Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Gruppetilskot og årsrekneskap for stortingsgruppene

Stortinget løyver kvart år eit tilskot til partigruppene. Tilskotet må nyttast i samsvar med retningslinene, og partigruppene må levera revidert årsrekneskap til Stortinget.

Det årlege tilskotet til gruppene vert i hovudsak nytta til å løna politiske rådgjevarar og sekretærar.

I 2021 gjeld desse satsane: Grunntilskot kr 5 137 961 per år, kr 847 776 per representant. Grupper i opposisjon, det vil seia grupper som ikkje er med i regjering, og har to eller fleire representantar, får i tillegg eit opposisjonstilskot på kr 3 211 227 per år. Grupper med éin representant får ikkje dette tillegget. Støtta vert utbetalt med 1/12 kvar månad.

Retningsliner for bruk av tilskotet

I 2013 vart det vedteke retningsliner for bruk av tildelte midlar for stortingsgruppene og uavhengige representantar. Stortinget reviderte retningslinene i 2020.

Les retningsliner for bruk av tildelte midlar for stortingsgruppene og uavhengige representantar

Sist oppdatert: 26.10.2021 14:30
: