Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sogn og Fjordane

For stortingsperioden 2017–2021 er det valt inn fire representantar frå Sogn og Fjordane.

Representantane er fordelte på desse partia: Arbeidarpartiet (1), Høgre (1), Senterpartiet (1) og Kristeleg Folkeparti (1).

Alle representantane frå same fylket høyrer til ein fylkesbenk. Som regel er det den fyrste representanten frå kvart fylke som leier fylkesbenken.

Innvalde og fast møtande representantar

Dei fem siste spørsmåla til statsrådane frå fylkesrepresentantane

  • Spørjetimespørsmål fra Steinar Ness (Sp) til samferdselsministeren

    Dekningsdirektøren i Telenor uttalar til NRK Sogn og Fjordane 18. oktober 2018 at folk ikkje kan stole på mobilnettet til Telenor ved til dømes straumbrot. Kva samfunnsansvar meiner regjeringa at Telenor har for at infrastruktur som er viktig for folk sitt liv og helse i spreiddbygde strok, ikkje bryt saman i samband med framtidig uvær som storm, regn, flaum, vind og ras?
  • Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

    Kan statsråden gjere greie for reknestykket på korleis anbodsutsetjing av verkstadskapasitetar vil spare 317 millionar?
  • Skriftleg spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til olje- og energiministeren

    Kva er status på gjennomføringa av stortingsvedtak nr. 765, 6 juni 2017: "Stortinget ber regjeringen utrede konkurransesituasjonen på norsk sokkel og framtidsutsiktene for norsk leverandørindustri etter de omstillingene industrien har vært igjennom.", og kva har regjeringa gjort med saka?
  • Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til olje- og energiministeren

    Det er store geografiske skildnader på kva innbyggarane må betale i nettleige, og det er folk og næringsliv i områder med store fornybare energiressursar som må betale rekninga for nettutbygginga.Krafta vert bygd ut lokalt og forbrukt nasjonalt.Sogn og Fjordane har overskot på kraft og næringsliv og befolkninga i fylket bet skyhøg nettleige. Dette er svært urettferdig. Utgreiing av forskjellige ordninger med rettferdig nettleige vart vedteke i Stortinget forrige sesjon.
    Når kjem saka til Stortinget ?
  • Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

    Vil statsråden ta initiativ til at NSM opptrer ut frå Stortingets vedtak og innspela som blei gjeve då proposisjon 116 L (2016-2017), jfr innstilling 419 L (2016-2017) vart handsama?

Representantforslag fremma av fylkesrepresentantane