Dette målet er definert i informasjonsstrategien til Stortinget.
Innspel/tilbakemeldingar
Nettstaden er i kontinuerleg utvikling. Kontakt informasjonstenesta, telefon 23 31 33 33, e-post info@stortinget.no, om du har innspel eller tilbakemeldingar.
Redaksjonen
Informasjonsseksjonen har ansvar for dagleg vedlikehald og vidareutvikling av stortinget.no.
Nettredaktør på Stortinget er Lars Henie Barstad, seniorrådgjevar i informasjonsseksjonen.
Ansvarleg redaktør er Siv Nordrum, avdelingssjef i kommunikasjonsavdelinga.
Personvern
Om personvern på stortinget.no.
Bruk av nettstaden
All informasjon på nettstaden til Stortinget er offentleg tilgjengeleg informasjon og kan fritt lastast ned.
Ta helst kontakt med nettredaksjonen før de set i gang automatisk massenedlasting. Nettredaksjonen kan gje råd om korleis dette best kan gjerast med omsyn til brukarane våre, og med tanke på ressursbruk hjå den som massenedlastar sidene og Stortingets eigne servarar.
Lenking
Lag lenkja på ein nøytral måte som fortel brukaren kvar ho kjem ved å fylgja lenkja. Ikkje bruk logoen til Stortinget logo; det kan skapa tvil om kven som er ansvarleg for informasjonen på den nettstaden der lenkja er plassert. Ikkje nytt lenkjer som plasserer nettsida til Stortinget innanfor rammene av ei anna nettside («frames»).
Bruk gjerne djuplenking for å ta brukaren direkte til til dømes ei særskild liste. Publiseringsløysingar som kan henta rss-feedar inn på eigne sider må gjerne nytta RSS-feedane på nettstaden til det. Pass alltid på at det er tydeleg for brukaren kvar informasjonen er henta frå.
Tilgjengeleg
Sidene til Stortinget skal vera tilgjengelege for alle. Brukarane kan få innhaldet og/eller lenkjene på sidene opplese og vist i ein rein tekstversjon. Me tek gjerne imot tilbakemeldingar om tilgjengelegheitsproblem.
Lagra hjå Nasjonalbiblioteket
Me gjer merksamt på at denne nettstaden regelfast vert innsamla og lagra av Nasjonalbiblioteket, i tråd med pliktavleveringslova. Det innsamla materialet vert berre gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Statistikk
Sjå oversyn over trafikktal på stortinget.no.