Under jubileumsfesten på Eidsvolls plass 9. mai 2016 fekk femteklassingar prøve seg på talarstolen under øvinga Speakers' Corner. Her er det ein elev frå Rønningen skole i Asker som taler. Foto: Morten Brakestad/ Stortinget

Under jubileumsfesten på Eidsvolls plass 9. mai 2016 fekk femteklassingar prøve seg på talarstolen under øvinga Speakers' Corner. Her er det ein elev frå Rønningen skole i Asker som taler. Foto: Morten Brakestad/ Stortinget

Speakers' Corner

Speakers' Corner er ei praktisk oppgåve som eignar seg godt til å gjere i klasserommet.

I Noreg har vi ytringsfridom. Det vil seie at alle har lov til å seie meininga si, og dette gjeld sjølvsagt også for born og unge.

Speakers' Corner er eit hjørne av Hyde Park i London. Her kan kven som helst møte opp for å tale om kva tema som helst. Flest talarar og tilhøyrarar møter opp på sundagar.

I Noreg har vi ikkje noko tilsvarande, men mange seier meininga si utanfor Stortinget, på Eidsvolls plass. Her kan folk i Noreg seie kva dei meiner om det dei er opptekne av. Det skjer nesten dagleg på denne plassen. I løpet av eit år er det ca. 150 demonstrasjonar og folk som seier meininga si på Eidsvolls plass.

Oppgåva

Del klassen inn i grupper på tre til fem elevar. Kvar gruppe får fire minutt til å seie meininga si frå ein talarstol. Talarstolen kan for eksempel lagast av ein pult eller av kateteret til læraren. Ein kan også stå på ein stol.

Elevane kan sjølv bestemme kva dei ønskjer å snakke om, det er dei som veit best kva som er viktig for dei. Det kan vere alt frå lekser til miljø og urettferdige forhold i verda. Er det kanskje tema dei tidlegare har snakka om i klassen, som elevane kan snakke om? Er det noko i nærmiljøet som er veldig bra eller som dei tenkjer at kunne vore annleis? Det er heilt opp til dykk!

Tips og hugsereglar til elevane

Respekter andre sitt syn, og tenk på kva som er di eiga meining og kva som er fakta

Forklar tydeleg meininga di. Kvifor meiner du det du gjer?

Ikkje snakk for fort. Tenk på at dei som høyrer på deg, skal få det med seg og forstå.

Læringsmål

  • Uttrykkje og forklare eigne standpunkt og vise respekt for andre sine
  • Uttrykkje seg med eit variert ordtilfang tilpassa kommunikasjonssituasjonen
  • Lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og skilje mellom meiningar og fakta

Lykke til!

Oppgåva finst også som pdf-fil som kan lastast ned og skrivast ut.


Sist oppdatert: 29.04.2020 11:22