Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Om innstillingar

Når ein komité har sluttført arbeidet sitt med ei sak, kjem komiteen med ei innstilling. Innstillinga vert deretter handsama i Stortinget. Gjennom innstillinga markerer partia dei politiske standpunkta sine, og fremjar framlegg til vedtak.

Komiteen skriv ei innstilling til Stortinget. Om saka gjeld lovendringar heiter ho Innstilling til Stortinget (lovvedtak), kortnemninga er «Innst. X L». Innstillingar om andre saker enn lovsaker (alminnelege saker og budsjettsaker) heiter Innstilling til Stortinget, kortnemninga er «Innst X S».

Ei innstilling har i regelen desse hovuddelane:

  • Samandrag
  • Merknader frå komiteen
  • Framlegg frå mindretal
  • Tilråding frå komiteen

Samandrag

Samandraget er ei oppsummering av innhaldet i dokumentet som er grunnlag for saka (ofte kalla kjeldedokument). Det tyder at dersom kjeldedokumentet i saka er ein proposisjon frå regjeringa, vert innstillinga innleidd med eit samandrag av innhaldet i proposisjonen. 

I somme tilfelle har saka ingen kjeldedokument og innstillinga er fyrste dokumentet i saka. Dette gjeld mellom anna saker som kontroll- og konstitusjonskomiteen har teke opp på eige initiativ og innstillingar frå valkomiteen.

Merknader frå komiteen

Synsmåtar på sakene som vert handsama vert skrivne som merknader i innstillinga. Ikkje alle merknader dannar grunnlag for framlegg til vedtak, men dei er likevel viktige politiske signal til regjeringa og ålmenta.

Under tingingane i komiteen vert det danna fleirtal og mindretal ved usemje. Somme tider er det òg såkalla «vekslande fleirtal», då er fleirtalet sett saman av ulike parti avhengig av kva for nokre delar av saka det gjeld. I merknadene kjem det fram om det er eit fleirtal eller eit mindretal som står bak merknaden, og kva for nokre parti som er med i dei ulike konstellasjonane.

Døme frå ei innstilling:

«Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Senterpartiet, meiner at …»
«Medlemen frå Senterpartiet viser til at …»

Framlegg frå mindretal

I innstillinga vert framlegg som det vert votert over etter debatten i salen presenterte. Dei framlegga som er stødde av eit mindretal i komiteen, kan ein finna i den delen av innstillinga som inneheld framlegg frå mindretal. Mindretalsframlegga får til vanleg ikkje støtte i voteringa, men dei kan vera viktige signal frå opposisjonen om politiske standpunkt i einskildsaker.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen er dei framlegga som eit fleirtal i komiteen stør. Vedtaka som vert gjorde i salen samsvarar i regelen med framlegga i tilrådinga frå komiteen, men fleirtalet i komiteen er ikkje støtt det same som fleirtalet i eit samla storting. Komiteen har då såkalla «omvendt fleirtal».

I visse saker kan òg representantane verta fristilte. I slike tilfelle samsvarar ikkje vedtaka i salen utan vidare med tilrådinga frå komiteen, resultatet er avhengig av korleis kvar einskild representant røystar. Difor er det viktig å alltid sjekka resultatet av handsaminga i Stortinget, ikkje berre fleirtalsframlegga i innstillinga, skal ein vita kva som er vedteke.

Lause framlegg

Dei minste partia har ikkje representantar i alle komiteane. Dei får ikkje merknadene og framlegga sine med i innstillingane frå komiteane dei ikkje har medlemer i. Før debatten i salen startar kan partia difor levera inn såkalla «lause framlegg». Dei lause framlegga vert voterte over i salen på lik line med framlegga frå innstillinga.

Mindretalsframlegg og lause framlegg som vert fremja i ei sak, vert nummererte fortløpande, og i referatet frå debatten vert resultata frå voteringa viste over kvart einskilt av desse framlegga.

Oversikt over innstillingane

Sist oppdatert: 09.08.2023 14:51

Finn innstillingar

: