Representantforslag om straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip

Dette dokument

  • Representantforslag 30 S (2021–2022)
  • Frå: Sylvi Listhaug, Helge André Njåstad, Silje Hjemdal og Frank Edvard Sve
  • Sidetal: 2
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Stortinget har gjort vedtak om innføring av krav om nullutslepp for cruiseskip og båttrafikk i verdsarvfjordane, inkludert Geirangerfjorden frå og med 2026.

Normal trafikk til området er ca. 220 skip per år av verdas største cruiseskip og 400 000 passasjerar, som genererer ei verdiskaping på om lag 100 mill. kroner årleg.

For å kunne gjennomføre nullutsleppsvedtaket vil kravet om både landstraum og ladestraum vere heilt sentralt. Frå 2025 er det også innført krav om Tier 3, som det i realiteten berre er eit sterkt avgrensa antal cruiseskip i verda som har.

Det er liten eller ingen grunn til å tru at noko cruiseskip vil kunne oppnå nullutslepp innan vedtakstidspunktet 2026, men sannsynlegvis ikkje før tidlegast 2030, og truleg ikkje før fram mot 2035.

I dag er det ca. 220 anløp av cruiseskip til Geiranger per år, som ligg på tender eller ved seawalkanlegg. Ved innløpet til Geirangerfjorden ligg ei ny og moderne cruisekai i Hellesylt sentrum, der det årleg er om lag 100 cruiseskip som anløper.

Straumsituasjonen i desse to cruisehamnene er dramatisk dårleg.

Ein nyleg rapport som vart lagd fram ved hjelp av Mørenett, viser at kostnaden for tilførsel av tilstrekkeleg straumkapasitet til Geiranger vil, på grunn av verdsarvstatusen, kome på svimlande 500 mill. kroner+, uansett teknisk løysing.

I Geiranger har ein eit svært stort behov for straum, og status er at det i dette området berre er 2 MW disponibelt. Kapasiteten er så dårleg at det ikkje er mogleg å kople til fleire bustadar eller bedrifter osv.

Ved landstraumanlegg for cruiseskip vil ein ha eit behov for om lag 15–25 GWh, for lading av ferjer ca. 6–7 GWh, og for lading av bilar og andre mindre båtar ytterlegare GWh. I tillegg er det planlagt eigen parkeringshall i fjell som også har behov for straum.

I Hellesylt er det i dag ei større moderne cruisekai som tar imot alle typar av skip. Det er også i Hellesylt eit stort behov for straum, då det i dag berre er om lag 6–7 GWh disponibelt.

Det er også her nyleg lagt fram ein rapport ved hjelp av Mørenett, som syner at tilførsel av nødvendig straum til Hellesylt vil medføre eit behov for utbetring og auka kapasitet i linjenettet i Sognekraft mot Hornindal. Vidare vil ny 132 KW linje måtte byggjast frå Hornindal til Hellesylt. Kostnaden for desse to tiltaka er berekna til minst 220 mill. kroner+.

I Hellesylt vil ein også ha eit straumbehov på 15–25 GWh for cruiseskip, 6–7 GWh for ferjer og fleire GWh for lading av andre båtar, bilar osv.

Det er no snart berre fire år til kravet om nullutslepp for verdsarvfjorden og Geiranger trer i kraft. Derfor hastar det svært mykje med å avklare korleis ein kan møte desse utfordringane. Storsamfunnet og stortingsfleirtalet har vedteke kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane, som Geirangerfjorden og Nærøyfjorden/Flåm, som altså vil få betydelege konsekvensar for ei stor og viktig turist- og cruisenæring.

Verken næringa eller kommunane har moglegheit til å finansiere tilstrekkeleg med straumkapasitet til Geirangerfjordområdet inkludert Hellesylt, noko som vil kunne bety at nullutsleppsvedtaket betyr «tom fjord» og ikkje «grøn fjord» i framtida.

Fyrste prioritet for området er tilstrekkeleg straumkapasitet til Hellesylt så raskt som råd, slik at cruiseskip kan ligge der, og der turistane vidare kan verte frakta inn verdsarvfjorden og til Geiranger med mindre nullutsleppsfartøy som vil kunne gå på straum eller hydrogen.

Vidare prioritet vil vere å få på plass tilstrekkeleg med straumkapasitet til Geiranger, anten gjennom ny vurdering av kraftproduksjon eller linje inn til området, som altså er svært dyrt.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremma følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan sørge for tilstrekkeleg straumkapasitet til Geirangerfjordområdet innan 2026.

  2. Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ein plan for å kunne medverke til å finansiere tilførsel av nødvendig straumkapasitet til Geiranger.

  3. Stortinget ber regjeringa sørge for at Enova bidrar til landstraumanlegg i dei viktige cruisehamnene.

17. november 2021

Sylvi Listhaug

Helge André Njåstad

Silje Hjemdal

Frank Edvard Sve