Representantforslag om vern av Øystesevassdraget

Dette dokument

  • Representantforslag 90 S (2017–2018)
  • Frå: Lars Haltbrekken, Arne Nævra, Gina Knutson Barstad, Åsmund Aukrust, Ruth Grung og Per Espen Stoknes
  • Sidetal: 2
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Øystesevassdraget ligg sentralt i Hardanger, i Kvam kommune aust for Bergen. Vassdraget er eit fjordvassdrag og har utlaup i Hardangerfjorden. Vassdraget har kort avstand frå høgfjellet til fjorden. Det ligg i eit område med lite vern av heile nedbørsfelt av denne typen, og ligg inn mot ein region med mykje vasskraftproduksjon. Vassdraget er mykje nytta til friluftsliv og rekreasjon. Vassdraget, som renn frå fjell til fjord, representerer også ein type vassdrag me har lite av i verneplanane. Forslagsstillarane viser i samband med dette til St.prp. nr. 53 (2008–2009), kor det står:

«Departementet syner til at Verneplan I–IV med suppleringar vernar om vassdrag med store naturverdiar. Etter denne avsluttande suppleringa er det verna vassdrag som tilsvarar eit utbyggingspotensial på om lag 45 TWh. På denne bakgrunn finn departementet at ein må vere varsam med å redusere potensialet for fornybar energi gjennom ytterligare vern, men at ei utviding av verneplanen likevel er aktuell dersom det blir påvist særskilte kvalitetar som manglar i planen. Dette må samstundes vurderast i lys av dagens klimautfordringar og trongen på fornybar energi.»

28. august 2017 avslo regjeringa Solberg søknadane frå BKK Produksjon AS og Øystese Kraft AS om høvesvis overføring av vatn frå øvre del av Øystesevassdraget og utbygging av nedre del.

I si grunngjeving for å avslå søknadene om kraftutbygging seier regjeringa:

«Regjeringen ønsker at vi skal utnytte våre fornybare energiressurser. Samtidig må vi ta vare på verdifullt landskap, friluftsliv og biologisk mangfold. I denne saken har vi besluttet at hensynet til det siste må veie tyngst. At vassdraget er urørt fra fjord til fjell gjør at området har stor verdi som turområde for folk i hele regionen.

(...)

Øystesevassdraget har særskilte kvaliteter knyttet til landskap og friluftsliv. Dette er verdier det er viktig å bevare. Etter en helhetlig vurdering har vi kommet til at begge søknadene avslås av hensyn til friluftsliv, landskap og biologisk mangfold.»

Vidare seier dei:

«Øvre del av Øystesevassdraget er en av få elver i Kvamsfjella uten tyngre tekniske inngrep. Selv om de fysiske inngrepene ved en overføring er relativt begrensede, finner departementet, på bakgrunn av eksisterende vannkraftinngrep i samme fjellområde, at de samlede ulempene for landskap og friluftsliv er betydelige, og må regnes som større enn fordelene ved om lag 41,5 gigawattimer (GWh) økt regulerbar kraftproduksjon.

(...)

Nedre del av Øystesevassdraget har mindre verdi for landskap og friluftsliv enn den øvre delen, men omfattende kartlegging av naturtyper og biologisk mangfold har blant annet dokumentert sårbare rødlistede mose- og lavarter i området. Det er usikkert om de avbøtende tiltakene som følger kraftutbygging her vil være tilstrekkelige for å ivareta disse verdiene. Departementet har kommet til at ulempene ved utbygging av nedre del er større enn fordelene ved 63,3 GWh i økt kraftproduksjon, alternativt 44,3 GWh om både øvre og nedre del skulle bygges ut.»

Vassdraget har tidlegare vore foreslått verna. Då Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) handsama forslag til supplering av verneplan for vassdrag i forkant av St.prp. nr. 53 (2008–2009) Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering, vart det gjennomført ein høyringsrunde om vern av Øystesevassdraget. Kvam kommune, Direktoratet for naturforvaltning (DN), reiselivsorganisasjonar og naturvern- og friluftsorganisasjonar gjekk då inn for vern av heile vassdraget. Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK AS) gjekk imot vern. Grunneigarar langs elva nedanfor Fitjadalsvatnet gjekk inn for å avgrense vernet til den øvre delen, slik at ein kunne realisere planar om å nytte fallet i den nedre delen i eit elvekraftverk. Ei overføring i samsvar med BKK sine planar ville redusere utbyggingspotensialet i den nedre delen. Høyringsfråsegnene synte at det var ulike syn mellom verne- og utbyggingsinteressene, men også motstridande interesser mellom dei ulike utbyggingsinteressene.

NVE vurderte den gongen at Øystesevassdraget har kvalitetar som klart kvalifiserer til å vere ein del av Verneplan for vassdrag, særleg på grunn av kvalitetar knytte til landskap, variasjonsrikdom i naturtypar frå fjell til fjord og friluftsliv. Dei meinte også at dette er eit fjordvassdrag i eit område som er lite representert i verneplanen. Det verna vassdraget Fosselvi som ligg like ved, dekker berre øvre delar av denne typen vassdrag. NVE gjekk ikkje inn for å avgrense vernet til øvre del, fordi dei meinte at verneplanen for vassdrag skal utgjere eit representativt snitt med vekt på å verne heile vassdrag med deira dynamikk frå fjell til fjord. Dei peika også på at nedre del har natur- og opplevingskvalitetar knytte til det varierte elvelaupet i stryk og fossar. NVE tilrådde at heile Øystesevassdraget vart teke inn i verneplanen.

I høyringa som vart gjennomført i forkant av St.prp. nr. 53 (2008–2009) Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering, kom det fram følgjande: Hordaland fylkeskommune tilrådde at øvre delar av vassdraget vart tekne inn i verneplanen. Fylkesmannen i Hordaland støtta innstillinga til NVE. Kvam herad ønskte prinsipalt delt vern, subsidiært fullt vern. Naturvernforbundet, Kvam Turlag og Vernelaget for vassdrag i Kvam støtta vern av heile vassdraget.

Øystesevassdraget vart likevel ikkje teke inn i verneplan for vassdrag i samband med handsaminga av St.prp. nr. 53 (2008–2009), jf. Innst. S. nr. 289 (2008–2009). Spørsmålet om vern vart også handsama i samband med eit representantforslag frå Audun Lysbakken og Heikki Eidsvoll Holmås, Dokument 8:147 S (2014–2015), jf. Innst. 237 S (2015–2016). Forslaget vart behandla 26. april 2016. Heller ikkje denne gongen blei vassdraget teke inn i verneplanen.

Sidan regjeringa no har avslått søknadene om kraftutbygging i både øvre og nedre del av vassdraget, foreslår forslagsstillarane at Stortinget på nytt handsamar spørsmålet om vern.

Forslag

På dette grunnlag legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa fremme sak for Stortinget om at heile Øystesevassdraget vert supplert inn i verneplan for vassdrag.

13. desember 2017

Lars Haltbrekken

Arne Nævra

Gina Knutson Barstad

Åsmund Aukrust

Ruth Grung

Per Espen Stoknes