Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Løve på Løvebakken. Foto: Stortinget.

Kort om Stortinget

Når du røystar ved stortingsval, er du med og avgjer kva for 169 personar som skal sitja i Noregs lovgjevande, løyvande og kontrollerande forsamling dei komande fire åra. 

Stortinget har tre viktige hovudoppgåver:

I tillegg til Stortinget er det to andre statsmakter i Noreg: Den iverksetjande (regjeringa) og den dømande (domstolane). Les meir om maktfordelingsprinsippet.

Massemedia vert ofte uoffisielt kalla «den fjerde statsmakta». Les meir om Stortinget og media.

Alle stortingsrepresentantane representerer eit valdistrikt, og er valde inn frå eit parti. Alle norske statsborgarar over 18 år kan verta stortingsrepresentantar (med unnatak av tilsette i diplomatiet, departementa og dommarar i Høgsterett). Les meir om stortingsval.

Alle representantane, med unnatak av stortingspresidenten, er medlemer av minst éin fagkomité. Komiteane førebur saker før dei går til debatt og avrøysting i stortingssalen, og dei held ofte høyringar om sakene dei handsamar. Dei aller fleste høyringane vert overførte direkte på nett-tv, og kan etterpå finnast att i videoarkivet.

Les meir om komitéarbeidet.

Sakshandsaminga i fagkomiteane og partigruppene skjer for lukka dører, men møta i Stortinget er opne. Dei vert overførte via nett-tv, og det vert òg skrive skriftlege referat frå stortingsmøta.

Gjennom debattane i stortingssalen markerer partia standpunkta sine. Som regel deltek statsrådane når ansvarsområda deira vert debatterte, slik at stortingsrepresentantane får høve til å stilla kritiske spørsmål til politikken til regjeringa. Les meir om stortingsdebattane.

Stortingspresidenten leier arbeida i Stortinget saman med fem visepresidentar. Saman er dei Stortingets presidentskap. Les meir om presidentskapet.

Dei fleste stortingsrepresentantane er medlemer av ein eller fleire internasjonale delegasjonar. Det tyder at dei møter folkevalde frå andre land for å diskutera aktuelle tema, dela røynsler saman for løysingar på tvers av landegrenser. Les meir om det internasjonale arbeidet.

Sist oppdatert: 18.07.2023 14:35
: