Videokonferansehøyring om rusreform (Prop. 92 L (2020–2021))

Justiskomiteen er med på høyringa i helse- og omsorgskomiteen om rusreforma 16. mars.

Den vert halde sams høyring for proposisjonen om rusreform og to representantframlegg. Søknadsfristen gjekk ut 9. mars kl. 23.59.

Til høyringa.

Helse- og omsorgskomiteen handsamar Prop. 92 L (2020–2021) Endringer i helse- og omsorgstjenesteloven og straffeloven m.m. (rusreform - opphevelse av straffansvar m.m.), og skal leggja fram utkast til innstilling for justiskomiteen som skal uttala seg om saka før innstillinga vert levert. Helse- og omsorgskomiteen har difor invitert medlemene i justiskomiteen til å vera med på ei sams videokonferansehøyring i denne saka.


Sist oppdatert: 10.03.2021 08:53