Representantforslag om eit betra flytilbod i heile landet gjennom endring i luftfartsavgiftene

Dette dokument

  • Representantforslag 178 S (2017–2018)
  • Frå: Siv Mossleth, Steinar Ness og Ivar Odnes
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgunn

Ein har i dag eit system for luftfartsavgifter som skal finansiere drift av lufthamnene, og som skal gje incentiv til reduserte utslepp frå luftfart. Likevel er ikkje avgiftssystemet innretta slik at det er ein samanheng mellom reiseavstand og avgift. Eit av problema med dagens avgift er at korte ruter med små fly har ei mykje høgare avgift enn både lange og korte ruter med større typar fly. Det gjer at dei kommersielle rutene som betener store deler av Distrikts-Noreg, ikkje har ei høvesvis avgiftsbelastning. Landingsavgiftene er inndelt i vektklassar, noko som gjer at mindre fly med lågt setetal får ei høgare avgift per seteplass enn store fly sjølv om dei er tyngre. Dette medfører høge billettprisar, noko som igjen svekkjer konkurranseevna overfor andre transportformer. Det er urimeleg at det er høgare norske avgifter per passasjer tur-retur Stokmarknes–Bodø enn Oslo–London.

Forslagsstillarane meiner ein må endre avgiftene for luftfarten. Det må utarbeidast eit nytt system som sikrar at mindre fly ikkje har høvesvis større avgifter per passasjer enn store fly. Avgifter som er innførte av miljøomsyn, må òg differensierast slik at reiseavstand påverkar storleiken på avgifta. Slik tek ein i vare prinsippet om at forureinar skal betale.

El-fly er i uttestingsfasen, og fleire har peika på kortbanenettet for utprøving av denne teknologien, då ein raskast vil få fly av mindre type på marknaden. Avgiftssystemet bør òg vere i forkant av ei slik teknologiutvikling der mindre, utsleppsfrie fly ikkje har høgare avgifter enn større fly.

Forslagsstillarane meiner ei endring av systemet må gjerast slik at den samla inntekta til Avinor ikkje vert endra i negativ retning.

Forslag

På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa gjennomføre ein samla gjennomgang og endring av luftfartsavgiftssystemet for å sikre at fly med liten setekapasitet ikkje har høgare avgifter per seteplass enn større fly, og slik styrker tilbodet på kortbanenettet. Endringa må ikkje redusere Avinor sine samla inntekter.

22. mars 2018

Siv Mossleth

Steinar Ness

Ivar Odnes