Bakgrunn

Stortinget si handsaming av Prop. 73 S (2011–2012) stadfesta at Heimevernet (HV) skulle organiserast innanfor ei ramme på totalt 45 000 mannskap, der 3 000 skulle verte organiserte i Heimevernet si innsatsstyrke og 42 000 i områdestrukturen. I Prop. 151 S (2015–2016) vert det føreslått å byggje ned Heimevernet sin områdestruktur til 35 000 soldatar samt å leggje ned Sjøheimevernet (SHV).

I Prop. 151 S (2015–2016) skreiv regjeringa mellom anna følgjande om Heimevernet sin områdestruktur:

«Målsettingen om en områdestruktur på 42 000 mannskaper er ikke oppnådd. Det er spesielt utfordrende å fylle opp strukturen i Finnmark. For å tilpasse områdestrukturen til den reelle situasjonen anbefaler regjeringen en reduksjon fra dagens plantall på 42 000 mannskaper til 35 000 mannskaper innen 2020.»

Fredag 23. desember 2016 viste Klassekampen at situasjonen i Heimevernet ikkje er slik Prop. 151 S (2015–2016) gir inntrykk av. Ifølgje Klassekampen oppgir dei ulike heimevernsdistrikta at dei i dag har i overkant av 41 000 soldatar. For å nå det politiske målet om 35 000 soldatar, legg difor Heimevernet opp til ein reduksjon i HV sin områdestruktur på 6 000 mannskap. Ifølgje Klassekampen skjer det no ein prosess der ein reduserer talet på HV-soldatar, utan at HV vil gje ut konkrete tal som viser kva for område som får kutta sin HV-styrke.

Riksrevisjonen sin rapport om den årlege revisjon og kontroll for budsjettåret 2015 konkluderer med at manglande objektsikkerheit gir risiko for at viktige samfunnsfunksjonar vert sett ut av spel i kritiske situasjonar. Riksrevisjonen slår mellom anna fast at den

«ser det som svært alvorlig at Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet ikke har sørget for å styrke og bedre samarbeidet mellom politiet og Forsvaret om sikring og beskyttelse av utpekte eiendommer (objekter) ved bruk av sikringsstyrker. Viktige tiltak som skal sikre godt samarbeid og gode forberedelser, er ikke gjennomført. Det er derfor risiko for at verken politiet eller Forsvaret, sammen eller hver for seg, vil være i stand til å utøve tilstrekkelig beskyttelse og sikring av viktige objekter ved en trusselsituasjon. De to departementene har heller ikke sørget for at Politidirektoratet og Forsvaret har etablert en permanent grunnsikring for egne skjermingsverdige objekter i henhold til kravene i lov om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven) og forskrift om objektsikkerhet.»

Heimevernet har i dag eit landsdekkande ansvar med hovudoppgåver innanfor vakthold og sikring av viktige militære og sivile objekt. HV skal vere tilgjengeleg på kort varsel, med einingar med god lokalkunnskap. Heimevernet har også ei avgjerande rolle i å støtte det sivile samfunn og den generelle beredskapen i samfunnet. Heimevernet stiller raskt ein nasjonal styrke på 44 000 soldatar i fred, krise og krig. Ein vesentleg del av desse vil vere på plass i løpet av nokre få timar. Dette er mogleg på grunn av at Heimevernet er til stades over heile landet.

I dag får Heimevernet under 3 prosent av forsvarsbudsjettet, utgjer den største delen av forsvaret sine militære styrkar og dekker i praksis heile det norske landterritoriet. Ein reduksjon av Heimevernet vil difor gje små økonomiske vinstar, medan konsekvensane for beredskapen kan bli særs store.

I Prop. 151 S (2015–2016) skreiv regjeringa at:

«det er viktig å se den landmilitære evnen samlet, slik at Heimevernets fremtidige rolle, struktur og kapasiteter vurderes i samanheng med den fremtidige utviklingen av Hæren. Den videre utviklingen av Heimevernet vurderes derfor som en del av den tidligere omtalte landmaktutredningen».

I innstilling 62 S (2016–2017) er det mellom anna slått fast at

«et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, mener at det i tråd med proposisjonen skal legges opp til en videreføring av dagens struktur med økte driftsmidler inntil landmaktstudien er ferdigbehandlet.»

Regjeringa skreiv i Prop. 151 S (2015–2016) at

«for å kunne prioritere en satsing på andre og viktige kapasiteter anbefaler regjeringen å avvikle Sjøheimevernet innen 2020».

Like fullt var det ei forståing mellom regjeringa og samarbeidspartia at Sjøheimevernet sine kapasitetar skulle vidareførast i 2017. Dette ble slått fast gjennom følgjande merknad i Innst. 62 S (2016–2017):

«Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre som positivt at det er oppnådd politisk flertall i Stortinget for å videreføre nåværende struktur i Heimevernet, inklusive HV-11/Setnesmoen og Sjøheimevernet ut 2017. Videre er det oppnådd flertall for at bevilgningene til drift i Heimevernet i 2017 er styrket i forhold til regjeringens budsjettforslag».

Trass i dette er det komen informasjon som tyder på at regjeringa allereie har satt i gong nedbygging av Sjøheimevernet, og at prosessen er tenkt sluttført innan 1. januar 2018.

Forslagsstillarane reiser på dette grunnlag forslag om at Stortinget ber regjeringa stanse alle pågåande nedskjeringsprosessar i Heimevernet fram til landmaktutgreiinga er handsama på Stortinget.