Desse kanalane kan du bruka for å påverka

Bruk røysteretten

Frå og med året du fyller 18 år kan du røysta ved stortingsval. Då bidreg du til å avgjere kven dei 169 stortingsrepresentantane blir.

Ta kontakt med politikarar

Politikarane er valde for å tala vår sak. For å kunna gjera denne jobben best mogeleg, er dei avhengige av å vita kva folket meiner om ting som vedgår dei.

Bli partimedlem

Blir du medlem av eit politisk parti, kan du vera med og utforma politikken det fører. Alle partia på Stortinget har ungdomsparti.

Gå til aksjon

Ein aksjon sett gjerne fokus på ei særskild sak. Underskriftskampanjar, støtteaksjonar, boikottar og demonstrasjonar er døme på aksjonsformar.

Organiser deg

Mange friviljuge organisasjonar jobbar med politiske saker. Ein organisasjon får større gjennomslag di fleire som er medlemer.

To tenåringsgutter med smarttelefon. Foto: Maskot/ NTB Scanpix

Bruk media

Har du ei sak som opptek deg, kan du kan ta kontakt med ein redaksjon for å tipse om ho. Du kan òg publisere innlegg i sosiale medium.