Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Representantane sit fylkesvis og har faste plassar.

Plasseringa i stortingssalen

Representantane er plasserte i stortingssalen etter kva valdistrikt dei representerer.

Internasjonalt er det vanleg at representantane i nasjonalforsamlinga er plasserte etter partitilhøyrsle, men såleis er det ikkje i stortingssalen. I den store halvsirkelen sit representantane i vifteform i alfabetisk orden etter valdistrikt, med Aust-Agder fyrst. Representantane er innbyrdes plasserte etter røystetal.

Oversyn over plasseringa av representantene i salen.

Statsrådane har plassar på fyrste rad i stortingssalen, rett framfor stortingspresidenten. Stortingsrepresentant nummer 1 sit på rada bak på venstre side (sett frå stolen til stortingspresidenten). Representantnummera stig frå venstre til høgre på kvar rad – den siste representanten, nummer 169, sit fylgjeleg heilt til høgre på bakarste rad. Endå om statsrådane sit på fyrste rad, byrjar nummereringa av desse på 170.

Då Grunnlova vart skriven på Eidsvoll i 1814, fanst det ikkje nokon politiske parti i Noreg, og stortingsrepresentantane kunne altså ikkje sitja partivis. Men i 1876 – åtte år før dei fyrste partia Venstre og Høgre vart danna – føreslo stortingsrepresentanten Søren Jaabæk at representantane skulle plasserast «inden en af følgende Partigrupper: til Høire, i Midten eller til Venstre, regnet af Præsidentpladsen». «Han ville – later det til – hjelpe fram partidelingen i forsamlingen ved å tvinge representantene til å besinne hvor i salen de ville ta plass,» står det i boka Det Norske Storting gjennom 150 år, bind II (1964).

Framlegget vart avvist av konstitusjonskomiteen i 1881. Komiteen trudde ikkje at det var mogleg å tvinga fram partideling ved hjelp av ei regelendring, og hadde «derhos ikke bragt i Erfaring, at der i Storthinget har aabenbaret sig nogen Trang til en saadan ydre Ordning».

Statsministerens stol i stortingssalen.Etter 1884 har statsrådane fått lov til å vera med på stortingsmøta. Her sit statsministeren under besøka på Stortinget. © Stortinget / Foto: Lars H. Barstad

Då statsrådane i 1884 fekk høve til å vera med i forhandlingane på Stortinget, vart det avgjort at dei skulle få sitja framom representantplassane. Dette var ein framskoten plass i stortingssalen, men det vart presisert at gjestene skulle sitja på «Stole med Pulte af samme Udstyr som Repræsentanternes». Statsrådane har likevel ikkje høve til å votera.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:30
: