Sp), Magnus Takvam (NRK), Martin Eide (UiB) og ordstyrar Aslak Bonde.
Deltakarane på seminaret. Frå venstre: Per Sandberg (FrP), Jenny Klinge (Sp), Magnus Takvam (NRK), Martin Eide (UiB) og ordstyrar Aslak Bonde.

Den redigerte ålmenta

I det Eide kalla den redigerte ålmenta er det ein kamp om vinklingar og å tenkja journalistisk. Pressa har gått gjennom ei frigjering frå partia til at pressa er noko alle må ta omsyn til. Det er gått frå partipresse til medieparti. Politikarane må medietrenast og ein tenkjer journalistisk overalt. Journalistikk som ideologi er komen i staden for politisk ståstad. Pressa har som mål å fella kva regjering som helst. Det verste som kan skje er at makthavarar får snakka beinveges til det uskuldige folket.


Journalistisk hærverk

I partipressa var journalist eit tillitsverv, i dag er det eit mistillitsverv. Ein skal kle av kjelda og avsløra. Dette kan verta hærverk som berre tek føre seg all anna makt enn si eiga. Det er mykje god uavhengig journalistikk, meinte Eide, men òg mykje posering. Når journalistisk handverk vert til hærverk, sit ein att med eit blendverk.


Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, tykte det var ein noko pessimistisk analyse frå Eide. Tilboda frå NRK i alle kanalar leverer i sum gode bidrag til samfunnet, om einskilde innslag kan vera mindre vektige. Han kjende seg ikkje heilt som ei tåreperse, men vedgjekk at ein ikkje unnlèt å ta med føleriske scener der ein kan. I partipressa si tid hadde ein som jobb å forsvara parti og ein kunne få informasjon frå ein statsråd som ikkje skulle takast vidare; i dag kan pressa endåtil mistenkja legitim maktutøving og byrja heia på opposisjonen, og såleis unnlata å retta kritikk mot denne.


I motsetnad til Takvam, hadde stortingsrepresentant Per Sandberg (FrP) inntrykket av at pressa i dei åtte åra med raudgrøn regjering har vore meir oppteken av å granska opposisjonen. Med regjeringsskiftet trur han dette vil snu, noko han i og for seg sa seg glad for. For det er makt og posisjon som hovudsakleg bør granskast.


Politisk journalistikk sett frå Løvebakken

Sandberg peika på at pressa hadde ein flokkmentalitet der alle går etter det same, og lèt samstundes dei same temaa liggja. Kritiske kommentarar om klimaendringar, handlingsregelen eller berekraftig innvandrings- og integreringspolitikk ser han knappast. Det er saker han meiner journalistar ikkje torer å trykkja noko på i. Han meinte pressa kunne vera eit meiningspoliti som skræmer politikarar som måtte meina noko litt annleis. Uavhengig presse med integritet har me, men ikkje på det nivået som Sandberg ynskjer.


Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) fortalde at det nærast er eit mål i seg sjølv for ein politikar å koma i media og såleis byggja seg sjølv opp. Men dei to gongene ho hadde hatt store framsideoppslag, var i samband med at ho i lag med Per Sandberg og andre hadde drukke alkohol føre ei votering, og at ho hadde avlevert ein kommentar om «grevinneheng» og kvinnekropp i sosiale medium. Endå ho meinte ho har drive med viktige politiske saksfelt som samferdsle- og justispolitikk, er det slike andre ting som gjev dei store oppslaga.


Elles når ho ringjer media no for tida, er dei meir interesserte i å få høyra om pågåande leiarkampar i partiet enn dei sakene som ho ringde for å få fram. Pressa er såleis heller konflikt- og skandalesøkjande.

Sosiale medium har likevel bidrege til at Klinge har kome i media med saker som opptek henne. Det er særleg i tre saker media har sett at ho har meiningar og veit at ho har noko å melda. Det gjeld omskjering av gutar, grensekontroll og Schengen-motstand, og regulering av tigging. Ho kan skriva berre nokre få ord i sosiale medium, og straks ringjer nokon frå pressa som vil ha eit lengre innlegg om emnet.



Dei frammøtte i lagtingssalen høyrer på Jenny Klinge (Sp).
Dei frammøtte i lagtingssalen høyrer på Jenny Klinge (Sp).


Avrunda med ordskifte med salen

Seminaret var ein del av seminarrekkja «Grunnloven og deg» i høve grunnlovsjubileet, og det vart avrunda med eit ordskifte mellom innleiarane og spørsmål og kommentarar frå dei frammøtte i lagtingssalen. Møteleiar og ordstyrar på seminaret var politisk journalist Aslak Bonde.

Sist oppdatert: 02.04.2014 12:11
: