Stortinget - Møte tirsdag den 4. mai 2021

Dato: 04.05.2021
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Innhald

Sak nr. 14 [18:01:45]

Interpellasjon fra representanten Liv Signe Navarsete til utviklingsministeren: «I 4 år har partnarskapen Ceres2030 gått gjennom fleire hundre tusen artiklar og rapportar frå dei siste 20 åra for å få svar på korleis verda mest effektivt kan utrydde svolt og ekstrem fattigdom innan 2030, og kva det vil koste. Konklusjonen er at om dei rike landa doblar si støtte til verdas 500 000 småbønder så dei kan doble sin matproduksjon, og landa gjer det same, kan dei langt på veg få slutt på ekstrem fattigdom og svolt og samstundes takle klima- og naturkrisa som råkar dei. Noreg yter 2–3 pst. av bistandsmidlane til landbruk, og er dermed på jumboplass i OECD der gjennomsnittet er på 7 pst. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan, men lite har skjedd etter det. Korleis vil statsråden sikre at Noreg yter ein langt større del av bistandsmidlane til landbruk og kampen mot svolt og ekstrem fattigdom og slik bidreg til at berekraftsmål 2 kan oppnåast innan 2030?»

Talarar

Liv Signe Navarsete (Sp) []: Det er ein menneskerett å ha tilgang på mat. Trygg tilgang på mat er grunnleggjande for alt anna.

Etter fleire tiår med gradvis nedgang i svolt blant fattige har det sidan 2014 vore ein auke i talet på menneske som lever med vedvarande matutryggleik og kronisk svolt. I 2019 var det 690 millionar menneske som opplevde dagleg svolt. Senterpartiet vil gå i kampen for dei fattigaste i verda. Me nektar å akseptere denne utviklinga, når me veit at det er mogleg å brødfø heile befolkninga i verda.

Senterpartiet meiner at om mattryggleiken ikkje vert sikra, er det nyttelaust å drive anna bistand. Svolt er det største helseproblemet i verda, og det vil fortsetje å auke. FN varslar at koronapandemien kan doble talet på menneske i akutt svolt og gjere det endå vanskelegare å nå berekraftsmål 2.

Klimaendringane og krig og konflikt bidreg òg til den dystre utviklinga. For at alle skal få ete seg mette, må me fordele ressursane og ta vare på maten som vert produsert, på ein betre måte enn i dag.

Å sikre menneske tilstrekkeleg tilgang til mat vil vere noko av det viktigaste i tida som kjem, både for å nedkjempe svolt, førebyggje krig og konflikt og gjere statar meir motstandsdyktige i møte med nye kriser.

Dei fleste av dei fattigaste i verda og dei som svelt, bur på landsbygda og er avhengig av landbruket for å overleve. Konsortiumet Ceres2030, ei gruppe av forskarar, økonomar og sivilsamfunnsorganisasjonar som arbeider for å nå målet om å utrydde svolt, har i ein rapport vist kva som trengst. Dei har gått gjennom meir enn 500 000 artiklar for å finne svar på nett desse spørsmåla. Verda kan utrydde svolt om me klarar å mobilisere. Ceres2030 stadfester at dersom det internasjonale samfunnet doblar støtta si til dei 540 millionane småskalabønder i verda, så dei kan doble matproduksjonen sin, kan me langt på veg få slutt på ekstrem fattigdom og svolt – og me kan redusere klimautslepp frå landbruket i tråd med Parisavtalen. Dette betyr grovt sett ei dobling av dagens totale globale bistand til dette viktige området.

Noreg må langt meir enn doble innsatsen sin på området, fordi ein lenge har satsa aller minst på landbruket av alle OECD-landa – aller minst.

Sjølv om 60–80 pst. av folkesetnaden og dei fleste fattige i Noregs partnarland lever av landbruket, har berre 2–3 pst. av norsk bistand gått til landbruk – langt under OECD-gjennomsnittet på 7 pst. Dette har skjedd trass i at Stortinget for fleire år sidan bad om ei opptrapping på dette feltet.

Regjeringa hevdar at det er lagt meir vekt på mattryggleik, men budsjettet vert òg blåse opp når humanitær bistand vert teken med. Humanitær bistand bidreg ikkje til langsiktig mattryggleik. Det vert jo som å seie at humanitær bistand og støtte er klimatilpassing. Kan statsråden forsikre at humanitær bistand knytt til konsekvensane av pandemien ikkje vil gå ut over langsiktig bistand for å nå berekraftsmål 2?

Det vert òg hevda frå enkelte at budsjetta til ambassadane vert reduserte med omsyn til landbrukssatsing i både Malawi og Etiopia – begge er land som absolutt treng sterk auke i budsjetta. Kan statsråden stadfeste eller avkrefte det?

Regjeringa legg mykje vekt på FN og globale satsingar, som ikkje kjem frå utviklingslanda sjølve. Me ser ikkje at Noreg står fram som ein tydeleg bilateral partnar på landbrukssida i partnarlanda våre.

Regjeringa uttrykkjer i budsjettet for 2021 at dei ynskjer ei auka satsing på klimatilpassing og mattryggleik. Det har jo òg regjeringa forplikta seg til ved å lansere den ambisiøse handlingsplanen «Mat, mennesker og miljø – Regjeringens handlingsplan for bærekraftige matsystemer i norsk utenriks- og utviklingspolitikk 2019–2023». Handlingsplanen vart lansert i 2019. Me ser derimot ikkje at løyvingane fylgjer etter. Me ser heller ikkje at regjeringa fører og løftar klimatilpassa landbruk og mattryggleik internasjonalt. Saman med auka løyvingar til dette viktige arbeidet ville ei slik satsing kunne gitt Noreg ei global leiarrolle i kampen mot svolt – i tråd med handlingsplanen til regjeringa.

Eg vil understreke at støtta til mattryggleik, landbruk og klimatilpassing må aukast kraftig i åra framover, for å sikre at norsk bistand vert meir relevant, effektiv og tru mot sitt hovudmål om å kjempe ned svolt og fattigdom. Svolt er som kjent det største helseproblemet i verda, og det er aukande. Difor må dette verte ei hovudsatsing i norsk bistand og bør utgjere minst 15 pst. av bistandsbudsjettet. Det betyr ei fleirdobling frå dagens nivå. Kan utviklingsministeren dele dei ambisjonane?

Svolt og konflikt har ein direkte samanheng. Konflikt leier til mangel på mat, og motsett kan mangel på mat føre til konflikt. Matmangel kan forverre eksisterande sosiale spenningar, fyre opp under misnøye og frustrasjon og gi grobotn til ekstremistgrupper. Difor har NATO teke tak i mattryggleik som ein viktig del av tryggleikspolitikken. Eg har sete i NATOs parlamentarikarforsamling dei siste åtte åra, og eg trur det er tre år sidan fyrste gong at mattryggleik kom opp der som eit tema saman med klimaforverringar, som sjølvsagt er ei av utfordringane for dei fattige landa i sør.

Eit av dei viktigaste stega for å byggje opp eit land etter konflikt eller alvorlege naturkatastrofar er å få i gang att matproduksjonen. Det er langt større sjanse for at konflikt blussar opp att om befolkninga manglar tilgang til mat og vatn. I løpet av ein tiårsperiode er det 40 pst. større sjanse for at konflikt oppstår att om mattryggleiken er manglande i landet, dette ifølgje FNs organisasjon for ernæring og landbruk.

Utanriksministeren, som ganske nyleg la fram si utgreiing om Noregs utanrikspolitikk, sa òg at dette er eit område som NATO på høgt nivå no arbeider med.

Me er i starten av FNs tiår for familiejordbruket som starta i 2019 – eit tiår som er lite omtala i norsk bistand. Det er ofte lett å gløyme kor viktig det har vore i vår eiga utvikling. Den norske landbruksforvaltninga baserer seg på gardbrukarfamiliar og lokalsamfunn, at dei bruker jorda og naturressursane på ein berekraftig måte og overleverer desse verdifulle ressursane til komande generasjonar. Familiegardsbruket står for 80 pst. av maten som vert produsert globalt, og delen er høgare i utviklingsland. Familien og lokalsamfunna utgjer den viktigaste sosiale kapitalen i sårbare hushald i krise.

Offentlege sosiale og økonomiske tryggleiksnett er i stor grad fråverande i Noregs partnarland t.d. i Afrika. Familien og lokalsamfunnet er heilt sentrale når det gjeld å styrkje robustheita til sårbare grupper. Dei utgjer den viktigaste fyrstelina med tanke på sårbarheit. Me har sett dette i hiv og aids-situasjonen, der slektningar tek vare på born og foreldre som er smitta, og me ser det når familiar vert råka av klimaendringar. Ikkje minst under covid-19-pandemien har familien og lokalsamfunna vore viktige institusjonar som har redusert effekten av pandemien. Familiar prioriterer å gi born god skulegang, så langt dei har økonomi til dette. Difor er det viktig at bistanden bidreg til å styrkje grunnlaget for ein god familieøkonomi. Dermed kan familiane sjølve investere i t.d. helse og utdanning, som som oftast ikkje er gratis.

