Riksrevisor Per-Kristian Foss. Foto: Stortinget.

Riksrevisor Per-Kristian Foss. Foto: Stortinget.

Eksterne kontrollorgan

Delar av kontrollverksemda til Stortinget er overlatne til eksterne kontrollorgan. Dei er ekspertar på sine fagfelt. Organa er underlagde Stortinget og rapporterer til Stortinget i form av dokument.

Vis som temaark

Riksrevisjonen

Riksrevisjonen er det viktigaste kontrollorganet Stortinget har. Riksrevisjonen held oppsyn med pengebruken i det offentlege. Gjennom rettleiing, revisjon og kontroll passar dei på at statlege midlar og verdiar vert forvalta på ein forsvarleg måte, i tråd med vedtak og føresetnader frå Stortinget. 

Sivilombodet

Sivilombodet ser til at det offentlege handsamar borgarane rettmessig. Ein borgar kan klaga til ombodsmannen dersom han eller ho kjenner seg urettmessig handsama av kommune, fylke eller stat. Sivilombodsmannen har som mål å medverka til at menneskerettane vert respekterte, gjera offentlege styresmakter betre og fremja tilliten til offentleg forvaltning.

Ombodsnemnda for Forsvaret

Ombodsnemnda (tidlegare: «Ombodsmannsnemnda») har til føremål og mandat å fremja og verna om rettane og interessene til personell som gjer eller har gjort teneste i Forsvaret. Nemnda skal òg søkja å medverka til å effektivisera Forsvaret. Nemnda er leidd av forsvarsombodet (tidlegare: «ombodsmannen»).

EOS-utvalet

EOS-utvalet er Stortingets kontrollorgan for «dei hemmelege tenestene». Utvalet fører løpande kontroll med Politiets tryggingsteneste (PST), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Etterretningstenesta. Kontrollen vert utført ved inspeksjonar. Utvalet handsamar dessutan klagar frå einskildpersonar og organisasjonar som meiner at EOS-tenestene har gjort urett mot dei.

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) skal medverka til at Noreg gjennomfører menneskerettane på ein god måte. Det gjer NIM særleg ved å overvaka og rapportera om stoda for menneskerettane i Noreg, og ved å koma med tilrådingar som skal tryggja at dei menneskerettslege pliktene Noreg har vert oppfylte. I tillegg til å vera eit kontrollorgan, skal NIM mellom anna gje råd, informera og fremja opplæring om menneskerettane.

Sjå òg

Regelverk for kontrollorgana på Stortinget.

Om kontrollverksemda.


Sist oppdatert: 24.11.2021 14:59