Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Om lovvedtak

Eit lovvedtak er lovteksten slik han er vedteken etter fyrste gongs handsaming i stortingssalen.

Bakgrunnen for ei lovsak er vanlegvis ein proposisjon til Stortinget frå regjeringa, men òg representantane i Stortinget kan fremja lovframlegg.

Når ei lovsak er handsama i Stortinget, vert det skrive eit lovvedtak. Lovvedtaket gjev att alle endringane i lova som er gjorde under lovhandsaminga.

Lovframlegga vert fyrst sende til ein fagkomité som deretter kjem med ei innstilling til Stortinget om lovvedtaket. Dernest handsamar Stortinget innstillinga frå komiteen fyrste gong, og skriv eit lovvedtak. Lovvedtaket vert så handsama i Stortinget for andre gong. Dersom lovvedtaket ikkje vert akseptert ved andre gongs handsaming, skriv Stortinget ein lovmerknad som deretter må handsamast av Stortinget ein tredje gong. Dette er særs sjeldsynt. Til vanleg får lovvedtaket tilslutnad ved andre gongs handsaming, og vedtaket etter andre gongs lovhandsaming kan då finnast i referatet frå møtet.

1. oktober 2009 vart handsamingsprosessen for lover endra og ordninga med inndeling i Odelsting og Lagting vart avskipa. Lovvedtak heitte i den tidlegare ordninga Odelstingsbeslutning (besl. O) og lovmerknad heitte Lagtingsbeslutning (besl. L).

Innhaldet i eit lovvedtak

Eit lovvedtak er vanlegvis delt inn i fleire delar med eitt romartal for kvar del. Fleire lover kan endrast i eitt lovvedtak. I kvar romartalsdel vert den fullstendige ordlyden skriven i nye eller endra paragrafar for den gjeldande lova som skal endrast. Det kjem òg fram kva for nokre paragrafar som eventuelt skal fjernast. Den siste romartalsdelen fortel når lova skal gjelda frå (ikrafttreding).

Utdrag av tekst frå eit lovvedtak:

  1. I lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter gjøres følgende endringer:
    § 2-1 andre ledd skal lyde: …
  2. I lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m. gjøres følgende endringer:
    § 3-1 andre ledd skal lyde: …
  3. Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan sette i kraft de enkelte bestemmelsene til forskjellig tid.

Sanksjonering

Ei ny eller endra lov vert sanksjonert (underskriven av kongen og statsministeren) i statsråd. Kva for nokre lover som er sanksjonerte kjem fram av Offisielt frå statsråd.

Ikrafttreding av ei ny lov eller lovendring

Ei lov kan gjelda (tre i kraft) frå:

  1. Den dagen lova vart sanksjonert («Lova trer i kraft straks»).
  2. Ein månad etter kunngjering i Norsk Lovtidend (når ikkje anna er nemnt i lovvedtaket).
  3. Ein dato som er fastsett i lovvedtaket.
  4. Ein dato som er fastsett i statsråd. («Lova gjeld frå den tid Kongen fastset»)

Det kan vera ulike datoar for ikrafttreding for ulike paragrafar i lova. Vedtak i statsråd om når ei ny lov eller lovendring skal gjelda frå, kjem fram av Offisielt frå statsråd. Ikrafttreding av lover eller endringar av lover vert kunngjort i Norsk Lovtidend.

Grunnlovsendringar

Grunnlovsendringar vert vedtekne i Stortinget etter berre éin gongs handsaming. Endringane trer i kraft straks om ikkje noko anna er fastsett, og vert ikkje sanksjonerte i statsråd.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:43
: