Publikasjonane

Stortinget gjev ut dokument, representantframlegg, innstillingar, referat og lovvedtak i samband med sakshandsaminga. Regjeringa sender over meldingar og proposisjonar som dannar grunnlag for sakene i Stortinget.

  • Dokumentserien

    Dokumentserien er ei samling med ulike publikasjonar med opphav i Stortinget eller organ knytte til Stortinget. Dokumenta vert handsama på same måte som saker frå regjeringa, med unnatak av skriftlege spørsmål.

  • Om representantframlegg

    Stortingsrepresentantane kan på eige initiativ ta opp saker i Stortinget – representantframlegg.

  • Om innstillingar

    Når ein komité har sluttført arbeidet sitt med ei sak, kjem komiteen med ei innstilling. Innstillinga vert deretter handsama i Stortinget. Gjennom innstillinga markerer partia dei politiske standpunkta sine, og fremjar framlegg til vedtak.

  • Om referat

    Det vert skrive referat frå alle møte i Stortinget. Det vert òg skrive referat frå møte i Europautvalet, kontrollhøyringar og visse andre komitéhøyringar.

  • Om lovvedtak

    Eit lovvedtak er lovteksten slik han er vedteken etter fyrste gongs handsaming i stortingssalen.

  • Om publikasjonar frå regjeringa

    Regjeringa sender over framlegga sine til Stortinget i form av proposisjonar og meldingar. Publikasjonane er laga av departementa og proposisjonane er utforma som tilrådingar om kva avgjerder Stortinget bør ta. Meldingane og proposisjonane vert fyrst lagde fram i statsråd og deretter sende til Stortinget.

  • Om stortingsforhandlingar

    Alle offisielle publikasjonar frå regjeringa og Stortinget vert samla i Stortingsforhandlingar. Stortingsforhandlingar dokumenterer den konstitusjonelle verksemda i Stortinget.

  • Hvordan henvise til Stortingsforhandlinger

    Vi har laget en anbefalt standard for hvordan forskere og andre bør referere til Stortingsforhandlinger i egne publikasjoner.