Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

H

  • H

    vanleg forkorting for Høgre (1884).

  • heimfallsrett

    heimfall er eit juridisk omgrep som vert brukt om tilfelle der eigedom «fell tilbake» vederlagsfritt til den opphavlege eigaren; normalt det offentlege i form av staten eller krona.

  • hemmeleg møte

    presidenten kan føreslå forhandlingar for lukka dører. Det er forsamlinga sjølv som avgjer om møtet skal vera lukka. Dette skjer svært sjeldan.

  • høgtidleg opning (opning)

    den høgtidlege opninga av Stortinget skjer vanlegvis dagen etter konstitueringa i byrjinga av oktober. Kongen les opp trontalen, som inneheld programfråsegna frå regjeringa for det komande året, og ein statsråd les meldinga om tilstanden i riket.

  • høyring

    møte der komiteen hentar inn informasjon om ei sak frå departement, organisasjonar eller andre involverte partar. Alle høyringar er normalt opne for publikum. Komitéhøyring: høyring i ein fagkomité i samband med arbeidet med ei sak. Kontrollhøyring: høyring i samband med spesielle saker som vert granska.

  • høyringsbrev

    eit brev til involverte partar der departementet bed om fråsegn om ei sak som er under arbeid.

: