Wilhelm Frimann Koren Christie

Den første presidenten på Stortinget og mannen som redda Grunnlova frå svenskane?

Vis som temaark

Wilhelm Frimann Koren Christie © Stortinget
Wilhelm Frimann Koren Christie © Stortinget

Wilhelm Frimann Koren Christie (1778–1849) var fødd i Kristiansund. 10 år gammal blei han send til Bergen for å gå på Latinskolen. 16 år gammal blei han student i København, og fem år seinare tok han latinsk-juridisk embetseksamen. Han blei kansellisekretær (saksbehandlar og sjef for eit regjeringskontor) i København, og 30 år gammal blei han i 1809 sorenskrivar (dommar) i Nordhordland, med bustad i Bergen.

Han var eit barn av opplysningstida, og på mange måtar var han før si tid. Som einsleg far tok han med dei to borna sine til Noreg.

Politisk innsats i Noregs historie

Christie spelte ei avgjerande rolle på eit kritisk tidspunkt i Noregs historie. Han var rett mann på rett stad til rett tid. Elskverdig, alltid villig til å høyre på motargument. Christie trua ingen til å følgje sin vilje, men overbeviste ved å appellere til forstanden til kollegaene sine. Han var nøktern; det var eit karaktertrekk hos han. Den politiske karrieren hans varte i fire år, frå 1814 til 1818.

Den første presidenten på Stortinget

Christie var medlem av riksforsamlinga på Eidsvoll våren 1814. Der blei han vald til fast sekretær. Han var ein varsam reformator som framstod som talsmann for folket. På Eidsvoll hadde han eit godt forhold til prins Christian Frederik, og formidla ønska hans til forsamlinga. I juni–juli var han med i ein tremannsdelegasjon som forgjeves forhandla i London om Noregs sjølvstende. Den engelske regjeringa stod fast ved at den dansk-norske kongen skulle gi frå seg Noreg til Sverige, som eit resultat av at Noreg hadde stått på «feil» side i kampen mot Napoleon. Christies møte med stormakta lærte han at Noreg var eit lite rike og ein svak stat, og at det var vanskeleg å stå aleine. Christie fekk god bruk for at han var slik ein optimist, men òg for at han var så nøktern som han var. I oktober blei han vald til president på Stortinget. 

Forhandlingane med svenskane

Christie leidde forhandlingane med svenskane. Han tilhøyrde Sjølvstendepartiet, som ønskte fullt norsk sjølvstende. Men då det blei klart at ein union med Sverige ikkje var til å unngå, arbeidde han målbevisst og konstruktivt for å gjere forholda best moglege for Noreg. Igjen brukte han klokskapen, sjarmen og taktikken sin. Realiteten var klar; unionen kom uansett, og norskekongen hadde sagt frå seg trona og lagt myndigheita si i hendene på Stortinget.

20. oktober var dagen for det viktigaste møtet i Stortinget, og politisk den største dagen for Christie. Då blei det slått fast at unionen ville bli etablert. Standpunktet til Christie var at Grunnlova måtte bevarast så uendra som mogleg og samtidig få styrkt norsk sjølvstende. Revisjonen av Grunnlova tok ti dagar, og 4. november vedtok Stortinget at svenske Carl den 13. var Noregs rette konge.

Christie har, meir enn nokon, æra for at sjølvstendet til Noreg blei bevart i unionen. 4. november-grunnlova byggjer på dei same prinsippa som 17. mai-grunnlova. Ho har få endringar, men styrkjer Stortinget si stilling overfor den svenske kongen. Kongen sin kontroll med Forsvaret og utanrikspolitikken blir avgrensa, regjeringa får ei meir sjølvstendig stilling, reglane om riksrett blir skjerpa, og den utvida stemmeretten blir halden ved lag. Karl Johan lovde å respektere den nye Grunnlova, men hæren skulle stå under kommandoen til den svenske kongen, og landet skulle ikkje ha eiga utanriksteneste.

Les meir om Grunnlova av 4. november 1814.

Christie fekk tilbod om plass i regjeringa og på Stortinget, men takka nei. Etter 1818 trekte han seg ut av det politiske livet.  

President Christie, som han gjerne blir kalla, har alltid vore ein stor mann i heimbyen sin. Statuen over han – den første i Noreg – står no framfor Bergens museum, som han grunnla og arbeidde for gjennom meir enn 20 år. Du kan òg sjå ein statue av han framfor Stortinget på Løvebakken. Den er laga av Kristian Blystad (1989).

I historia til Stortinget er Christie ein person ein ikkje kan komme utanom. Oscar A. Wergelands måleri ”Eidsvoll 1814” heng i stortingssalen. Her ser vi Christie, sitjande med ein fjørpenn i handa. Merksemda hans er retta mot representantane og mot framtida. 


Sist oppdatert: 16.10.2008 09:36