Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Riksrett

Riksretten er ein domstol som dømer i saker reiste mot medlemer i regjering, storting eller Høgsterett for straffbare tilhøve som er gjorde i embetet.

Foto fra åpningen av riksretprotokollene i 1924

Riksrettsprotokollane frå 1883–1884 vart avgraderte og opna i 1924.© Oslo Museum /fotograf ukjend.

Noreg har hatt riksrett sidan 1814. I februar 2007 vart riksrettsordninga endra. Bakgrunnen for endringa var mellom anna eit ynske om å redusera det sterke politiske preget som den tidlegare ordninga hadde. Riksretten er omtala i Grunnlova §§ 86 og 87.

Handlingar som vert påtala i riksrett

Brot på konstitusjonelle plikter vert påtala i riksrett, dette er omtala i Grunnlova. Statsrådane kan mellom anna straffast for å ikkje gjennomføra tiltak, gjennomføra tiltak i strid med vedtak i Stortinget eller halda attende eller gjeva urette opplysningar til Stortinget. Stortingsrepresentantane kan òg straffast for å lata vera å gjeva Stortinget pliktige opplysningar, eller gjeva urette opplysningar.

Kva for nokre tilhøve som riksretten kan døma i, og strafferammene, er omtala nærare i lov om ansvar for handlingar som kan påtalast i riksrett.

Samansetjing av riksretten og ansvarskommisjonen

Riksretten er sett saman av elleve medlemer:

  • fem høgsterettsdommarar (høgsterettsjustitiarius og dei fire dommarane med lengst ansiennitet)
  • seks lekfolk (det såkalla riksrettsutvalet)

Høgsterettsjustitiarius leier riksretten. Riksrettsutvalet skal ha ei politisk forankring, men sitjande representantar og statsrådar skal ikkje veljast.

Ansvarskommisjonen er eit eksternt etterforskingsorgan som Stortinget kan bruka i moglege riksrettssaker. Medlemene i ansvarskommisjonen skal vera uavhengige og ha kompetanse om påtale og etterforsking. Ansvarskommisjonen har fem medlemer.

Medlemer av riksrettsutvalet (dei seks lekfolka i riksretten) og ansvarskommisjonen vert valde av Stortinget for seks år om gongen.

Vegen fram til mogleg påtale

Eventuelle riksrettssaker vert fyrst vurderte av kontroll- og konstitusjonskomiteen. Eit mindretal av medlemene (minst ein tredjedel) er tilstrekkeleg for at komiteen kan ta ei mogleg riksrettssak opp til vurdering.

Komiteen kan sjølv ta initiativ til å ta ei slik sak opp til handsaming. Komiteen skal òg vurdera eksterne førespurnader om brot på konstitusjonelle plikter. Finn komiteen at tilhøve i ein ekstern førespurnad ikkje kan påtalast ved riksrett, skal førespurnaden sendast over til den rette påtalemakta. Komiteen kan vedta at ein førespurnad ikkje skal leggjast fram for Stortinget når dei tilhøva det gjeld openbert ikkje kan føra til noko.

Når saka er ferdig handsama i komiteen, legg komiteen fram ei innstilling til Stortinget med eit av desse framlegga:

  • at Stortinget legg bort saka
  • at Stortinget reiser tiltale
  • at Stortinget bed ansvarskommisjonen føreta naudsynte undersøkingar

Å leggja saka bort eller reisa tiltale kan vedtakast med vanleg fleital. Å beda ansvarskommisjonen om å føreta undersøkingar kan vedtakast med eit mindretal (minst ein tredjedel), om ikkje eit fleirtal alt har vedteke tiltale eller å leggja saka bort.

Dersom saka vert send over til ansvarskommisjonen, skal kommisjonen føreta naudsynte undersøkingar og førebu påtalespørsmålet. Ansvarskommisjonen gjev deretter ein rapport til Stortinget der kommisjonen tek stode til om det er grunnlag for å stilla nokon til konstitusjonelt ansvar. Rapporten skal vera offentleg. Du kan lesa meir om ansvarskommisjonen i lov om rettergangsmåten i riksrettssaker.

Avgjerd om tiltale og dom

Stortinget avgjer deretter om det skal reisast riksrettstiltale. Om det vedtek at riksrettstiltale skal reisast, er det kontroll- og konstitusjonskomiteen som handlar på vegner av Stortinget under førebuingar og utføring av saka. Dette er omtala i Stortingets forretningsorden.

Riksretten kjem deretter med dom. Dommane som vert avgjevne er endelege og kan ikkje ankast.

Historikk

Noreg har hatt ein særskilt riksrett heilt sidan 1814, men 20. februar 2007 vart riksrettsordningen endra. Les meir om den nye riksrettsordninga og bakgrunnen for endringane i:

Den tidlegare ordninga hadde eit uvanleg sterkt politisk preg, og ho spela ei historisk rolle i samband med forfatningsstriden i 1870- og 80-åra. Det var Odelstinget som avgjorde om det skulle reisast tiltale. Riksretten vart samansett av medlemene i Lagtinget og Høgsterett. Ved domsavseiing skulle det delta fem medlemer frå Høgsterett og ti frå Lagtinget. Lagtingspresidenten administrerte retten. Det har vore halde riksrett åtte gonger (fram til og med 1883/84 var det sju).

1883–84

Mest kjend er riksrettssaka mot regjeringa Selmer, som bana vegen for parlamentarismen i 1884.

Riksrettssaka 1884

Teikning frå riksrettssaka mot ministeriet (regjeringa) Selmer i 1883–84. Teikning av Lorentz Norberg.

1926–27

Den siste riksrettssaka vart gjennomførd mot regjeringa Abraham Berge i 1926–27. Regjeringa var tiltala for å ikkje ha underretta Stortinget om at ho hadde gjeve statsstønad til ein bank. Dom i riksretten var frikjenning.

Foto fra opninga av riksretten i 1927.

Opninga av riksretten i 1927.

Jamvel om Riksretten var ein ansvarsdomstol, verka han nærast som ein politisk domstol. Politiske vurderingar stod tvillaust sentralt når Riksretten dømde om dei konstitusjonelt ansvarlege hadde gjort feil. Gjennomføringa av parlamentarismen førde til at Riksretten fyrst og fremst vart eit «ris bak spegelen».

1975–76

I 1975–76 hadde Odelstinget føre ei sak der ein stortingsrepresentant var skulda for å ha skaffa seg for stor diettgodtgjersle ved å gjeva urette opplysningar om butilhøva sine, men dei kom til at saka ikkje høyrde inn under riksrett.

1979

I 1979 hadde Odelstinget føre spørsmålet om det skulle reisast tiltale mot to tidlegare SV-representantar for brot på teieplikta i den såkalla Loran C-saka. Med 47 mot 44 røyster vart det vedteke at tiltale ikkje skulle reisast.

Fritz Moen-saka

I 2006 melde privatetterforskar Tore Sandberg tre høgsterettsdommarar for det han meinte var straffbare tilhøve i samband med handsaminga deira av Fritz Moen-saka. Kontroll- og konstitusjonskomiteen mottok meldinga i 2007, etter at den nye riksrettsordninga var innførd. Dei hadde høve til å avvisa meldinga, men valde å ta henne opp til handsaming.

I innstillinga frå komiteen kjem det fram at fleirtalet meinte at det ikkje var noko grunnlag for å senda saka over til Stortingets ansvarskommisjon. Dei talde Stortinget til å leggja bort saka, noko Stortinget gjorde. Eit mindretal av Framstegspartiet røysta for å senda saka over til Stortingets ansvarskommisjon med oppmoding om å føreta naudsynte undersøkingar for å klarleggja grunnlaget for ansvar.

Les innstillinga frå komiteen.

Sjå òg

Lov om ansvar for handlingar som vert påtala ved Riksrett (Lovdata).

Sist oppdatert: 08.12.2022 11:26
: