Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen

Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen (DUUFK) er ein fast komité som er samansett av dei ordinære medlemmene i utanriks- og forsvarskomiteen, stortingspresidenten og leiarane for partigruppene.

 
Leiaren av utanriks- og forsvarskomiteen leier òg den utvida utanriks- og forsvarskomiteen. Komiteen kan òg ha fellesmøte med andre fagkomitear på Stortinget.
 
Komiteen har til oppgåve å drøfta med regjeringa viktige spørsmål som gjeld utanrikspolitikk, handelspolitikk, tryggingspolitikk og beredskap, medrekna terrorberedskap. Slik konsultasjon bør det vera før regjeringa tek viktige avgjerder. Forhandlingane skal haldast hemmelege, med mindre anna uttrykkeleg blir fastsett.
 
Det blir ført referat frå møta, som blir frigjorde etter 30 år. Når minst seks medlemmer krev det, skal ei sak komiteen behandlar, leggjast fram for Stortinget i plenum.