Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

På onsdagar kjem medlemer av regjeringa til Stortinget for å svare på spørsmål. På biletet svarar statsminister Erna Solberg på spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik. Foto: Stortinget

På onsdagar kjem medlemer av regjeringa til Stortinget for å svare på spørsmål. På biletet svarar statsminister Erna Solberg på spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik. Foto: Stortinget

Oppgåvene til Stortinget

Stortinget er nasjonalforsamlinga i Noreg. På Stortinget sit det 169 representantar frå ulike parti. Dei kjem frå heile landet.

Aktuelt kompetansemål

  • få kjennskap til viktige aktører og prosesser i det norske politiske systemet.

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere, kompetansenorge.no

Stortingsrepresentantane blir valde av folket
kvart fjerde år, i stortingsval.
Dei viktigaste oppgåvene til representantane er
å vedta nye lover,
forandre eller fjerne gamle lover,
vedta statsbudsjettet
og å kontrollere regjeringa sitt arbeid.

1. Vedta lover

Stortinget vedtek lovene.
Regjeringa føreslår nye lover,
men det er Stortinget som diskuterer
og stemmer over forslaga.
Også stortingsrepresentantane kan føreslå lover.
Fleirtalet i Stortinget
må vere samde i forslaga
for at nye lover skal bli vedtekne.

2. Vedta statsbudsjettet

Kvart år får staten inn mange pengar
gjennom skattar og avgifter.
Korleis desse pengane skal brukast og fordelast,
blir skrive inn i eit budsjett som vi kallar statsbudsjettet.

Regjeringa føreslår statsbudsjett, men det er Stortinget som bestemmer om forslaget skal godkjennast. Foto: esponsorvik/Flickr, CC BY-ND 2.0-lisens

Det er regjeringa som føreslår statsbudsjettet,
men det er Stortinget som bestemmer
om det skal godkjennast eller ikkje.
Fleirtalet i Stortinget må stemme for statsbudsjettet,
for at det skal bli godkjent/vedteke.

3. Kontrollere regjeringa

Sidan Stortinget er valt av folket,
har Stortinget makt til å kontrollere
og undersøkje regjeringa.

For å undersøkje om medlemene av regjeringa
gjer det Stortinget har bede dei om,
kan representantane på Stortinget
sende spørsmål til dei.
Regjeringsmedlemene må svare på spørsmåla.

Kvar onsdag er det spørjetime i Stortinget.
Då kjem medlemer frå regjeringa
til stortingssalen for å svare
på spørsmål frå representantar.

Dersom eit fleirtal av stortingsrepresentantane meiner
at regjeringa ikkje gjer jobben sin,
må regjeringa gå av.
Det vil seie at det må dannast ei ny regjering.


Sist oppdatert: 21.02.2018 13:44