Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

P

  • parlamentarisk leiar

    leiar for partigruppe i Stortinget.

  • parlamentarisme

    styreform som inneber at regjeringa er ansvarleg overfor nasjonalforsamlinga (Stortinget). Stortinget kan gje uttrykk for mistillit til regjeringa og dermed tvinga henne til å gå av. Parlamentarisk system: statsform som byggjer på parlamentarisme.

  • partigruppe

    alle representantane frå same politiske parti tilhøyrer ei partigruppe i Stortinget.

  • partiprogram

    oversikt over standpunkta til eit politisk parti innanfor ulike temaområde; ein presentasjon av politikken til partiet.

  • plenum

    fulltalig forsamling, Stortinget i samla møte. Før 1. oktober 2009 delte Stortinget seg i odelsting og lagting når lovsaker vart handsama. No vert alle saker handsama av Stortinget i samla møte.

  • prerogativ

    (av latin: som vert spurd fyrst) tyder særrett og vert vanlegvis brukt om kongeleg særrett. Ordet vart tidlegare brukt om privilegium som berre kongen hadde. I takt med reduksjonen av den personlege kongemakta i dei siste 200 åra i Noreg har ordet fått avgrensa tyding og er no uttrykk for noko som berre regjeringa (Kongen i statsråd) har rett til å avgjera, ikkje Stortinget. Til dømes gjeld dette innafor kyrkjeforvaltninga.

  • presidentskapet

    når Stortinget konstituerer (organiserer) seg, vel Stortinget ein president og fem visepresidentar. Til saman utgjer desse seks personane presidentskapet på Stortinget. Presidentskapet er ansvarleg for å planleggja og leggja til rette for arbeidet i Stortinget i samsvar med føresetnadene i Grunnlova og forretningsordenen i Stortinget. Stortingspresidenten har det høgste offentlege vervet i Noreg etter Kongen.

  • presselosjen

    presseorganisasjonen i Stortinget, Stortingets presselosje.

  • proposisjon til Stortinget (lovvedtak og stortingsvedtak) (prop. LS)

    framlegg frå regjeringa til vedtak i lovsaker (lovvedtak), alminnelege saker og budsjettsaker (stortingsvedtak) som Stortinget skal ta stilling til.

  • proposisjon til Stortinget (lovvedtak) (prop. L)

    lovframlegg som kjem frå regjeringa og vert sende over til Stortinget til handsaming. Før 1. oktober 2009 var nemninga odelstingsproposisjon. Då delte Stortinget seg i odelsting og lagting når lovsaker vart handsama. No vert alle saker handsama i eitt samla storting.

  • proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak) (prop. S)

    framlegg frå regjeringa til vedtak om alminnelege saker og budsjettsaker (stortingsvedtak) som Stortinget skal ta stilling til. Før 1. oktober 2009 var nemninga stortingsproposisjon.

: