Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Når Kongen opnar Stortinget, les han opp ein tale som seier kva regjeringa har tenkt til å jobbe med det komande året. Foto: Gjermund Nordtug/ Stortinget

Når Kongen opnar Stortinget, les han opp ein tale som seier kva regjeringa har tenkt til å jobbe med det komande året. Foto: Gjermund Nordtug/ Stortinget

Rolla til kongen

Noreg er eit monarki. Det vil seie at vi har konge som statsoverhovud. Noreg har hatt tre kongar sidan 1905. Kong Harald er konge i dag. 

Aktuelle kompetansemål

  • få kjennskap til viktige aktører og prosesser i det norske politiske systemet
  • få kjennskap til noen viktige sammenhenger mellom styreform, rettsstat og grunnleggende menneskerettigheter

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere, kompetansenorge.no

Kongen er statsoverhovud i Noreg,
men i praksis er det ikkje han som bestemmer
i politiske spørsmål.
Likevel møter han regjeringa ofte.

Kvar fredag har regjeringa møte
med Kongen på Slottet.
Her blir Kongen informert
om dei siste politiske hendingane
og må skrive under på lover
som er vedtekne i Stortinget.

Dersom Kongen nektar eller ikkje vil skrive under,
blir lova send tilbake til Stortinget.
Men etter eit stortingsval kan
Stortinget vedta lova på nytt,
og då gjeld lova sjølv
om Kongen ikkje skriv under.
Kongen kan altså forseinke eit lovvedtak,
det vil seie få prosessen til å ta lengre tid,
men han kan ikkje stoppe lova.

Kongen opnar Stortinget kvar haust

Det står i Grunnlova
at Kongen ikkje kan
kome til Stortinget
når det er stortingsmøte.
Det er fordi Kongen ikkje skal
kunne påverke politikken.

Kongen blir likevel invitert kvart år i oktober.
Då kjem han for
å opne Stortinget etter sommaren.

Kong Haakon vart konge i Noreg i 1905. Den to år gamle sonen hans vart då kronprins. Foto: Nasjonalbiblioteket

Trona går i arv

Då Noreg vart eit heilt sjølvstendig land i 1905,
og unionen med Sverige vart oppløyst,
vart den danske prins Carl
vald til konge i Noreg.
Då han vart norsk konge,
fekk han det norske namnet Haakon.

Å vere konge i Noreg går i arv.
Sonen til Kong Haakon, Olav,
arva og overtok trona
då Haakon døydde.
Kong Olav var far til dagens konge, Kong Harald.
Sonen til Kong Harald, Kronprins Haakon,
skal i framtida bli konge i Noreg.

I 1990 endra Stortinget Grunnlova
slik at også kvinner kan arve trona.
I dag kan altså ei kvinne bli monark.
Dermed vil Kronprins Haakon sitt eldste barn,
Prinsesse Ingrid Alexandra,
arve trona etter far sin.


Sist oppdatert: 22.02.2018 10:35