Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Om stortingsforhandlingar

Alle offisielle publikasjonar frå regjeringa og Stortinget vert samla i Stortingsforhandlingar. Stortingsforhandlingar dokumenterer den konstitusjonelle verksemda i Stortinget.

Skinninnbundne utgåver av Stortingsforhandlingar.

Publikasjonane i Stortingsforhandlingar er tilgjengelege på stortinget.no i tillegg til den trykte utgåva.

Publikasjonar frå 1998 til i dag finn du under Saker og publikasjonar eller ved å søkja i det raude søkjefeltet opp i høgre hyrnet på alle sider på nettstaden.

Stortingsforhandlingar 1814–2001 har eit eige søkjefelt på eiga side. Her søkjer ein i hovudregister, som lenkjer deg vidare til saker/publikasjonar.

Stortingsforhandlingar 1814–2001 er òg tilgjengelege frå søkjetenesta til Nasjonalbiblioteket.

Dei trykte Stortingsforhandlingar er i dag inndelte i sju delar.

Publikasjonar frå regjeringa:

  • del 1: Proposisjon 1 til Stortinget (statsbudsjettet og fagproposisjonane)
  • del 2: Proposisjon 2 til Stortinget og proposisjonane som fylgjer
  • del 3: Meldingar til Stortinget

Publikasjonar frå Stortinget:

  • del 4: Dokumentserien
  • del 5: Innstillingar, lovvedtak og lovmerknader
  • del 6: Stortingstidende (referat frå Stortinget)
  • del 7: Saksregister og talarregister

Stortingsforhandlingar før 1. oktober 2009

Inndelinga av Stortingsforhandlingar vart endra som ei fylgje av endra lovhandsaming frå 1. oktober 2009. Dei trykte Stortingsforhandlingar var tidlegare inndelte i desse ni delane:

Publikasjonar frå regjeringa:

  • del 1: Stortingsproposisjon nr. 1 (statsbudsjett og fagproposisjonane)
  • del 2: Stortingsproposisjon 2 og dei stortingsproposisjonane som fylgjer
  • del 3: Stortingsmeldingar
  • del 4: Odelstingsproposisjonar og odelstingsmeldingar

Publikasjonar frå Stortinget:

  • del 5: Dokumentserien
  • del 6: Innstillingar og beslutningar
  • del 7: Stortingstidende (referat frå Stortinget)
  • del 8: Odelstingstidende (referat frå Odelstinget), lagtingstidende (referat frå Lagtinget) og lover
  • del 9: Saksregister og talarregister

Redusert utgjeving frå 1814 til 1842

Frå det fyrste omframme storting i 1814 til det tiande omframme storting i 1841 vart Stortingsforhandlingar utgjevne i ettertid, og i ei sterkt redigert form basert på protokollar og dokument i stortingsarkivet. Berre dei viktigaste dokumenta vart tekne med, medan ei stor mengd dokument berre vart refererte med forfattar og saksinnhald.

Stenografiske referat frå 1857

Det finst ikkje noko referat frå Stortingets talarstol i Stortingsforhandlingar mellom 1814 og 1888. Men frå og med 1857 vart det gjeve ut stenografiske referat frå møta i Stortinget under namnet Stortingstidende. I åra før 1857 vart ein del viktige saker refererte i hovudstadsavisene. I ettertid vart det gjort forsøk på å stilla saman Stortingsforhandlingar og pressereferat, for å få eit meir fullstendig bilete av det som hende. Desse samanstillingane er utgjevne i serien Storthings-Efterretninger for tidsrommet 1814–1854.

Systematisk trykking frå 1845

Ordninga med systematisk trykking av alle stortingsdokumenta i ei einsarta form byrja i 1845. Frå 1888 vart Stortingstidende tekne inn som 7. og 8. del av serien Stortingsforhandlingar. Dermed hadde Stortingsforhandlingar fått den forma dei har i dag.

 

Korleis visa til Stortingsforhandlingar

Vi har laga ein tilrådd standard for korleis forskarar og andre bør referera til Stortingsforhandlingar i eigne publikasjonar.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:43
: