Tidlegare utanriksminister Halvard Lange røystar ved stortingsvalet i 1949. Foto: NTB scanpix.

Tidlegare utanriksminister Halvard Lange røystar ved stortingsvalet i 1949. Foto: NTB scanpix.

Historiske valordningar

Les om dei ulike valordningene vi har hatt i Noreg sidan 1814.

Indirekte fleirtalsval (1814–1905)

Veljarane røysta på valmenn, og valmennene kom saman på valmannsting for å peika ut representantane frå distriktet. Dette systemet vart til i ei tid då det ikkje fanst politiske parti, og føremålet var å finna fram til dei rette personane. Bakgrunnen for den indirekte valmetoden var at valmennene skulle vera betre skikka enn vanlege veljarar til å vurdera kandidatane og gjera eit klokt val. Val på både valmenn og stortingsrepresentantar vart gjennomførte som fleirtalsval – den eller dei som fekk flest røyster, vart valde.

Valordninga førte òg til at talet på stortingsrepresentantar ikkje var fast, det endra seg frå val til val i perioden 1814 til 1859. Talet på valmenn hang saman med talet på røysteføre, til dømes skulle inntil 100 røysteføre på landet velja éin valmann, medan i kjøpstader skulle det veljast éin valmann for 50 røysteføre. Fem til 14 valmenn valde deretter éin representant, 15 til 24 valde to, 25 til 35 valde tre, og var det fleire enn 35 valmenn, valde dei fire. Auke i talet på røysteføre og at folk flytta, gjorde at talet på representantar steig. Grunnlova av 1814 sa at det skulle vera minst 75, og ikkje over 100 representantar, men det talet vart overskride alt i 1845. Frå valet i 1862 vart det eit fast tal representantar, som sidan har auka frå 111 til 169.

Etter kvart vart metoden med valmannsval utsett for sterk kritikk og sedd på som ei «umyndiggjering» av veljarane.

Valordninga i 1814 inneheldt to punkt som skulle få noko å seia for utviklinga av valsystemet:

  1. Utkantstrok skulle ha sterkare representasjon enn meir sentrale område. Seinare er dette prinsippet alltid vorte fylgt.
  2. Byane skulle ha éin tredjedel av mandata og landdistrikta to tredjedelar.

Det siste punktet er kjent som «bondeparagrafen». I mange år førte denne ordninga til at byane vart sterkt overrepresenterte i Stortinget, men etter kvart førte urbanisering og «flukt frå landsbygda» til at det endra seg. I 1952 blei «bondeparagrafen», etter mykje strid, oppheva ved ei grunnlovsendring. Dermed vart det valtekniske skiljet mellom by og land avskaffa, og fylka blei gjorde til valkrinsar.

Fleirtalsval i einmannskrinsar (1905–1919)

Veljarane skulle no røysta direkte på stortingskandidatane, utan å gå via valmenn. Landet vart inndelt i mindre valkrinsar som kvar valde éin stortingsrepresentant. Veljarane røysta direkte på representantane, og valet vart organisert slik at den kandidaten som fekk over helvta av røystene, var vald. Dersom ingen fekk det, vart det halde omval, og då var det tilstrekkeleg med vanleg fleirtal.

Ordninga med einmannskrinsar favoriserte dei store partia og svekte moglegheitene for dei mindre partia.

Høvestalsval i fleirmannskrinsar (frå 1920)

Med unnatak av enkelte justeringar er det denne valordninga vi framleis nyttar. Einmannskrinsane er igjen erstatta av fleirmannskrinsar, og mandata blir fordelte etter høvestalsmetoden. Ordninga med utjamningsmandat vart innført før valet i 1989.

Utviklinga i antall representantar på Stortinget

840_Utviklingen i antall representanter på Stortinget 1814-2005.png

* Riksforsamlingen 1814
** 1989: 165 (157+8 utjamningsmandat)
*** 2005: 169 (150+19 utjamningsmandat)

Valgperioden vart endra fra tre til fire år i 1938.

Ordninga med utjamningsmandat vart innført før valet i 1989.


Sist oppdatert: 23.08.2021 14:37