Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

R

  • R

    vanleg forkorting for Raudt (2007).

  • regjering

    i Grunnlova står det at regjeringa skal vera samansett av statsministeren og minst sju andre medlemer (statsrådar). Talet har variert noko; i den regjeringa me har i dag, sit det 18 statsrådar i tillegg til statsministeren. Regjeringa har den utøvande makta, ho set i verk vedtaka Stortinget har gjort.

  • regjeringskrise

    situasjon etter at ei regjering har søkt avskil, og før det har lukkast å danna ei ny regjering . Krisa oppstår når regjeringa ikkje lenger kan støtta seg til eit stortingsfleirtal og etter parlamentarisk praksis må gå. Slike situasjonar oppstår når eit mistillitsframlegg vert vedteke, når eit kabinettsspørsmål er tapt, ved negativt fleirtal og etter eit valnederlag.

  • regjeringsutnemning

    I § 12 i Grunnlova står det at kongen «vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar», men kongen kan ikkje sjølv avgjera kven som skal sitja i regjeringa. Hans rolle er å «utnemna» ei regjering som Stortinget vil akseptera. I forkant av dette er det som regel drøftingar mellom dei politiske partia på Stortinget. Når resultatet er klart, får kongen råd frå den statsministeren som går av, eller frå stortingspresidenten, om kven han bør la statsministeroppdraget gå til, eller korleis han skal gå fram vidare. Statsministerkandidaten legg deretter fram ei liste over kven som bør peikast ut til dei ulike ministerpostane. Til slutt må kongen signera den kongelege resolusjonen som konstituerer regjeringa, og dermed er utnemningane gyldige.

  • replikk

    i ein debatt kan det vera replikkordskifte etter eit hovudinnlegg. Det gjev representantane høve til å kommentera innlegg, og hovudtalaren kan svara på replikkane etter tur.

  • representantframlegg (dokument nr. 8)

    framlegg frå stortingsrepresentantane. Alle representantane kan skriva representantframlegg som vert handsama i Stortinget. Framlegg frå representantane til vedtak i samband med alminnelege saker og budsjettsaker har nemninga representantframlegg S, og framlegga i samband med lovsaker har nemninga representantframlegg L.

  • revidert budsjett

    samling av alle endringar og tilleggsløyvingar til statsbudsjettet som er vedtekne undervegs i budsjettåret, og framlegg til nye endringar. Det reviderte budsjettet verr handsama kvart år på slutten av vårsesjonen.

  • riksrett

    domstol som dømer i saker reiste mot medlemer av regjering, storting eller Høgsterett for straffbare forhold i embetet. Riksretten er sett saman av 11 medlemer: 5 dommarar frå Høgsterett og 6 medlemer valde av Stortinget. Høgsterettsjustitiarius er president i Riksretten. Stortinget i plenum er påtalemakt, og kontroll- og konstitusjonskomiteen er førebuande organ. Stortingets ansvarskommisjon innleier undersøkingar med sikte på å avklara om det er grunnlag for å gjera konstitusjonelt ansvar gjeldande mot nokon. Riksretten er omtala i Grunnloven §§ 86–87.

  • Riksrevisjonen

    Stortingets viktigaste kontrollorgan, som m.a. granskar statens rekneskapar. Den øvste leiinga i Riksrevisjonen (fem riksrevisorar) vert valde av Stortinget for fire år om gongen.

  • røysteplikt

    den einskilde representanten har plikt til å røysta når det er votering over ei sak i Stortinget, dersom vedkomande er til stades og ikkje er bytt ut.

  • røysterett

    retten til å delta i val. I Noreg har alle statsborgarar som er eldre enn 18 år eller fyller 18 år i valåret, rett til å delta ved valet.

  • røystesetel

    på valdagen er det partilistene i valkrinsen som vert nytta som røystesetel. Røystesetelen vert stempla av ein valfunksjonær før veljaren legg han i valurna.

  • røysting (votering)

    Stortinget tek eit formelt standpunkt i alle saker det handsamar. Vanlegvis skjer det ved at det i slutten av eit møte vert votert over framlegga i komitéinnstillinga. Voteringsresultatet viser som oftast at det er eit fleirtal for eller imot framlegget, men i ein del saker kan det òg vera samrøystes tilslutning til at framlegget vert vedteke (støtta) eller ikkje vedteke.

: