Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Finansministeren kjem til Stortinget med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Foto: Gjermund Nordtug/ Stortinget

Finansministeren kjem til Stortinget med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Foto: Gjermund Nordtug/ Stortinget

Oppgåvene til regjeringa

Etter eit stortingsval lagar eitt eller fleire parti regjering. Det partiet, eller dei partia, med støtte frå flest stortingsrepresentantar lagar regjering.

Vis som temaark

Aktuelt kompetansemål

  • få kjennskap til viktige aktører og prosesser i det norske politiske systemet.

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere, kompetansenorge.no

Statsministeren er leiaren for regjeringa.
Dei andre i regjeringa kallar vi
ministrar eller statsrådar.
Statsrådane har ansvar for
ulike oppgåver i samfunnet.
For eksempel har kunnskapsministeren ansvar for
skulane i Noreg.

Den viktigaste jobben til regjeringa
er å kome med forslag til politikk
og å gjennomføre politikk.

Statsminister Erna Solberg er sjef for den regjeringa vi har no. Foto: Thomas Haugersveen/ SMK, CC BY-ND 2.0-lisens

1. Føreslå nye lover

Regjeringa føreslår nye lover,
men det er Stortinget sin jobb
å vedta lovene.
Det vil seie at fleire enn
halvparten av stortingsrepresentantane
må stemme ja
til forslaget frå regjeringa,
for at det skal bli ei lov.

2. Føreslå statsbudsjett

Det er regjeringa som føreslår
kva staten sine pengar skal brukast til.
Regjeringa lagar altså
eit forslag til statsbudsjett,
men fleire enn halvparten
av stortingsrepresentantane
må stemme ja til forslaget
for at det skal bli vedteke.

3. Gjennomføre politikk

Regjeringa skal gjennomføre det Stortinget bestemmer.
Regjeringa skal for eksempel bruke pengar
slik Stortinget har bestemt.
Regjeringa skal også passe på
at samfunnet blir styrt etter lovene
som Stortinget har bestemt.


Sist oppdatert: 21.02.2018 13:51