Plenumsmøte i Europaparlamentet

Debatten om dei høge energiprisane i Europa hadde flest deltakarar på plenumsmøtet i Europaparlamentet førre veke. Jamvel om alle dei fire sentrumsgruppene støtter opp om vidare grøn omstilling, kan situasjonen i energimarknaden spele inn når detaljane i dei ulike framlegga i Klar for 55-pakken skal drøftast. På dagsorden sto også situasjonen i Kviterussland eitt år etter protestane, tilhøvet til USA og status for gjenreisingspakkene til Polen og Ungarn. Parlamentet vedtok med stort fleirtal ein rapport med tilrådingar til EUs arktiske politikk. Det var mange i debatten som tok til orde for meir EU i Arktis og meir Arktis i EU.

Debatt om høge energiprisar
Europaparlamentet og energikommissær Kadri Simson drøfta situasjonen på EUs energimarknad i ein firetimar lang debatt 6. oktober, jf. også denne pressemeldinga fra Europaparlamentet.

Kommissæren la vekt på at det er mange årsaker til situasjonen, men at karbonprisar berre forklarer ein liten del av dei høge prisane. Klimapolitikken er ikkje årsaken til situasjonen sa ho. Svaret er ikkje å satse meir på fossil energi, det er å arbeide for diversifisering av energikjelder, gjere energimarknaden meir effektiv og sørge for grøn omlegging. Samstundes er situasjonen for utsette personar og verksemder alvorleg og dei høge prisane kan forsinke den økonomiske gjenreisinga etter pandemien. Kommisjonen vil 13. oktober leggje fram det ho omtalte som ei verktøykasse, dvs. ei oversikt over lovlege tiltak som medlemslanda kan bruke for å avhjelpe situasjonen. Den vil bli drøfta i industri-, energi- og forskingskomiteen i Europaparlamentet 14. oktober. Ho varsla også styrking av sosialfondet som er del av EUs grøne giv og at det vil kome ei melding før jul om sysselsettingseffektar av den grøne omstillinga. Det er også nødvendig å jobbe med å styrke beredskap og motstandskraft i energiforsyninga i EU og å sikre ei meir strategisk tilnærming til eksterne leverandørar. Russland har levert i gass i samsvar med dei inngåtte avtalane, men har heller ikkje auka leveransane utover dette. Framlegg om felles ordningar om felles innkjøp og eller lagring av gass er ikkje nye idear. Dette kan reise ein del prinsipielle og praktiske utfordringar. Det er likevel grunn til å vurdere spørsmålet om ein naudreserve.

Også det slovenske EU-formannskapet deltok i debatten og la vakt på at det ikkje er CO2-prisar som er årsaken til dei høge prisane. Situasjonen har vore tema for fleire ministermøte – seinast same dag på EUs energiminisitermøte. Den vil også vere tema på møtet til Det europeiske råd 21. og 22. oktober. Det er viktig å avhjelpe dei sosiale problema nå, men vidare omlegging frå fossil til fornybar energi er uansett viktig for dette også vil redusere behovet for import. Kommisjonspresident Ursula von der Leyen varsla elles 5. oktober at EUs stats- og regjeringssjefar vil drøfte spørsmålet om å etablere ein strategisk gassreserve i EU på toppmøtet. Her vil det også bli drøfta korleis ei direkte kopling mellom høge gassprisar og høge elektrisitetsprisar kan unngås.

I debatten var det uvanleg mange som hadde ordet. Det var brei semje om behovet for raskt å kome med tiltak retta mot personar og verksemder som får problem på grunn av dei høge energiprisane og mellom anna styrke sosialfondet. Elles var det ulike oppfatningar om årsakene og kva som skal til for å avhjelpe situasjonen. Dei største gruppene, sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), dei liberale (Renew) og Dei grøne var samde med Kommisjonen om at det ikkje er klimapolitikken som har skulda. Mange av desse tok til orde for at vidare omlegging i grøn retning vil gje større autonomi på energiområdet. Fleire argumenterte for felles ordningar for innkjøp og lagring av gass. Mange tok til orde for å granske om land eller verksemder har manipulert gassmarknaden og eventuelt sette inn sanksjonar om det er tilfelle. Det er viktig at tiltak i dei ulike EU-landa er koordinerte slik at dei ikkje konkurrerer med kvarandre. Fleire understreka at EU bør ha tiltak for å unngå at spekulasjonar på marknaden for utsleppskvoter fører til høge energiprisar. Det vart også peikt på at det er urimeleg at enkeltland kan håve inn store energiinntekter medan vanlege forbrukarar i EU må velje mellom mat eller oppvarming.

Innleiarar frå den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre (Identitet og demokrati) meinte EUs energipolitikk har vore feilslått. Dei sa satsinga på fornybarenergi, CO2-avgifter og høge energiavgifter var viktige årsaker til situasjonen. Enkelte viste til at EU gjennom å akseptere bygginga av North Stream 2, har gjort seg enda meir avhengig av Russland, medan andre sa det ikkje var Putin si skuld at prisane i Europa er høge.

Innleiarar frå ytre vestre (The Left) meinte liberaliseringa av energimarknaden er den viktigaste grunnen til situasjonen som dei svakaste nå må betale prisen for.

Meir EU i Arktis – meir Arktis i EU
Europaparlamentet vedtok rapporten «Arktis: Moglegheiter, bekymringar og sikkerheitsutfordringar». Den legg vekt på å vidareføre Arktis som ein region med låg spenning og behovet for å takle klimaendringane og er uroleg for militær oppbygging i regionen. Den tek til orde for å etablere ein eigen Arktis-delegasjon i Europaparlamentet. Det var berre eit mindre endringsframlegg og den endelege teksten er dermed nesten identisk med teksten som utanrikskomiteen vedtok i juli. Den endelege resolusjonen vart vedteke med 506 mot 36 røyster og 140 som avsto.

Saksordførar Anna Fotyga (ECR, Polen) viste til eit godt samarbeid om rapporten og til ei nyttig delegasjonsreise til Danmark, Grønland og Island nyleg. Det er viktig å vidareføre Arktis som eit område med låg spenning og godt samarbeid basert på mellom anna Arktisk Råd. Samstundes bør EU vere meir aktivt i Arktis og arktiske spørsmål bør stå høgare på dagsorden i EU. Det må leggast til rette for berekraftig utvikling og ansvarleg bruk av ressursar. Ho viste til at det militære presset frå Russland har auka og at Kina også ynskjer å styrke si rolle i Arktis. Dette skapar nye utfordringar som må tas på alvor.

Indre marknadskommissær Thierry Breton sa Parlamentets rapport er eit viktig innspel til meldinga som Kommisjonen og Utanrikstenesta vil leggje fram 13. oktober. Arktis er geopolitisk viktig. Politikken må ta utgangspunkt i at dette ikkje er ein nyoppdaga region, men tvert i mot ein region der folk bur og arbeider. EU skal vere ein konstruktiv deltakar i regionalt og multilateralt samarbeid knytt til mellom anna forsking, romfart og kampen mot klimaendringar.

Den relativt korte debatten var prega av relativt stor grad av semje og mange nordiske parlamentarikarar som hadde ordet. Fleire understreka at det er viktig både med dialog med folk som bur i Arktis og å vidareføre eit konstruktivt internasjonalt samarbeid. Det er viktig å ikkje importere konfliktar frå andre område til Arktis. Global kamp mot klimaendringar er viktig for Arktis der endringar skjer raskare og kraftigare enn i andre område. Enkelte tok til orde for å stanse bruk av fossile drivstoff i regionen og også å stanse utvinning av olje og gass og andre ressursar der.

Situasjonen i Kviterussland
Innanrikskomissær Ylva Johansson orienterte Europaparlamentet om situasjonen i Kviterussland eitt år etter protestane i 2020. Ho viste til at situasjonen stadig er alvorleg og at det nå er over 700 politiske fangar i landet og at talet stig. EU arbeider både med tiltak for å støtte dei demokratiske kreftene og er klar til å vedta ytterlegare sanksjonar. Samstundes har Lukasjenko prøvd å presse EU gjennom å legge til rette for uregulert migrasjon til EU via grensene frå Latvia, Litauen og Polen. Så langt i år har det kome over 6000 migrantar frå mellom anna Irak, Syria og Kongo denne ruta, mot 150 i 2020. EU har stått samla for å takle dette og vil ikkje la seg presse. Johansson var i Polen førre veke for å drøfte situasjonen med polske styresmakter som er blitt kritisert for ikkje å samarbeide med Frontex. Det har også kome kritikk mot polske styresmakter for at dei ikkje har latt frivillige organisasjonar gje humanitær hjelp til migrantane som sit fast på grensa.

I debatten var det mest merksemd på migrasjonssituasjonen, men det vart også lagt vekt på at EU må bidra konkret overfor demokratirørsla i Kviterussland og stramme til sanksjonane ytterlegare. Ein del la vekt på at EU-landa må respektere sine internasjonale plikter og det må tas grep for å hindre at fleire migrantar døyr på grensa. Det kom også kritikk for at EU ikkje hadde gjort nok for å sikre grensene mot Russland og Kviterussland.

Krav om innsyn i dialogen om gjenreisingsplanane til Ungarn og Polen
For å stimulerer til økonomisk gjereising etter pandemien har EU-landa vedteke NextGenerationEU-programmet. Medlemslanda kan få pengar til nasjonal gjenreising og styrking av motstandskraft, men må legge fram planar for dette til Kommisjonen. Ein rettsstatsmekanisme var del av semja om programmet. Så langt har 22 av dei 25 landa som har lagt fram slike planar, fått dei godkjent av Kommisjonen. Planane til Polen, Sverige og Ungarn er ennå ikkje godkjende, og det er kjent at for Polen og Ungarn skuldast dette rettsstatssituasjonen i landa. I ein debatt med finanskommissær Paolo Gentiloni bad Europaparlamentarikarane om meir innsyn i kva krav Kommisjonen har stilt. Dei bad også om meir informasjon om kva landa har gjort for å imøtekomme krav knytt til uavhengige domstolar, rettsstat, offentleg innkjøpsreglar, korrupsjon eller minoritetsrettar. Mange understreka at Kommisjonen ikkje må godkjenne planane med mindre landa faktisk gjer endringar. 7. oktober konkluderte den polske konstitusjonsdomstolen med at delar av EUs traktatverk ikkje er kompatibelt med den polske grunnlova. Det er ikkje tvil om at dette vil skape ytterlegare utfordringar i det allereie spente tilhøvet mellom den polske regjeringa og EU, sjølv om Europaportalen skriv at det polske utanriksdepartementet har kome med ei fråsegn om at Polen fortsatt vil respektere EUs bindande lovar.

Det framtidige tilhøvet til USA
Europaparlamentet vil ha eit likeverdig partnarskap mellom EU og USA. I ein resolusjon som vart vedteke med 550 mot 83 røyster og 55 som avsto,  er Parlamentet samtidig opptatt av å styrke EUs autonomi. USA er ein strategisk partnar og det er positivt at landet igjen støttar opp om ein multilateral og regelbasert verdsorden. Samarbeid og koordinering med USA om tilhøvet til Kina er viktig. Resolusjonen er positiv til at det fyrste møtet i det felles handels- og teknologirådet kunne gjennomførast 29. september.

Debatt om Pandora-papira
Avsløringane i dei såkalla Pandora-papira resultere også i ein hastedebatt med Kommisjonen og Rådet i Strasbourg. Dei fleste parlamentarikarane meinte både Kommisjonen og medlemslanda har gjort for lite for å hindre skattesvindel og aggressiv skatteplanlegging og for lite for å fjerne smotthol i lovgjevinga. I tillegg var mange opptatt av interessekonfliktar sidan fleire europeiske toppolitikarar er nemnde i papira. Dette omfattar mellom anna den tsjekkiske statsministeren og den kypriotiske presidenten.

Restriktiv haldning til kunstig intelligens til politi- og justisformål
Eit fleirtal på 377 mot 248 og 62 som avsto, vedtok ein rapport om bruken av kunstig intelligens til politi- eller justisformål (se egen sak). Mellom anna går fleirtalet inn for eit forbod mot å etablere private gjenkjenningsdatabaser og mot automatisk gjenkjenning i offentlege område. Parlamentet vedtok også forbod mot sosiale poengsystem slik som Kina har innført.

Parlamentarikardelegasjon for kontakten med Storbritannia
Europaparlamentet ga tysdag samtykke til å etablere ein eigen delegasjon for kontakten med Storbritannia. Delegasjonen vil ha 35 medlemmar og det vil vere like mange britiske parlamentarikarar i den felles parlamentarikarforsamlinga som nå skal etablerast. Det er venta at fyrste møte kan finne stad tidleg i 2022.

Leiaren i den liberale gruppa går av
Dacian Cioloș trakk seg som leiar for den liberale gruppa (Renew) etter at han vart vald til partileiar heime i Romania. Den rumenske regjeringa tapte ei tillitsvotering 5. oktober og Ciolos fekk 11. oktober i oppdrag å prøve å danne ny regjering. Stéphane Séjourné er einaste kandidat til valet på ny leiar i Renew 19. oktober. Den franske fraksjonen har 23 av 98 medlemmer i gruppa. 

Kommentar 
Europaparlamentet har stadig covid-restriksjonar som medfører at komitémøta stadig foregår digitalt, medan plenumsmøta nesten er attende til normalen. Dei nåverande tiltaka gjeld til 15. oktober og ein del representantar har teke til orde for at det nå er på tide med normalisering. Også denne sesjonen føregjekk utan parlamentspresident David Sassoli som stadig er rekonvalesent etter lungebetennelse.

Ikkje uventa var det debatten om energiprisar som hadde flest deltakarar. Dette er eit tema som går direkte inn i nasjonal politikk i dei ulike landa og som har svært konkrete og alvorlege sosiale konsekvensar. Samstundes skal Europaparlamentet for alvor gå i gang med å behandle dei mange framlegga som er del av Klar for 55-pakken som skal sikre vidare omlegging i grøn retning for å nå det vedtekne målet for utsleppskutt. Jamvel om alle dei fire sentrumsgruppene støtter opp om vidare grøn omstilling, kan situasjonen i energimarknaden spele inn når detaljane i dei ulike framlegga skal drøftast.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Jeannette Berseth


Sist oppdatert: 13.10.2021 10:36