Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Plenumsmøte i Europaparlamentet

Europaparlamentet har hatt plenumsmøte i Brussel denne veka. Mellom anna var det debatt om oppheving av patentrettar for covid-vaksiner og om migrasjonssituasjonen i Middelhavet. Det vart gjort vedtak om å fryse godkjenningsprosedyren for investeringsavtalen med Kina og utdanningsprogrammet Erasmus+ og kulturprogrammet Kreativt Europa vart formelt godkjent. Parlamentet meiner Kommisjonen og medlemslanda reagerer for seint og for lite på interessekonfliktane knytt til den tsjekkiske statsministerens private eigarinteresser. Torsdag oppnådde medlemslanda og Europaparlamentet semje om utforminga av covid-sertifikat som skal lette reiser mellom landa i EU.

På grunn av pandemien kunne Europaparlamentet heller ikkje denne gongen samlast i  Strasbourg, men det er nå lagt opp til at parlamentet i juni skal møtast der for fyrste gong sidan februar 2020. Det vil likevel vere ein redusert sesjon i juni der det stadig er mogleg for parlamentarikarar å delta digitalt og der få tilsette i administrasjonen reiser. Både lokale styresmakter i Strasbourg og den franske regjeringa har pressa på for at Europaparlamentet må komme tilbake til byen.

Under opninga 17. mai, la parlamentspresident David Sassoli, vekt på at dette var den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi. LHBTI-folk i Europa møter stadig hindringar og blir utsette for vald. Han oppmoda alle til å slutte opp om felles EU-verdiar, kjempe mot diskriminering og sikre rettane til LHBTI-folk.

Ulike syn på endring i opphavsrettar for covid-19-vaksiner
Det var svært ulike syn i ein debatt om oppheving av patentrettar og andre immaterielle rettar for covid-19-vaksiner. Den portugisiske EU-ministeren og visepresident i Europakommisjonen med ansvar for handel, Valdis Dombrovskis understreka at alle deler målsetninga om å auke produksjon og distribusjon av vaksiner globalt. EU har bidrege både med støtte til forsking og støtte til industrien til å sikre auka produksjonen og 50 prosent av vaksinane som er produsert i EU er eksportert. EU har dessutan gjeve vesentleg støtte til Covax. Det sentrale framover er å auke produksjonen ytterlegare og sikre at rimelege vaksinar blir distribuert globalt. Det er også viktig å sikre at både vaksiner og innsatsfaktorar kan eksporterast fritt i den globale markanden. Endring i patentrettane vil ikkje gje auka produksjon før på lengre sikt. EUs utgangspunkt er å fokusere på fleksibiliteten som alt ligg inne i Trips-avtalen i Verdas handelsorganisasjon (WTO), men er villig til å drøfta tidsavgrensa og målretta oppheving av patentrettar dersom det kan bidra til målet om at fleire kan bli vaksinert raskare. USA har ennå ikkje konkretisert sitt initiativ, men det ser ut til at det er ulikt framlegget India og Sør-Afrika har kome med tidlegare. EU vil også kome med framlegg i WTO som mellom anna skal bidra til å fremje handel, avgrense bruken av eksportrestriksjonar og auke produksjonen, sa han.

Blant medlemmane i Europaparlamentet var det svært ulike syn i debatten. Ein del meinte oppheving av patentrettar burde skjedd for lengje sidan og vil være eit viktig bidrag til å sikre raskare vaksiner til alle globalt. Andre la vekt på at det vil hindre innovasjon på sikt og at ein viktig årsak til sakte vaksinering i mange land er at land som USA og Storbritannia ikkje har latt noko av sin vaksineproduksjon bli eksportert. Oppheving av patentrettar vil ikkje hjelpe på dette. Sjølv om ein gjennomgang av patentrettar kan vere nyttig med tanke på framtidige krisesituasjonar, er det på kort sikt andre tiltak som vil vere meir målretta og effektive. Europaparlamentet vil røyste over ein resolusjon om spørsmålet i juni. Spørsmålet om patentrettar for covid-19-vaksine kom også opp i ein resolusjon om opptrapping av kampen mot AIDS. Parlamentet ga her samtykke til eit endringsforslag som tek til orde for å støtte initiativet frå India og Sør-Afrika i WTO.

Utanrikshandelskomiteen i Europaparlamentet drøfta vidare patentrettar med generaldirektøren i Verdas Handelsorganisasjon, Ngozi Okonjo-Iweala. Ho sa oppheving av patentrettar ikkje aleine vil sikre fleire vaksiner. Det er også nødvendig å redusere eksportrestriksjonar, styrke forsyningskjedene, samarbeide med produsentane om auka produksjonskapasitet og sikre teknologi- og kompetanseoverføring.

Semje om EUs covid-19-sertifikat
Europaparlamentet og Rådet vart torsdag kveld samde om utforminga av eit såkalla covid-19-sertifikat. Dette skal gjere det lettare å reise mellom landa i EU og bidra til raskare normalisering. Kommisjonen har lagt vekt på at sertifikatet skal trå i kraft alt i juni og det var derfor stort press om å oppnå semje denne veka. Sertifikatet skal dokumentere at ein person er vaksinert, nylege har testa negativet eller er frisk etter covid-19. I pressemelding frå Europaparlamentet er det vist til at det i praksis blir tre ulike sertifikat og at felles format skal sikre gjensidig godkjenning mellom EU-landa. Europaparlamentet har spesielt vore opptatt av at testing må vere rimeleg og fekk gjennomslag for at det skulle settast av 100 millionar euro frå forsyningssikkerheitsmekanismen (Emergency Support Instrument) til å kjøpe testar. Medlemslanda skal ikkje ha krav om karantene eller tilleggstestar med mindre dette er nødvendig og proporsjonalt. Slike tilleggskrav må notifiserast til dei andre medlemslanda og Kommisjonen 48 timer på førehand. Det vil vere opp til kvart medlemsland å godta andre vaksiner enn dei som er godkjent av det europeiske legemiddelkontoret. Det er også semje om krava til personvern og datalagring i samband med sertifikatet. Onsdag vedtok elles medlemslanda å lette innreise for vaksinerte frå tredjeland, men med høve til raskt å innføre restriksjonar frå land med nye variantar.

Migrasjon i Middelhavet, menneskerettar og arbeidsinnvandring
Europaparlamentet drøfta ein auke i talet på drukna migrantar og situasjonen for leiteoperasjonar i Middelhavet med kommissær Ylva Johansson. Debatten kom i kjølvatnet av rapportar om ein auke i talet på migrantar som druknar i Middelhavet, men også at 6000 flyktningar i helga tok seg inn i den spanske enklaven Ceuta som ligg inne i Marokko. Nesten alle desse vart returnert til Marokko i løpet av kort tid. Både Johansson og rådspresident Charles Michel har sagt at grensene til Ceuta er EUs yttergrenser og at EU vil støtte Spania. Dei oppmoda Marokko om å bidra til å hindre irregulære grensekryssingar.

I ein eigen debatt drøfta Europarlamentet tilhøvet mellom menneskerettar og migrasjon til EU. Med relativt knapt fleirtal vedtok Parlamentet ein rapport med tilrådingar knytt til dette. Mellom anna tek rapporten til orde for å formalisere avtaler med tredjeland om retur og høve til ein uavhengig og tilgjengelege klagemekanisme.

Det var også ein debatt om arbeidsinnvandring frå tredjeland etter at Europaparlamentet og Rådet vart samde om endringar i den såkalla blå kort-ordninga. Målet er å gjere det lettare for høgt kvalifisert arbeidskraft å kome til EU. Semja omfattar både at enten ei arbeidskontrakt eller eit bindande tilbod om jobb kan gje grunnlag for innreise. Samstundes blir terskelverdien for lønn senka og det blir forenklingar i reglane for intern mobilitet i EU og familiegjenforeining. Semja må nå formelt vedtakast av Rådet og Parlamentet. Noreg er ikkje med i EUs blå kort-ordning. Parlamentet vedtok også ein rapport som drøftar legal arbeidsinnvandring generelt. Parlamentet meiner mellom anna tilrettelegging for dette kan redusere straumen av uregulert innvandring og fjerne grunnlaget for menneskesmugling og trafficking. Rapporten peiker også på at mangel på arbeidskraft og ein aldrande befolkning, medfører behov for arbeidsinnvandring framover.

Rapport om tilhøvet til Tyrkia
Med 480 mot 64 røyster og 150 som var fråhaldande, vedtok Europaparlamentet ein rapport om tilhøvet til Tyrkia. Den viser til at rettsstatsprinsipp og grunnleggjande rettar stadig blir svekka og at Tyrkia fører ein konfronterande og fiendtleg utanrikspolitikk. Dersom ikkje utviklinga i Tyrkia snur, bør Kommisjonen formelt suspendere medlemskapsforhandlingane meiner parlamentarikarane. Rapporten tek også til orde for at Tyrkia må anerkjenne folkemordet på armenarane.

