Europautvalet

Europautvalet er Stortingets organ for konsultasjonar med regjeringa om aktuelle EU/EØS-spørsmål.

Utvalet handsamar hovudsakleg EU-rettsakter (direktiv og forordningar) som skal opp til handsaming i EØS-komiteen. Føresegner om verksemda til utvalet er nedskrivne i Stortingets forretningsorden § 17.

Frå Stortinget si side er Europautvalet sett saman av representantane i utanriks- og forsvarskomiteen og dei som er medlemer i Stortingets EFTA/EØS-delegasjon. Andre fagkomitear vert kalla inn dersom aktuelle saker kjem deira arbeidsområde ved. Frå regjeringa si side deltek utanriksministeren, eventuelt andre statsrådar ved behov. Leiaren av utanriks- og forsvarskomiteen leier Europautvalet.

Europautvalet møtest før saker skal handsamast i EØS-komiteen. Regjeringa legg fram dei aktuelle sakene. Medlemene av utvalet kjem med råd om kva for standpunkt regjeringa bør ta, men det er opp til regjeringa å ta ei endeleg avgjerd på Noregs vegner. Regjeringa er ikkje forplikta til å fylgja rådet frå utvalet, men er gjennom parlamentarismen avhengig av tillit frå Stortinget.

Møta i Europautvalet er lukka, om ikkje anna er bestemt. Referat frå eit møte vert offentleggjort etter møtet er slutt, med unnatak av dei delane som er unnatekne offentleg innsyn. Eitt år etter møtet vert heile referatet offentleggjort.

Referat

Referat frå møta i Europautvalet.

Sjå òg:

Les meir om EU/EØS-arbeidet.

EU/EØS-nytt

Antatt EØS-relevante rettsakter

Europaportalen

Kontaktinformasjon

Postadresse

Europautvalet
Stortinget
0026 Oslo

 E-post: Europautvalget@stortinget.no

Komitéråd

Vibeke Rysst-Jensen
Telefon: 23 31 35 13
vibeke.rysst-jensen@stortinget.no

Seniorrådgivere

Margrethe Saxegaard
Telefon: 23 31 36 07 
mars@stortinget.no

Per Nestande 
Telefon: 23 31 36 11
per.nestande@stortinget.no

Stortingsarkivet

Lene Andreassen
Telefon: 23 31 37 22

Vel å sjå:

Utvalgets medlemmer

Vel å sjå: