Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Grunnlova av 4. november 1814

Då unionen med Sverige var eit faktum hausten 1814, tredde det fyrste omframme storting saman for å gjera dei endringane i Grunnlova som var naudsynte. Målet var å berga fridomsverket frå Eidsvoll, og resultatet vart ei meir liberal forfatning enn noka anna i samtida.

Kongeriket Noregs Grunnlov av 4. november 1814.

Sjå, høyr og les stortingspresident Olemic Thommessens tale i Stortinget ved markeringa av 4. november-grunnlova, 4. november 2014.

Den andre grunnlovgjevande forsamlinga

Dei 79 representantane som 7. oktober 1814 tredde saman i lokala til Katedralskolen i Christiania, hadde ingen lett jobb framfor seg. På den eine sida hadde ein norske nasjonalistar som ynskte sjølvstendekrigen teken opp att, og på hi sida kronprins Carl Johan, som med troppar på Fredriksten festning sette makt bak krava til den svenske forhandlingskommisjonen som møtte i Stortinget.

Wilhelm Frimann Koren Christie, eit av dei leiande politiske einmenna i 1814 og fast sekretær under Riksforsamlinga på Eidsvoll, leidde tingingane med svenskane. Til å byrja med stod tingingane stille, og tida byrja renna ut for våpenkvildavtala som var inngått i Moss 14. august.

Ein union på Stortingets premissar

Éin dag før avtala om våpenkvild gjekk ut, 20. oktober, lukkast det Christie å få igjennom to viktige vedtak som skulle danna grunnlaget for den komande revisjonen av Grunnlova. Det fyrste var vedtaket om at Noreg som eit sjølvstendig rike på visse vilkår skulle gå inn i union med Sverige. Det andre var vedtaket om at kongevalet skulle utsetjast til endringane i Grunnlova var gjennomførde.

Føremålet med vedtaka var å roa dei svenske forhandlarane med at Stortinget hadde til siktemål å inngå ein union med Sverige, men òg å stadfesta at ei unionsinngåing skulle skje på Stortingets premissar, utan konstitusjonell innblanding frå Sverige.

Makta til Stortinget vert styrkt

Foto av Grunnlovas fyrste side. Her står det På framsida av Grunnlova (det øvste biletet) står det: «Kongeriget Norges Grundlov, given i Rigsforsamlingen paa Eidsvold den 17de Mai 1814 og nu, i Anledning af Norges og Sveriges Rigers Forening, nærmere bestemt i Norges overordentlige Storthing i Christiania og antagen den 4de Novbr. 1814.»

Fra 26. oktober til 4. november gjekk Stortinget gjennom alle paragrafane i Grunnlova. Då den reviderte Grunnlova vart godkjend av dei svenske forhandlarane, valde Stortinget Carl 13. til konge. Noregs sjølvstende hadde gått tapt, men resultatet av grunnlovsrevisjonen var eit storting som gjekk styrkt ut i tilhøvet til kongemakta. Dette vart tydeleg understreka ved at kongen var ein konstitusjonell konge, vald av eit fritt storting.

På framsida av Grunnlova (det øvste biletet) står det: «Kongeriget Norges Grundlov, given i Rigsforsamlingen paa Eidsvold den 17de Mai 1814 og nu, i Anledning af Norges og Sveriges Rigers Forening, nærmere bestemt i Norges overordentlige Storthing i Christiania og antagen den 4de Novbr. 1814.»

Fyrste paragrafen i Grunnlova (biletet over til venstre) vart endra til å lyda: «Kongeriget Norge er et frit, selvstændigt, udeleligt og uafhændeligt Rige, forenet med Sverrige under een Konge».

Grunnlova under åtak

At Carl Johan godtok den frie stillinga til Noreg i unionen, hadde nok samanheng med eit ynske om å unngå ytterlegare konflikt, men òg ei tru på at han ville klara å strama inn på fridomen når roa senka seg. I dei fyrste leveåra til Grunnlova kom Carl Johan med ei rekkje framlegg til endringar som hadde som føremål å styrkja kongemakta.

Den kraftigaste framstøyten kom i 1821, i form av framlegg til endringar som m.a. gjekk ut på at Stortinget skulle samlast berre kvart femte år og i større mon avgrensast til å handsama saker lagde fram av kongen. Framlegga ville, dersom dei hadde vorte vedtekne, ført til ei konstitusjonell omvelting på kostnad av Stortinget.

Trass i at Carl Johan la press på Stortinget ved å samla troppar i Christiania under handsaminga av framlegga, rådde det ein sterk grunnlovskonservatisme i Stortinget. I ei omfattande innstilling frå konstitusjonskomiteen vart det føreslege å avvisa alle framlegga, og det slutta Stortinget seg samrøystes til. Innstillinga frå konstitusjonskomiteen (biletet nedanfor) vart avlevert 17. mai 1824, på dagen ti år etter at Grunnlova vart underskriven på Eidsvoll.

Foto av konstitusjonskomiteens si innstilling

4. november som grunnlovsdag

Hyllesten til 17. mai skapte misnøye hjå den svensk-norske kongen, som heller såg at nordmennene feira 4. november som grunnlovsdag. Carl Johan gjekk så langt som til å forby feiringa av 17. mai i 1828, då han i forkant utferda ei kongeleg kunngjering med åtvaring mot å høgtida 17. mai.

Foto av kongeleg kunngjering om 17. mai-feiring

Stortinget kom Carl Johan i møte og vedtok samrøystes å ikkje feira 17. mai dette året, men sende samstundes ut ei adresse til kongen som forklarte kvifor ein i Noreg ynskte å markera fødselsdagen til Grunnlova. Carl Johan måtte til slutt innsjå at slaget var tapt og at 4. november aldri ville verta nokon avhalden merkedag i Noreg. I 1833 feira Stortinget 17. mai med avduking av minnesmerket over Christian Krohg, som i kraft av å ha leidd konstitusjonskomiteen som avviste grunnlovsframlegga i 1824 vart eit symbol på grunnlovskonservatismen i Stortinget.

Nettpresentasjonen er laga av stortingsarkivet. Foto: Vidar M. Husby.

Kjelder og litteratur
Mykland, Knut, Opsahl, Torkel og Hansen, Guttorm, Norges Grunnlov i 175 år, utgjeven i samarbeid med Stortinget, Gyldendal norsk forlag 1989.
Rønning, Bjørn Ragnolf og Wahl, Tanja «Det første Stortinget – union og kongevalg», «Striden og Grunnloven», «Flagget – den store symbolsaken», Stortinget og unionen med Sverige 1814-1905, utstillingskatalog, Stortinget 2005.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:21
: