Om publikasjonar frå regjeringa

Regjeringa sender over framlegga sine til Stortinget i form av proposisjonar og meldingar. Publikasjonane er laga av departementa og proposisjonane er utforma som tilrådingar om kva avgjerder Stortinget bør ta. Meldingane og proposisjonane vert fyrst lagde fram i statsråd og deretter sende til Stortinget.

I Stortinget vert publikasjonane frå regjeringa lagde fram i eit møte (referert) og derfrå sedne vidare til ein komité. Om lag 2/3 va sakene som Stortinget har føre har grunnlag i publikasjonar frå regjeringa.

Melding til Stortinget

Regjeringa brukar melding til Stortinget når ho vil presentera saker for Stortinget utan framlegg til vedtak. Meldingane er ein rapport til Stortinget om arbeid som er gjort på eit spesielt felt, eller drøfting av framtidig politikk. Meldingane, og førehavinga av dei i Stortinget, dannar ofte grunnlag for ein seinare proposisjon. Melding til Stortinget vert òg nytta når regjeringa vil trekkja attende eit lovframlegg. 

Proposisjon til Stortinget

Regjeringa brukar proposisjon til Stortinget når ho bed Stortinget om å gjera særskilde vedtak. Det finst tre ulike slag proposisjonar:

  • Proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak) som inneheld konkrete framlegg til vedtak som gjeld alminnelege saker og budsjettsaker.
  • Proposisjon til Stortinget (lovvedtak) som inneheld konkrete framlegg til vedtak som gjeld lovsaker.
  • Proposisjon til Stortinget (lovvedtak og stortingsvedtak) som inneheld konkrete framlegg til vedtak som gjeld lovsaker (lovvedtak), alminnelege saker og budsjettsaker (stortingsvedtak).

Sist oppdatert: 24.10.2018 14:54