Geirangerfjorden. Foto: Per Eide.

Geirangerfjorden. Foto: Per Eide.

Møre og Romsdal

For stortingsperioden 2017–2021 er det valt inn ni representantar frå fylket.

Representantane er fordelte på desse partia: Høgre (3), Arbeidarpartiet (2), Framstegspartiet (2), Kristeleg Folkeparti (1) og Senterpartiet (1).

Alle representantane frå same fylket høyrer til ein fylkesbenk. Som regel er det den fyrste representanten frå kvart fylke som leier fylkesbenken.

Innvalde og fast møtande representantar

Dei fem siste spørsmåla til statsrådane frå fylkesrepresentantane

  • Skriftleg spørsmål fra Steinar Reiten (KrF) til fiskeriministeren

    Vil statsråden sørge for at fiskerimeldingen som nå er under utarbeidelse, inneholder et eget kapittel om forvaltning og effektiv utnyttelse av reker som ressurs for norske foredlingsbedrifter?
  • Skriftleg spørsmål fra Else-May Botten (A) til klima- og miljøministeren

    Kan statsråden redegjøre for status for oppfølging av stortingets vedtak til St.meld.nr 14 (2006-2007) om at utslipp og bruk av miløgifter kontinuerlig skal reduseres med den hensikt å stanse utslippene innen 2020 og oppfølging av handlingsplan for å stanse utslipp av miljøgifter, som ble lagt fram i 2015?
  • Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

    Etter at regjeringa la fram sitt framlegg til ny våpenlov, uttalte både tidlegare justisminister Amundsen og statsminister Solberg seg som om forboda i forskrifta skal gå lenger enn proposisjonen når det gjeld halvautomatiske rifler til jaktbruk. Dette har skapt uro blant dei som lovleg eig slike rifler no. Har statsråden oversikt over kor mange som eig rifler av typen Rüger Mini 14 og meiner ho at det bør innførast eit forbod med tilbakeverkande kraft mot denne og liknande rifler utan kompensasjonsordning?
  • Spørjetimespørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til eldre- og folkehelseministeren

    Somme kleskjeder har få eller ingen klede i store storleikar. Dei største kleda i sortimentet er merka til dømes XL, sjølv om desse plagga i andre butikkar ville hatt ein mindre storleik. Folk som hentar seg klede i ein storleik dei vanlegvis brukar, kan difor oppleve at plagget er altfor lite. I eit folkehelseperspektiv bør særleg unge kunne forhalde seg til forståeleg merking som ikkje verkar deprimerande. Vil statsråden ta initiativ til eit møte med klesbransjen for å drøfte tiltak angåande storleiksmerking på klede?
  • Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til helseministeren

    St. Olavs hospital har beslutta å avslutte tilbodet om rituell omskjering av gutar av kapasitetsomsyn, og vil heller prioritere td kreftsjuke pasientar enn å skjera bort forhuda på små gutar.
    Meiner helseministeren at sjukehuset prioriterer feil, og vil han påleggje dette sjukehuset eller andre aktørar å utføre den rituelle omskjeringa på kostnad av andre helsetenester?

Representantforslag fremma av fylkesrepresentantane