Generalsekretær i Unge Venstre på valkampstand. Foto: Unge Venstre

Dei norske ungdomspartia har betre høve for faktisk å påverka politikken enn ungdomsparti i mange andre land. Foto: Unge Venstre, gjeve att med løyve.

Bli medlem av eit politisk parti

Som partimedlem kan du vera med og bestemma kva for ein politikk partiet skal jobba for.

Aktuelle kompetansemål

  • Gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skolen (etter 10. klasse)
  • Utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad (etter Vg 1/ Vg 2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

Det er meir enn 20 registrerte politiske parti i Noreg. Ni av dei er representerte på Stortinget i perioden 2017–2021. Mange parti har òg ein politisk ungdomsorganisasjon. 

For å kunna starta eit politisk parti, må ein samla inn underskrifter frå 5000 røysteføre. 

Mange moglegheiter som medlem

Når du er over 15 år vel du sjølv om du vil melda deg inn og ut av lag og organisasjonar, inkludert politiske parti. Melder du deg inn i eit politisk parti og tek aktivt del på partimøte, får du høve til å påverka kva partiet skal jobba for i ulike saker. 

Før eit val tek mange av medlemene i partia del i valkampen. Somme står på stand for å informera om politikken til partiet, somme skriv debattinnlegg, medan andre utviklar kampanjar i sosiale medium.

Som medlem i eit parti kan du òg kjempa om å stå på ei valliste ved kommunevalet, eller verta nominert som ein av kandidatane til partiet i stortingsvalet. Somme når langt alt i ung alder. Til dømes var Anna Ljunggren berre 21 år gammal då ho vart innvald i 2005. I stortingsvalet i 2017 var 18 av de 169 som vart valde inn under 30 år.

Ungdomspartia påverkar moderpartia

Dei fleste unge som har lyst til å engasjera seg i partipolitikk melder seg inn i eit ungdomsparti. Ungdomspartia samarbeider tett med dei såkalla «moderpartia», og får frå tid til annan stort gjennomslag for synspunkta sine.

Mange av ungdomspartia har dessutan lokallag. Dersom du ynskjer å påverka politikken der du bur, kan du vurdera å melda deg inn i eit av desse lokallaga.

Alle dei ni partia som er representerte på Stortinget i perioden 2017–2021 har eigne ungdomsparti. Besøk nettsidene deira for å lesa om dei:

Arbeidaranes ungdomsfylking (AUF)

Unge Høgre

Framstegspartiets Ungdom

Senterungdommen

Sosialistisk Ungdom

Kristeleg Folkepartis Ungdom

Unge Venstre

Grøn Ungdom

Raud Ungdom


Sist oppdatert: 19.02.2018 17:02