Konflikten i Israel og Palestina
Europaparlamentet drøfta konflikten i Israel og Palestina med den portugisiske utanriksministeren tysdag. Parlamentarikarane uttrykte stor uro over opptrappinga i valden og bad om umiddelbar våpenkvile. Dei understreka behovet for forhandlingar basert på målet om ei tostatsløysing. Dei tok også avstand frå oppblomstring av antisemittisme i Europa i kjølvatnet av den aktuelle situasjonen. Også EUs utanriksministrar drøfta konflikten denne veka, men kom ikkje fram til semje om ei felles fråsegn som oppmodar om våpenkvile. EUs høgrepresentant for utanrikssaker Josep Borrell la ikkje skjul på at det var Ungarn som blokkerte for dette da han møtte pressen etter videokonferansen 18. mai.

Frys av godkjenninga av investeringsavtalen med Kina
Europaparlamentet drøfta status for godkjenninga av investeringsavtalen mellom EU og Kina som vart inngått før jul. I ein resolusjon tok eit stort fleirtal il orde for formelt å fryse godkjenningsprosessen av avtalen etter at Kina har innført sanksjonar mot ei rekke europaparlamentarikarar og andre i EU tidlegare i år. Europaparlamentet meiner desse sanksjonane er grunnlause og vilkårlege.

Formelle vedtak av program og fondet for rettferdig omstilling
EP gjorde formelt vedtak av ytterlegare program. Dette omfatta Erasmus+ og Kreativt Europa, men Europaparlamentet gjorde også formelt vedtak av fondet for rettferdig omstilling som var del av semja om EUs langtidsbudsjett 2021-2027.

Strengare miljøansvar for selskap
Europaparlamentet vil ha strengare krav til miljøansvar for selskap. I ein rapport krev Parlamentarikarane at krava både i miljøansvarsdirektivet og miljøkriminalitetsdirektivet må styrkast i samband med den varsla revisjonen av direktiva. Det omfattar mellom anna fullharmoniserte krav i heile EU, tilpassing til måla i Paris-avtalen og å inkludere fleire typar miljøkriminalitet.

Interessekonfliktar for den tsjekkiske statsministeren
Europaparlamenter er uroa for interessekonflikter knytt til dei private eigarinteressene den tsjekkiske statsministeren, Andrej Babiš, har mellom anna i landbruksproduksjonen og næringsmiddelindustri. Sjølv etter endringar i eigarstrukturen meiner Parlamentet at han stadig kontrollerer konglomeratet Agrofert. Ein revisjonsrapport frå Kommisjonen har vist til at Babiš har hatt påverknad på tildeling av tilskott til selskapet. Både Kommisjonen og det portugisiske EU-formannskapet understreka i debatten at det er viktig å sikre at EU-pengar ikkje blir misbrukt. Kommisjonen ventar nå på kva åtgjerder tsjekkiske styresmakter vil foreslå etter tidlegare rapportar. Samstundes pågår det revisjon av utbetalt landbruksstøtte.

Parlamentarikarane viste til at dei heilt sidan 2018 har stilt spørsmål om rolleblanding i Tsjekkia og dei fleste var samde om at det nå er godt dokumentert at det er ei klar interessekonflikt. Det er alvorleg at det ikkje er betre og raskare prosedyrar for gransking og tiltak knytt til dette. Både Kommisjonen og medlemslanda må nå reagere. Det handlar om bruken av felles midlar, men også om verdiar og tillit i EU. Det er ekstra alvorleg at Babiš har kome med fråsegner som reiser spørsmål om integriteten til Kommisjonens revisjon. Babiš’ parti er med i den liberale gruppa Renew Europe i Europaparlamentet. I debatten var det berre tsjekkisk representantar frå Renew som støtta han. Andre representantar sa det var skuffande at Renew lar det gå partipolitikk i eit spørsmål som dette.

Arbeidsformer i Europaparlamentet etter covid-19
EUObserver skriv at David Sassoli, president i Europaparlamentet, har invitert til ein gjennomgang av korleis Europaparlamentet skal arbeide framover. Under pandemien har parlamentet mellom anna teke i bruk nye arbeidsmetodar inkludert avrøysting per e-post og hybride møter med både digital og fysisk deltaking. Sassoili har sett ned fem fokusgrupper som fram til sommaren skal kome med tilrådingar på ulike område. Dette omfattar framlegg til korleis plenumsdebattane kan bli meir dynamiske og korleis kontrollfunksjonen til Europaparlamentet kan styrkast. Parlamentarikarane vedtok denne veka ein rapport som krev at dei får all relevant informasjon om iverksettinga av verktøyet for gjenvinning og robust økonomi (Recovery and Resilience Facility) slik at dei kan sikre demokratisk kontroll med gjennomføringa i medlemslanda.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 21.05.2021 09:56
: