Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

PACE møtes til vårsesjon

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) møtes i Strasbourg 8.–12. april. Det er krevande tider for organisasjonen.

FNs bærekraftsmål, seksuell trakassering, hatefulle ytringar, flyktningsituasjonen i Hellas, sosiale media og menneskerettar, er nokon av dei mange sakene Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling PACE skal diskutere neste veke.

Leder for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling, Ingjerd Schou. Foto: Stortinget.

Leder for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling, Ingjerd Schou. Foto: Stortinget.

– Dette er saker som går rett i kjerna av Europarådets verdiar, det organisasjonen skal jobbe med, og har jobba for i 70 år. Dei syner at til tross for eit godt menneskerettsvern i Europa, så må ein framleis verne om desse grunnleggande verdiane. Dette er særleg viktig i dag då vi opplever at det multilaterale samarbeidet om menneskerettar, demokrati- og rettsstatsutvikling er under press, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Saman med Lise Christoffersen (A), Morten Wold (FrP), Vetle Wang Soleim (H), Jette Christensen (A), Silje Hjemdal (FrP) og Petter Eide (SV) er ho til stades på neste vekes sesjonen og vil delta i debattar og stemme over ei rekke resolusjonar.

Sjå dagsorden for aprilsesjonen.

Vanskeleg tid for Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Til tross for dei mange viktige tema som blir tatt opp under sesjonen, står Europarådet i si vanskelegaste krise sidan det blei oppretta i mai 1949. Gjennom 70 år har Europarådet vært ein viktig arena for paneuropeisk dialog mellom 47 medlemsland. Dette er i ferd med å slå sprekker som følgje av det vanskelege forholdet til Russland. Russlandsspørsmålet setter sitt preg på det meste av arbeidet i parlamentarikarforsamlinga, sjølv om det formelt ikkje står på sesjonens plenumsagenda denne gangen.

Russland har ikkje deltatt i arbeidet i parlamentarikarforsamlinga etter at dei mista stemmeretten i 2014 som følgje av anneksjonen av Krim og sin støtte til separatistgrupper i den austlege delen av Ukraina, Donbass. Dei har heller ikkje betalt sin medlemskontingent sidan 2017, og det er ei fare for at Russland, dersom dei ikkje betaler i løpet av juni, må tre ut av Europarådet. Dette vil være kritisk for dei meir enn 140 millionar innbyggarane i Russland, som dermed vil miste retten til å fremme saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Det pågår eit arbeid for å finne ei løysing på situasjonen, men det er eit krevjande og vanskeleg spørsmål med mange ulike perspektiv.

Russlands manglande betaling av medlemskontingent utgjer eit stort inngrep i Europarådets budsjett. Det er derfor foreslått å ha ein eigen hastedebatt i løpet av sesjonen for å diskuterer budsjettsituasjonen og handteringa av denne.

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettighetene, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Til saman representerer dei 800 millionar europearar. Forsamlinga har en rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og overvakar i kva grad dei nye medlemslanda respekterer sin medlemskapsforpliktingar.

Sist oppdatert: 08.04.2019 12:21
: