Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Etter valet i 2017 fekk stortingsrepresentantar frå ni politiske parti sete på Stortinget. Illustrasjon: Stortinget

Etter valet i 2017 fekk stortingsrepresentantar frå ni politiske parti sete på Stortinget. Illustrasjon: Stortinget

Politiske parti

Det er mange politiske parti i Noreg, men ikkje alle parti er på Stortinget.

Aktuelt kompetansemål

  • få kjennskap til viktige aktører og prosesser i det norske politiske systemet.

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere, kompetansenorge.no

Dei politiske partia er ein viktig del
av det norske demokratiet.
Partia består av personar
som har ganske likt syn i politiske spørsmål.
Likevel må medlemene i partiet
ofte diskutere mykje for å bli samde
om kva partiet skal meine om ulike saker.
Det dei blir samde om,
skriv dei inn i det politiske programmet til partiet.

Partia har som mål å påverke
politiske saker og spørsmål
i kommunane, fylka og på nasjonalt nivå.
Å bli representert på Stortinget
er eit viktig mål for dei politiske partia.

Noreg har eit fleirpartisystem,
og i stortingsvalet i 2017 vart
ni parti valde inn på Stortinget.
Det er eit høgt tal samanlikna med dei fleste andre
nasjonalforsamlingar.

Minste parti har berre eitt sete

I perioden 2017–2021 har det største partiet 49 sete,
medan dei to minste berre har eitt kvar.
Ovanfor kan du sjå kor mange sete
dei ulike partia har i perioden 2017–2021.

I dei fleste nasjonalforsamlingar
sit representantane frå same parti
ved sida av kvarandre.
I Noreg er det ikkje slik,
sjølv om vi ofte teiknar det på den måten
(for eksempel på biletet ovanfor).

I den norske stortingssalen
sit representantane saman med
andre representantar frå same stad i landet.
Det vil seie at dei som kjem frå same valdistrikt
sit saman,
sjølv om dei er medlemer av
ulike politiske parti.

Her er stolen til representanten frå det partiet som fekk flest stemmer frå veljarane i Aust-Agder. Foto: Stortinget

Til å begynne med hadde vi ikkje
politiske parti i Noreg.
I 1884 fekk vi partia Venstre og Høgre,
og tre år seinare vart Arbeidarpartiet starta.
Seinare har vi fått mange fleire parti.

Dersom du vil vite meir om partia på Stortinget,
kan du besøkje heimesidene deira:

Arbeidarpartiet (A)

Høgre (H)

Framstegspartiet (FrP)

Senterpartiet (SP)

Sosialistisk Venstreparti (SV)

Kristeleg Folkeparti (KrF)

Venstre (V)

Miljøpartiet dei grøne (MDG)

Raudt (R)


Sist oppdatert: 21.02.2018 15:09