Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Dersom du vil påverke ei politisk sak, kan det vere lurt å finne andre som ønskjer det same. Til saman blir stemma dykkar høgare. På biletet ser du ein demonstrasjon på Eidsvolls plass. Foto: Stortinget

Dersom du vil påverke ei politisk sak, kan det vere lurt å finne andre som ønskjer det same. Til saman blir stemma dykkar høgare. På biletet ser du ein demonstrasjon på Eidsvolls plass. Foto: Stortinget

Korleis kan eg påverke?

For at eit demokrati skal fungere, er det viktig at dei som bur i samfunnet, deltek i politikken. Det er mange måtar å delta på.

Aktuelle kompetansemål

  • få kunnskap om viktige prinsipper for demokratisk deltakelse som stemmerett og ytrings- og organisasjonsfrihet
  • kunne samtale om hvordan man kan påvirke samfunnet gjennom deltakelse i offentlig debatt, organisasjoner og partier og ved bruk av medier

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere, kompetansenorge.no

I eit demokrati har folket sjansen til å påverke
i saker som er viktige for dei.
Folket påverkar blant anna når dei stemmer ved val.
Men sjølv utan stemmerett
er det mogleg å påverke i politiske saker.

Nedanfor finn du ei oversikt over nokre måtar
du kan engasjere deg i demokratiet på.

Stemme ved val

Alle norske statsborgarar
kan stemme ved stortingsval.
Utanlandske statsborgarar,
som har budd minst tre år i Noreg,
kan stemme ved lokalval.

I både stortingsval og lokalval
må du vere over 18 år,
eller fylle 18 år i løpet av valåret,
for å kunne stemme.

Ta kontakt med ein politikar

Ein viktig del av jobben til ein politikar
er å snakke med folk.
Mange snakkar med politikarar
om ting dei er opptekne av.
Du kan skrive brev eller e-post
og fortelje kva du meiner.
Du kan også kontake
politikarar i sosiale medium.

Du treng ikkje vere norsk statsborgar for å bli medlem i eit parti. Foto: Stortinget

Dersom du ønskjer
å påverke ei lokal sak der du bur,
kan du for eksempel kontakte
ein politikar i kommunestyret.
Gjeld det ei nasjonal sak,
kan du for eksempel sende
melding til ein stortingsrepresentant.

Delta i demonstrasjonar

I politiske demonstrasjonar
kan folk vise politikarane
kva dei meiner om ei sak.
Demonstrasjonar kan få mykje merksemd i media.

Bli med i eit parti

Alle kan melde seg inn i eit politisk parti.
Du treng ikkje vere norsk statsborgar.
Som medlem i eit parti
kan du påverke politikken til partiet.

Bli med i ein organisasjon

Det er mange organisasjonar i Noreg.
Organisasjonane jobbar med ulike tema
som arbeid, språk, kultur og miljø.

Mange organisasjonar
snakkar ofte med politikarar og media.
På denne måten kan dei påverke
politiske saker.
Som medlem i ein organisasjon kan du påverke
kva organisasjonen skal jobbe med.

nettsida frivillig.no kan du finne organisasjonar der du bur.

Bruke media

Aviser, tv, radio og digitale medium
er med på å bestemme
kva saker som skal få merksemd.
Media er derfor ein viktig del av demokratiet.
Dei er ofte kritiske til politikarar
og tek opp saker dei synest politikarar
må gjere noko med.

Du kan ta kontakt med media
om ting du er oppteken av.
For eksempel kan du skrive
eit lesarinnlegg i ei nett- eller papiravis.


Sist oppdatert: 21.02.2018 16:07