Førebuingar til eit nytt storting
Etter valet skal Stortinget godkjenna valresultatet, velja presidentskap og fordela representantane på fagkomiteane. 11. oktober gjer kongen den høgtidlege opninga av det nye stortinget.
Valoppgjer og fullmakter
Valet 13. september vart gjennomført i kommunane, og valoppgjeret vert gjort i fylkesvalstyra og endeleg i Riksvalstyret, som òg fordeler utjamningsmandat på dei partia som er komne over sperregrensa. Dette er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Valdirektoratet som har ansvaret for. Valstyra godkjenner og skriv ut fullmakter til dei kandidatane som skal møta på Stortinget og representera veljarane i dei ulike fylka i den komande fireårsbolken.
Når valoppgjer og fullmakter kjem frå fylkesvalstyra, skal den førebuande fullmaktskomiteen, som er utgått frå det førre stortinget, gjera ei mellombels prøving av fullmaktene og gå gjennom rapportar om feil og klagar som er komne frå fylka og Riksvalstyret. Dette arbeidet vert førebudd av eit eige sekretariat, som fyrst har gått gjennom materialet.
Fram til fullmaktene er godkjende, har medlemene av Stortinget mellomsbels røyst og sete.
Det nye stortinget godkjenner altså seg sjølv, men det skjer etter førearbeid av representantar frå det førre stortinget.
Regjeringsskifte
Dersom den sitjande regjeringa går av som fylgje av valresultatet, er det vorte normal praksis at dette skjer fyrst etter at trontala og framlegget til statsbudsjett er overlevert Stortinget.
Les meir om regjeringsdanning.
Det nye stortinget kjem i gang
Når det nye stortinget trer saman 1. oktober, er fullmaktene fordelte til den fyrste representanten for kvart fylke og det er laga liste over representantane til namneoppropet som presidenten gjer. Presidenten i dette møtet er den høgst rangerte i presidentskapet frå førre storting som er til stades, og dersom ingen frå det førre presidentskapet fekk attval, er det den som har sete lengst på Stortinget som presiderer. I dette møtet vert den endelege fullmaktskomiteen vald.
Innstillinga frå den endelege fullmaktskomiteen vert handsama av det nye stortinget 8. oktober. 9. oktober er det konstituerande møte der presidentskap vert valt.
Dei 37 medlemene i valkomiteen vert valde med det same Stortinget har konstituert seg. Det er eit mål at partigruppene er forholdsmessig representerte, og det skal òg takast omsyn til fordeling etter valdistrikt. Valkomiteen førebur og gjev innstilling om alle val Stortinget måtte ynskja, så som val til ei rekkje utval, komitear, representantskap, som til dømes den norske Nobelkomite. Innstillingane vert handsama av Stortinget i plenum. Les meir om valkomiteen.
Høgtidleg opning 11. oktober
11. oktober gjer kongen den høgtidlege opninga av det nye stortinget.
Under opninga held kongen ei tale, trontala, slik Grunnlova føreskriv. Denne tala er i våre dagar skriven av regjeringa og ikkje av kongen sjølv. Kongen får tala overlevert av statsministeren under seremonien. I trontala les kongen opp planane for politikken til regjeringa for året som kjem.
Deretter les ein av regjeringsmedlemene, i regelen den yngste, opp meldinga om rikets tilstand og styring. Det er tradisjon at denne vert halden på nynorsk.