Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar har som hovudoppgåve å fremja og verja menneskerettane i tråd med Grunnlova, menneskerettslova og lovgjevinga elles, internasjonale traktatar og folkeretten elles.

Stortinget vedtok 19. juni 2014 å oppretta ein ny nasjonal institusjon for menneskerettar. Institusjonen er organisatorisk underlagd Stortinget, men er elles ubunden. Lov og instruks for institusjonen vart vedtekne av Stortinget i april 2015.

Den nasjonale institusjonen er leidd av eit styre og ein direktør. Stortinget har valt lagmann Cecilie Østensen Berglund til styreleiar og Knut Vollebæk til nestleiar. Dei andre valde styremedlemene er Gro Dikkanen, Jan E. Helgesen og Anne-Sofie Syvertsen. Direktøren vert oppnemnd av Stortinget på bakgrunn av ei offentleg utlysing av stillinga.

Les søkjarlista på direktørstillinga.

Verksemda til den nasjonale institusjonen er avgrensa i oppstartsfasen.

Kontaktinformasjon er publisert på nettsida til institusjonen.

Oppgåvene til den nasjonale institusjonen

Den nasjonale institusjonen skal bidra til å styrkja gjennomføringa av menneskerettane, særleg ved å:

a) overvaka og rapportera om stoda til menneskerettane i Noreg, og leggja fram tilrådingar som skal sikra at dei menneskerettslege skyldnadene til Noreg vert oppfylte,
b) rådgje Stortinget, regjeringa, Sametinget og andre offentlege organ og private aktørar om gjennomføringa av menneskerettane,
c) informera om menneskerettane, og rettleia enkeltpersonar om nasjonale og internasjonale klageordningar,
d) fremja opplæring, utdanning og forsking på menneskerettane,
e) leggja til rette for samarbeid med relevante offentlege organ og andre aktørar som arbeider med menneskerettane,
f) delta i internasjonalt samarbeid for å fremja og verja menneskerettane.

Den nasjonale institusjonen skal ikkje prøva enkeltsaker om krenkingar av menneskerettar.

Den nasjonale institusjonen skal årleg levera ei melding til Stortinget om verksemda i institusjonen og utviklinga av menneskerettssituasjonen i Noreg.

Les meir i lov om Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar.

Historikk

Kandidatar til nasjonal institusjon for menneskerettar. Stortingets presidentskap inviterte publikum til å føreslå kandidatar til styret i den nye nasjonale institusjonen for menneskerettar. Fristen var 29. mai 2015.

Stortinget handsama lov om nasjonal institusjon for menneskerettar. Stortinget vedtok 19. juni 2014 å oppretta ein ny nasjonal institusjon for menneskerettar. Tysdag 14. april 2015 handsama Stortinget den samrøystes innstillinga frå presidentskapet med framlegg til lov om denne institusjonen.

Høyring om nasjonal institusjon for menneskerettar. 6. januar 2015 heldt presidentskapet høyring om framlegg til lov og instruks om nasjonal institusjon for menneskerettar.

Ny nasjonal institusjon for menneskerettar. 4. mars 2014 fremja stortingspresident Olemic Thommessen eit representantframlegg om å etablera ein ny nasjonal institusjon for menneskerettar organisatorisk underlagd Stortinget.

Sjå òg

Stortingets eksterne kontrollorgan.


Sist oppdatert: 03.09.2015 16:29