Referat frå lukka møte
Møta i Stortinget er vanlegvis opne, men i enkelte tilfelle kan Stortinget avgjera at heile eller delar av eit møte skal haldast for lukka dører.
et vert skrive stenografiske referat frå dei lukka møta. Referata vert haldne hemmelege til dei vert avgraderte.
Saker om avgradering av hemmeleg materiale vert handsama av eit utvalg der stortingsarkivaren er sekretær.
Referata frå dei hemmelege møta og tilhøyrande dokument skal avgraderast etter eit eige reglement. Etter 30 år vurderer stortingsarkivet avgradering av hemmeleg materiale. Departementet som har handsama sakene det gjeld, vert kontakta for å stadfesta at dei går med på å avgradera dokumenta. Når det vert vedteke at ei sak skal avgraderast, vert referata frå handsaminga gjorde tilgjengelege.
Oversyn over avgraderte dokumenter.
Det kan òg søkjast om innsyn i saker som ikkje er avgraderte enno. I slike tilfelle skriv utvalet ei tilråding som deretter vert handsama av presidentskapet på Stortinget.