Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Hulda Holtvedt (MDG) under trontaledebatten i oktober 2017. Foto: Stortinget.

Partigruppene

Når dei 169 representantane kjem til Stortinget, organiserer dei seg i partigrupper. Representantar som er valde frå det same politiske partiet, utgjer ei partigruppe.

I stortingsperioden 2021-2025 følgjande politiske parti representerte på Stortinget:

Grafisk framstilling av partifordelinga i stortingsperioden 2021–2025. Grafikk: Stortinget.

Grafisk framstilling av partigruppene samt Pasientfokus i stortingsperioden 2021–2025. Grafikk: Stortinget.

  • Arbeiderpartiet (A): 48
  • Høyre (H): 36
  • Senterpartiet (Sp): 28
  • Fremskrittspartiet (FrP): 21
  • Sosialistisk Venstreparti (SV): 13
  • Rødt (R): 8
  • Venstre (V): 8
  • Miljøpartiet De Grønne (MDG): 3
  • Kristelig Folkeparti (KrF): 3
  • Pasientfokus (PF): 1*

Arbeidet i partigruppene

Partigruppene er leidde av eit gruppestyre. Leiaren for gruppestyret vert kalla for den parlamentariske leiaren i partiet. Gruppestyret tek politiske avgjerder og samordnar arbeidet i partigruppa.

I partiprogramma har partia teke stode til ei rad politiske spørsmål, men partiprogramma femner ikkje om alle saker som dukkar opp i Stortinget. Difor held partigruppene jamlege møte slik at dei kan ta stode til «partilina» – kva partiet skal meina – i aktuelle saker i Stortinget.

Partigruppene har vanlegvis møte onsdag ettermiddag. På møtet vert viktige saker drøfte, og representantane orienterer om saker i sine komitear. Standpunkt og høve til forhandlingar i ei sak vert avklarte slik at medlemene i komiteane kan ta dette med seg attende til komiteen. Slik går diskusjonen om sakene mellom komitémøte og gruppemøte i fleire rundar for om mogleg å få tilslutnad til standpunkta til partiet når innstillinga frå komiteen vert levert. 

Partigruppene drøfter og tek standpunkt til alle viktige saker som skal handsamast i Stortinget, slik at medlemene kan opptre mest mogleg samla. Dersom det er usemje innan ei partigruppe om ei sak, vert dette avklart i gruppa på førehand. Eit mindretal vil vanlegvis bøya seg for fleirtalet, og røysta saman med det når saka kjem opp i Stortinget. Men når det gjeld saker som er viktige for valdistriktet til einskildrepresentantar, eller saker som gjeld samvitsspørsmål, er det ikkje uvanleg at representantane vert stilte fritt i høve til fleirtalet i gruppa.

Det er i gruppene taktikken vert diskutert og lagd opp, og det er her dei politiske utspela til dei einskilde representantane vert godkjende. Møta i partigruppene er ikkje offentlege.

Sekretariatet for stortingsgruppene

Kvar stortingsgruppe har sitt eige sekretariat på Stortinget som hjelper representantane med politisk og praktisk arbeid. Talet på tilsette i gruppesekretariatet varierer med storleiken på gruppa i valbolken.

Gruppene har tilsett ein eigen leiar for sekretariatet og har knytt til seg rådgjevarar. Dei fleste sekretariata har fordelt ansvaret for bestemde komitear på dei einskilde gruppesekretærane og rådgjevarane. Oppgåvene til gruppesekretariata går mellom anna ut på å:

  • hjelpa til i handsaminga av komitésaker
  • skaffa materiell og opplysingar til saksførehavinga
  • førebu debattar
  • utarbeida notat
  • formidla kontakt utetter med organisasjonar, institusjonar og einskildpersonar
  • fungera som kontakt mellom gruppa og partiet

Hovudoppgåvene til partia

Dei politiske partia er ein sentral del av det norske demokratiet. Partia er ein samanslutnad (foreining) av personar som har ganske likt syn i politiske spørsmål. Partia ynskjer å øva innverknad i dei politiske avgjerdsprosessane i kommunane, fylka og på nasjonalt nivå. Å verta representerte på Stortinget er eit viktig mål for partia på nasjonalt nivå.

Partia har fleire viktige oppgåver i det politiske systemet:

  • Partia representerer politiske interesser i offentlege avgjerdsorgan.
  • Partia er viktige for rekrutteringa til politisk aktivitet. Det er partia som nominerer kandidatar til val.
  • Partia er viktige for opinionsdanning. Politiske haldningar og meiningar vert i stor grad danna og formidla av partia.
  • Partia motiverer òg veljarane til å røysta ved kommune- og stortingsval.

Representantane skal visa lojalitet til veljarane sine og partiet sitt. Dei er valde på grunnlag av programmet til partiet sitt, men i tillegg kjem forventningane om å tala saka til heimstaden sin. Både partidisiplin og lojalitet pregar standpunkta og røystegjevinga til representantane, endå om dei i prinsippet står fritt til å røysta som dei vil. 

Gruppetilskot og årsrekneskap for stortingsgruppene.

Kva gjer ein representant?

Kort om historia til partia

I den fyrste tida etter 1814 var det ingen faste gruppedanningar på Stortinget. I 1830-åra danna det seg ein bondeopposisjon, men fyrst i 1859 kom det fyrste opptaket til organisert gruppesamarbeid på Stortinget. Då gjekk opposisjonen mot embetsmennene saman i den såkalla Reformforeningen.

Fyrst i 1884 fekk vi parti slik vi kjenner dei i dag. Då vart dagens Venstre og Høgre danna. Arbeidarpartiet vart danna i 1887. Bondepartiet (Senterpartiet frå 1959) kom i 1920 og Kristeleg Folkeparti i 1933. Ei fløy braut ut av Arbeidarpartiet og danna Sosialistisk Folkeparti (SF) i 1961.  

På byrjinga av 1970-talet samarbeidde SF med andre delar av venstresida i norsk politikk, og vart deretter med i Sosialistisk Valgforbund (SV), som vart danna føre valet i 1973. SV vart omdanna til Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1975. SF gjekk opp i dette og vart lagt ned som eige parti i 1976.  

På høgresida i norsk politikk vart Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep danna i 1973. Partiet skifte namn til Framstegspartiet i 1977.

Les meir om historia til partia.

Parti som ikkje er representerte på Stortinget

I tillegg til partia som er representerte på Stortinget, finst det fleire politiske parti i Noreg. 

Brønnøysundregistera har opplysningar om alle partinamn som er verna gjennom registrering i Partiregisteret.

Sjå informasjon om regelverk og retningslinjer for politiske parti på nettsidene til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

*Pasientfokus er ikkje eit registrert part, men ein organisasjon som stilte valliste i Finnmark. Pasientfokus er ikkje ei «partigruppe» etter føresegnene i Stortingets forretningsorden, men er inkludert for oversikta si skuld.

Sist oppdatert: 02.04.2024 14:05
: