Representantforslag om behovsvurdering og utforming av helseattest for bilførarar over 75 år

Dette dokument

  • Representantforslag 177 S (2017–2018)
  • Frå: Ivar Odnes, Siv Mossleth og Marit Knutsdatter Strand
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

I dag er det krav om at personar som har fylt 75 år, må ha helseattest for at førarkortet skal vere gyldig.

Statens vegvesen utarbeidde i 2010 ein rapport – Høyrisikogrupper i vegtrafikken.

Der konkluderer ein med følgjande:

«Om man peker ut eldre personer som et sikkerhetsproblem (risikable bilførere) og ut fra deres kronologiske alder kategoriserer disse som en homogen gruppe, ser man bort fra viktige forskjeller mellom individer og grupper av individer som er basert på andre faktorer.

Eksempler på slike forhold er helseaspekter, kjønn, etnisk bakgrunn, boforhold og økonomiske forutsetninger. Dette er forhold som virker inn på individers reisevaner og deres tilgang til trafikksikre kjøretøy og sikkerhetsutrustning i kjøretøyene. Det er ikke noe i resultatene fra prosjektet som taler for en generell begrensning av bilkjøring og førerkortinnehav for en viss aldersgruppe eldre personer.»

Vidare:

«Det er ikke noe i resultatene fra prosjektet som taler for en generell begrensning av bilkjøring og førerkortinnehav for en viss aldersgruppe eldre personer.»

Danmark fjerna tidelegare i år kravet om helsetesting av eldre bilførarar, og verken Sverige eller Tyskland har hatt eit slikt krav. Ulukkesstatistikken i Tyskland og Sverige, som ikkje har krav til helsetesting, skil seg ikkje frå land som har testing, slik at det er grunnlag for å hevde ein ulukkesreduserande effekt av testinga.

Kravet om helsetesting etter ein viss alder medfører mykje arbeid for helsepersonell og for førarkortmyndigheitene som kan synast unødvendig.

I svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ivar Odnes om det finst dokumentasjon på at kravet om helseattest medfører reduserte ulukkestal der personar i aktuell aldersgruppe er årsak til ulukka, svarar statsråd Ketil Solvik-Olsen følgjande (jf. Dokument 15:1056 (2017–2018)):

«Det er aktuelt å vurdere å vidareutvikle dagens reglar om helseattest for førarkort i lys av dagens kunnskap og erfaringar frå andre land, særleg om vi kan gjere det enklare både for dei som har førarkort og for styresmaktene, samstundes som trafikktryggleiken ikkje blir skadelidande.

Aldersgrensa for helseattest blei auka frå 70 til 75 år i 2013 særleg på grunn av betre helse blant eldre. Det er viktig for trafikktryggleiken at dei som køyrer bil oppfyller naudsynte krav til helse. Aldringsprosessen fører til at funksjonar som er viktige for å køyre sikkert, blir svekka og med aukande alder følgjer oftare sjukdom og auka medisinbruk. Hos eldre kan det og vere helsetilstander som kvar for seg ikkje er til hinder for å køyre bil på ein forsvarleg måte, men der summen av tilstandane kan føre til auka risiko.»

Statsråd Bent Høie svarar følgjande på spørsmål frå same representant om kor mykje tid og ressursar helsevesenet nyttar på kontroll (jf. Dokument 15:1055 (2017–2018)):

«Det er Samferdselsdepartementet som er ansvarleg departement for førarkortforskrifta. Helsedirektoratet har utarbeidd helsekrava som er vedlegg til forskrifta på vegne av Vegdirektoratet.

Frå 2013 vart det eit krav at førarkortet alltid skal ha påteikna gyldigheitstid og eventuelle vilkår for kvar einskild klasse. Aldersgrensa for helseattest vart samstundes auka frå 70 til 75 år. Dei fleste av EU-landa har ei liknande ordning som Noreg. Ved fornying etter fylte 75 år, må søkar legge fram ein vanleg helseattest med inntil 3 års gyldigheit. Etter fylte 78 år kan helseattest skrivast ut med inntil 2 års gyldigheit. Ordninga kan mellom anna fange opp eldre førarar med høg helserisiko som elles ikkje ville gått til legen. Det er viktig for trafikktryggleiken at dei som køyrer bil oppfyller naudsynte krav til helse.

Helsedirektoratet reknar at den samla årsverksinnsatsen ved helseundersøkingar for personar som får fornya førarkort ved 75-, 78- og 80-årsalder utgjer om lag 10 årsverk.

Talet årsverk for helseattestane ved 75 års alder utgjer ca. 4,5.

For å rekne ut den samfunnsøkonomiske kostnaden knytt til krav om fornying av helseattest etter 75 år, er det fleire faktorar som må utgreiast, mellom anna om kravet medfører reduserte ulukkestal.

Tala for 2017 syner at i aldersgruppa over 75 år var det 2534 tilrådingar til politiet om inndraging frå fylkesmannen, av 8991 totalt. Fleirtalet av desse sakene, 1666 saker, var i sjukdomskategorien ‘kognitiv svikt’. Etter Helsedirektoratet si vurdering vert mange av desse fanga opp nettopp på grunn av kravet til helseattest ved fylte 75 år og 78 år.

Eg syner elles til svar frå Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på spørsmål 1056, som peikar på er det aktuelt å vurdere å vidareutvikle gjeldande reglar i lys av ny kunnskap og røynsler frå andre land, særleg om vi kan gjere det enklare både for dei som har førarkort og for styresmaktene, samstundes som trafikktryggleiken ikkje vert skadelidande.»

Forslagsstillarane meiner informasjonen som ligg føre frå statsrådane, og det faktum at Tyskland og Danmark har lempa på krava til helseattest, gjev grunnlag for ei ny vurdering av kravet også i Noreg.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane frem følgjande:

forslag

Stortinget ber regjeringa vurdere behovet for obligatorisk helseattest og utforminga av testing av personar over 75 år og kome attende til Stortinget på eigna måte.

22. mars 2018

Ivar Odnes

Siv Mossleth

Marit Knutsdatter Strand