Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Svetlana Tikhanovskaja talte til PACE

Det var under Europarådets parlamentarikarforsamlings (PACE) møte i Den Politiske Komité, tirsdag 8. september, at den tidlegare kviterussiske presidentkandidaten møtte medlemmar av parlamentarikarforsamlinga.

Svetlana Tikhanovskaja. Foto: Serge Serebro/Vitebsk Popular News.

Svetlana Tikhanovskaja. Foto: Serge Serebro/Vitebsk Popular News.

Svetlana Tikhanovskaja, som er i eksil i Litauen, talte til medlemmane av Den Politiske Komité via videolink. Ho orienterte komiteen om status for opposisjonen, dei fredelege demonstrasjonane og kravet om dialog med regime, og beklaga sterkt at desse blei møtt med omfattande bruk av vald, bortføring av sentrale representantar for opposisjonen, og ulovleg fengsling.

I samtalen med komitémedlemmene la ho også vekt på betydinga av den internasjonale støtta opposisjonen har fått frå både andre land og internasjonale organisasjonar. Tikhanovskaja understreka at internasjonale organisasjonar kan spele ei særleg rolle når det gjeld å fremme, og legge til rette for dialog mellom opposisjonen og det sittande regimet.

Ingjerd Schou (H), leiar for den norske delegasjonen deltok i møtet og uttrykte sterk støtte til opposisjonen, og til kravet om demokratisering og folkets rett til reelle frie og demokratiske val. Samstundes fordømte ho den brutale valden som styresmaktene har møtt demonstrantane med. Schou var også tydeleg på at ho gjerne såg Kviterussland som medlem av Europarådet.

― Europarådet med sin omfattande kompetanse på menneskerettar, demokratisering og rettsstat, kan være ein sterk bidragsytar til demokratiseringsprosessen i landet, sa Schou.

Sjå også artiklar på PACEs nettsider for ytterlegare informasjon om møtet.

Kviterussland søkte medlemskap i Europarådet i 1993, og fikk ein særleg gjestestatus i organisasjonen for å fasilitere landets veg mot fullt medlemskap. Denne blei imidlertid suspendert i 1997. Europarådet og PACE har likevel oppretthalde ein aktiv dialog med både styresmakter, parlamentarikarar og sivilt samfunn i landet.

Stortingets delegasjon til Europarådets Parlamentarikarforsamling

Sist oppdatert: 14.09.2020 12:49
: