Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Om fullmaktskomiteen

Fullmaktskomiteen kontrollerer om stortingsrepresentantane er valde på korrekt måte.

I siste samling i ein stortingsperiode vel Stortinget, etter innstilling frå valkomiteen, ein førebuande fullmaktskomité. Komiteen skal gjera ei mellombels prøving av fullmaktene for representantane og vararepresentantane i det nye stortinget – altså kontrollera at valet har gått rett føre seg, og at alle representantane har rett til å møta på Stortinget.

Den førebuande fullmaktskomiteen går gjennom detaljerte rapportar om valet frå alle valdistrikt og frå Riksvalstyret. Komiteen gjer greie for eventuelle klagar og feil som kan ha noko å seia for utfallet av valet. Komiteen har på vegner av Stortinget fullmakt til å skaffa fram alle opplysingar som han meiner trengst i denne samanhengen. 

Før det nye stortinget trer saman, leverer den førebuande komiteen ei førebels innstilling om alle val- og fullmaktsspørsmåla som kan få innverknad på samansetjinga av det nye stortinget. Dagen før det nye stortinget trer saman, sluttar den førebuande komiteen å fungera. Den førebelse innstillinga med alle vedlegg skal leggjast fram for fullmaktskomiteen i det nye stortinget straks han trer saman.

Den endelege fullmaktskomiteen

Den endelege fullmaktskomiteen vert vald med det same etter at Stortinget opnar hausten etter valet. Partigruppene er forholdsmessig representerte i komiteen, og det er dei politiske partia sjølve som føreslår aktuelle representantar. 

Når eit nyvalt storting trer saman, har den fyrste representanten frå kvart fylke med seg ei fullmakt frå valstyret i sitt fylke. Fullmakta seier kva representantar som har mandat til å møta i Stortinget. Fullmaktskomiteen går gjennom fullmaktene og handsamar innstillinga frå den førebuande fullmaktskomiteen.

Dersom fullmaktskomiteen oppdagar omfattande feil eller regelbrot, kan det verta naudsynt med omval (som til dømes i Buskerud og Troms i 1981).

Inntil fullmaktene er godkjende, har stortingsmedlemene mellombels sete og røyst. Etter at innstillinga frå fullmaktskomiteen er ferdighandsama, vel Stortinget presidentar og sekretærar.

Det nye stortinget godkjenner altså seg sjølv, men det er etter førearbeid av representantar frå det førre stortinget.

Oversikt over medlemer i fullmaktskomiteen.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:23

Samansetjinga av fullmaktskomiteen

: