Til Stortinget
I dag er elevane i grunnskulen berre sikra retten til opplæring
på eige språk dei fyrste sju åra av 13-årig skulegang. I språkblanda
område er det ofte nynorskelevane som kjem i mindretal. På ungdomsskulen
går mange nynorskelevar i grupper der opplæringa skjer på bokmål.
Mange lærarar på språkdelte ungdomsskular brukar berre bokmål som
undervisningsspråk. Forslagsstillarane meiner dette bør endrast
slik at alle elevar i heile grunnskulen får rett til opplæring på
hovudmålet sitt, og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe.
Bokmål og nynorsk har i dag lovforankra status som likeverdige
og likestilte norske skriftspråk og skal vera integrerte delar i
ein språkdelt nasjonal felleskultur. Dette låg også til grunn i
Språkmeldinga, St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg
norsk språkpolitikk. Det overordna målet for språkpolitikken blei
her skildra å vera å sikra posisjonen for norsk som eit fullverdig,
samfunnsberande språk i Noreg. Med omgrepet samfunnsberande språk
er meint eit overordna fellesspråk som i eit moderne, fleirkulturelt
samfunn blir brukt til administrasjon og samfunnsdebatt, som held
storsamfunnet saman og gjev det identitet, samstundes som det også gjev
gode leve- og utviklingsvilkår for alle dei språklege delkulturane
som finst i samfunnet. Språk er viktig som kulturberar, som gjer
oss betre i stand til å forstå både samtida og fortida, og er nært
knytt til både maktforhold og demokratiet sine kår.
I ein felleskultur vil dei minst nytta språka oftast vera under
størst press. Det er også tilfellet i Noreg. Men skal eit språk
haldast i hevd, må det brukast. At elevar ikkje får opplæring på
si målform, kan bidra til at fleire elevar skiftar til den mest
nytta språkforma. At elevar vel vekk nynorsk ved overgang til ungdomskulen,
er ikkje berre eit tap for elevane, men for heile samfunnet. Å sikra
at nynorsk har gode rammevilkår i grunnskulen er derfor ei viktig
politisk oppgåve. I Språkmeldinga, St.meld. nr. 35 (2007–2008), heiter
det at ein både praktisk og økonomisk må leggje til rette for at
nynorsken kan tryggja og styrkja posisjonen sin som eit levande
bruksspråk og eit likeverdig offisielt skriftspråk ved sida av bokmål.
Det er kommunen som vedtek om ein skule skal bruka nynorsk eller
bokmål i den skriftlege opplæringa. Frå 1. til og med 7. årstrinn
må elevane bruke det hovudmålet kommunen har vedteke for skulen
i det skriftlege arbeidet. Elevar som ønskjer skriftleg opplæring
på anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, kan ha rett til å
høyra til ei eiga målformgruppe. Opplæringslova § 2-5, om målformer
i grunnskolen, slår nemleg fast at når minst ti elevar på eitt av
årstrinna 1.–7. i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit
anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøyra
ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen
i denne gruppa.
Opplæringslova § 2-5 om å tilhøyra eiga målformgruppe gjeld ikkje
for grunnskuleelevar på 8.–10. trinn. Frå og med 8. årstrinnet vel
elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke. Men det
er undervisningspersonalet, ikkje elevane, som avgjer opplæringsmålet
i ungdomsskulen. I språkdelte område kan dette føre til at mange
elevar med nynorsk som hovudmål får storparten av undervisninga
si på bokmål. I ein case-studie utarbeidd for Utdanningsdirektoratet
(Undersøkelse av nynorsk som hovedmål, Proba-rapport nr. 2014 –
07) er ein av konklusjonane at når elevar byter målform, har skulen
ikkje tatt grep for å styrkja nynorsken eller hindre språkbytte.
I rapporten heiter det:
«Videre er det ingen av skolene vi besøkte som har tatt spesielle
grep for å styrke nynorsken ved skolen, eller legge bedre til rette
for undervisning for nynorskelevene. Både lærere og skoleledelse
forteller at de har en pragmatisk tilnærming til de to målformene,
og at både de og elevene selv må finne ut av hvilket språk som kan
være deres verktøy i hverdagen.»
Noregs Mållag har rekna ut at det er om lag 46 kommunar i Noreg
i dag med ungdomsskular der talet på nynorskelevar er så stort at
dei etter lova ville ha rett til å gå i eiga elevgruppe om dei gjekk
på barneskulen. Det er kjent at overgangen frå barneskule til ungdomsskule
er ein overgang der det ofte skjer eit språkskifte, frå nynorsk
til bokmål. Rett til å gå i eiga elevgruppe vil kunne redusere dette
språkskiftet.
I Odda kommune har ein løyst utfordringa med å vere eit språkblanda
område ved å ha eigne bokmålsklasser og eigne nynorskklasser. Slik
er elevane sikra god opplæring på hovudspråket sitt gjennom heile ungdomsskulen.
I Odda barneskule er det skuleåret 2015–2016 354 elevar, 131 får
opplæring på bokmål, 223 på nynorsk. I ungdomsskulen er det om lag
212 elevar, og av desse får 81 elevar opplæring på bokmål og 131
får opplæring på nynorsk (Grunnskolenes informasjonssystem).
Språkdelinga i Odda gjer at dei elevane som har hatt opplæring
i nynorsk i barneskulen, får halde fram med nynorskopplæring i ungdomsskulen.
Elevane får all undervisning og alt undervisningsmateriell i alle
fag på hovudmålet sitt. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar.
Denne ordninga hindrar målbyte i grunnskulen og medverkar til at
så godt som alle elevane held fram med nynorsk i den vidaregåande
skulen og seinare i livet.
I innstilling til Stortinget frå kommunal- og forvaltningskomiteen
om kommuneproposisjonen 2016, Innst. 375 S (2014–2015), skriv fleirtalet:
«Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet,
Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti
viser til at det er lagt inn merknader i kommuneproposisjonen for 2015
om at nynorsken ikkje må bli skadelidande av kommunereformen. Fleirtalet
viser også til at LNK har fått tilskot frå departementet. Fleirtalet
understrekar viktigheten av dette, og ber regjeringen også vurdere
som eit tiltak for å styrke nynorsken å likestille ungdomsskule
og barneskule med tanke på retten til opplæring på eige språk og
komme tilbake til Stortinget på eigna måte om det.»
Forslagsstillarane viser såleis til at Stortinget har vore oppteken
av å sidestille ungdomsskulen med barneskulen når det gjeld retten
til opplæring på eige språk. No hastar det med å få på plass tiltak
som kan sikra nynorsken sin plass i den språkdelte nasjonale felleskulturen.
På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa utreie ei endring av opplæringslova
§ 2-5 og andre moglege tiltak som kan sikra elevar på ungdomsskulen
rett til opplæring på hovudmålet og rett til å høyre til ei eiga
målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
17. juni 2016