Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Parlamentarismens historie

Parlamentarismen er eit styresett som gir parlamentet (Stortinget) kontroll over den utøvande makta (regjeringa). Dersom eit fleirtal i Stortinget vedtek at dei ikkje lenger har tillit til regjeringa, må ho gå av.

Vis som temaark

Parlamentarismen har vore praktisert i Noreg sidan 1890-åra, men først 20. februar 2007 blei parlamentarismen skriven inn i Grunnlova.

Les om parlamentarismen i dag.

Johan Sverdrup, «parlamentarismens far». Foto: Stortinget.

Maktfordelingsprinsippet og Grunnlova

Før 1814 var all politisk makt samla hos den eineveldige danske kongen. Grunnlova innførte eit folkestyre med ei valt nasjonalforsamling, representantane for folket.
 
Noreg fekk eit nytt system basert på maktfordelingsprinsippet. Makta skulle delast mellom:

  • lovgivande, løyvande og kontrollerande makt (Stortinget – dei folkevalde)
  • utøvande (Kongen og regjeringa)
  • dømmande (domstolane)

Systemet skulle sikre ein balanse der maktorgana var uavhengige av kvarandre og kunne kontrollere kvarandre. (Eksempel: Stortinget gir lov, men domstolen dømmer i dei enkelte sakene). Maktfordelinga skulle redusere faren for maktmisbruk og maktkonsentrasjon. 

Maktkamp mellom Stortinget og Kongen

I åra etter 1814 utvikla det seg ein maktkamp mellom Kongen og Stortinget. (Vi skal hugse at Noreg på denne tida var under ein svensk konge.)
 
Kongen kunne leggje ned utsetjande veto mot lovvedtaka i Stortinget. Stortinget på si side bestemde nivået på skattar og avgifter og løyvingane over statsbudsjettet. Utan pengar frå Stortinget var det lite kongen kunne gjennomføre.
 
Kongen valde sjølv medlemmene av den norske regjeringa utan omsyn til samansetjinga av Stortinget. Regjeringsmedlemmene hadde ikkje rett til å møte i Stortinget. Det innebar at dei unngjekk debatt og kritikk frå stortingsrepresentantane.

Riksrettsaka og parlamentarismen i 1884

Etter ein lang strid om regjeringsmedlemmene skulle møte i Stortinget, blei saka endeleg avgjord i 1884. Stortinget hadde tre gonger vedteke ei grunnlovsendring som gav regjeringsmedlemmene tilgang til Stortinget. Tre gonger hadde Kongen lagt ned veto. Stortinget kunne ikkje gjere noko med Kongen, men stilte regjeringa for riksrett for å ha nekta å setje i verk eit stortingsvedtak. Regjeringa Selmer blei frådømd embeta sine. Kongen blei tvinga til å utnemne opposisjonsleiar Johan Sverdrup frå Venstre til statsminister i ei regjering med støtte frå fleirtalet i Stortinget. 

Varierande praksis

Tradisjonelt har 1884 vore rekna som gjennombrotsåret for parlamentarismen i Noreg. Samtidig var det i åra etter 1884 fleire tilfelle der regjeringar blei sitjande trass manglande støtte i Stortinget. Johan Sverdrup, «far til parlamentarismen», såg ingen grunn til å gå av etter at han ganske raskt mista fleirtalet bak regjeringa si. Både i 1893 og i 1894 blei regjeringa Stang (Høgre) sitjande trass i at mistillitsforslag fekk fleirtal. Samtidig var Emil Stang den første statsministeren som gjekk av etter å ha tapt eit kabinettsspørsmål i 1891.

Les om Johan Sverdrup – «parlamentarismens far».
 
I 1903 får vi det første eksemplet på at ei regjering går av etter eit valnederlag (Otto Blehr, Venstre). Høgre godtok parlamentarismen først etter 1905.

Regjeringa Hornsrud 1928

I 1928 tok Arbeidarpartiet for første gong over regjeringsmakta. Dei borgarlege partia samla seg og fekk vedteke eit mistillitsforslag. Statsminister Christoffer Hornsrud tok konsekvensen av det og gjekk av etter berre 18 dagar som statsminister. Det var første gong ei regjering blei felt av eit mistillitsvotum.

I 1963 måtte regjeringa Gerhardsen gå av etter å ha fått eit mistillitsforslag mot seg som ein følgje av Kings Bay-saka. På biletet er John Lyng (Høyre), som tok over som statsminister, på veg mot Stortingets talarstol; Gerhardsen er på veg vekk. Lyng-regjeringa satt i 28 dagar. Foto: NTB scanpix.

Kings Bay 1963

I kjølvatnet av ei gruveulykke på Svalbard fremma dei borgarlege partia eit mistillitsforslag mot regjeringa Gerhardsen (Arbeidarpartiet). Dette forslaget fekk fleirtal då dei to representantane frå Sosialistisk Folkeparti stemde for. Gerhardsen måtte gå av. Det er det siste eksemplet vi har på at ei regjering har fått eit mistillitsvotum mot seg i Stortinget. Det har opp gjennom åra vore fremma ei rekkje mistillitsforslag i Stortinget utan at nokon har fått fleirtal sidan 1963.

Tapte kabinettsspørsmål

Som eit maktmiddel overfor Stortinget kan ei regjering true med å gå av for å få gjennom viljen sin. Det kan vere eit usikkert verkemiddel. Tapte kabinettsspørsmål er ei av dei vanlegaste årsakene til at regjeringar har gått av i Noreg. Grunnen til at dei faktisk kan verke, er at opposisjonen ikkje alltid ønskjer å ta over regjeringsmakta. 

Valnederlag

Ved sida av tapte kabinettsspørsmål har valnederlag vore den vanlegaste årsaka til regjeringsskifte i Noreg. 

I staden for å sitje og vente på eit mistillitsvotum frå eit nytt fleirtal etter eit val har det blitt praksis at regjeringa i slike tilfelle søkjer om avskjed etter å ha lagt fram forslaget sitt til statsbudsjett.


Sist oppdatert: 05.10.2018 13:54