Det er likevel vanskeleg å sjå at regjeringa vektlegg familien i norsk bistand, sjølv når Kristeleg Folkeparti løftar fram familien som svært viktig i norsk politikk. Familiejordbruket er heilt sentralt m.a. i arbeidet med mattryggleik og ikkje minst klimatilpassing. Eg vil difor oppmode statsråden til å ta med seg Kristeleg Folkepartis fokus på familien også inn i bistandspolitikken. Er det noko utviklingsministeren er villig til å gjere?

Statsråd Dag-Inge Ulstein []: Det er ikke lett å ta inn over seg at det i denne verden, altså nå i 2021, fortsatt finnes 690 millioner mennesker som sulter, slik interpellanten nettopp har nevnt. Fra Sentral-Asia og tvers over den arabiske halvøya, ned til det sørlige Afrika og over til den andre siden av Atlanteren kan det snart være nærmere én milliard mennesker som ikke vet hvor det neste måltidet skal komme fra.

Allerede før pandemien var antallet som sulter, på vei opp, ikke på vei ned, slik det må for at vi skal nå våre mål. Derfor er det vanskelig å se for seg et mer riktig og viktig spørsmål å snakke om i denne salen her enn nettopp sult og ekstrem fattigdom. Derfor takker jeg representanten Navarsete for at hun gir oss muligheten til nettopp det.

Mat er grunnlaget for alle menneskers eksistens. Når kvinner, menn og barn opplever matusikkerhet, påvirker det helsen, utdanningsmuligheter og jobbmuligheter, selve evnen til å ta seg av sine nærmeste. Det tar bort grunnlaget for et godt og meningsfylt liv. Det tar bort muligheten for utvikling.

Derfor har regjeringen løftet landbruk og matsikkerhet i arbeidet med å bekjempe fattigdom, og derfor brukte Norge nesten 2,3 mrd. kr på matsikkerhet, fisk og landbruk i 2020. Dette var 5,8 pst. av et bistandsbudsjett som var større enn noe bistandsbudsjett noen gang har vært. Vi har økt det langsiktige bidraget med 450 mill. kr de siste årene, og når det gjelder den humanitære innsatsen som det er vist til her, styrket Stortinget støtten til Verdens matvareprogram med en halv milliard så seint som i desember.

Vi måler bistanden først og fremst i resultater, ikke i prosentvis bruk av bistandsbudsjett og på enkelte sektorer og poster. Derfor er innsatsen vår innen matsikkerhet større enn hva som vil framgå hvis en bruker OECDs koder for hva som regnes som matsikkerhet. DAC-kodene gir altså ikke det fullstendige bildet her.

Det viktigste spørsmålet er i hvilken grad bistanden vår treffer på en slik måte at den skaper flest mulig ringvirkninger, eller styrker mottakerens langsiktige evne til å skape sin egen vekst. Regjeringen ønsker å øke både kvaliteten og kvantiteten på arbeidet knyttet til matsikkerhet.

Pandemien har gjort arbeidet med bærekraftsmålene vanskeligere, men også viktigere. Å utrydde sult og ekstrem fattigdom på ni år er ambisiøst, men ikke håpløst. Årsakene til sult er mange og henger nøye sammen. Det ser vi ikke minst på koblingen mellom de tre største hindrene for å bekjempe sult, nemlig konfliktene – som vi hørte om – klimaendringene og koronapandemien.

Heldigvis er det også en sammenheng mellom virkemidlene vi skal bruke for å utrydde sult. De forsterker hverandre og lar oss motarbeide onde sirkler med positive, selvforsterkende ringvirkninger. Jo mer vi kan gjøre for å oppnå mer utdanning, bedre helse, økt tilgang til fornybar energi, økt likestilling, mer matproduksjon og større respekt for menneskerettighetene, desto lettere blir det å skape jobber og bekjempe sult og fattigdom.

På tross av at antallet ekstremt fattige er redusert fra nesten to milliarder til under én milliard på få tiår, har andelen som sulter, økt jevnt siden 2014. Totalt beregner FN at så mange som to milliarder mennesker ikke har regelmessig tilgang til trygg, sunn og nok mat.

Norge er blant de første landene i verden som har utarbeidet en egen handlingsplan knyttet til bærekraftige matsystemer i utenriks- og utviklingspolitikken. Handlingsplanen angir de sentrale prioriteringene, og den brukes aktivt av utenrikstjenesten. Den gir også sentrale føringer for vårt arbeid fram mot det svært viktige og avgjørende FN-toppmøtet om matsystemer i september, der vi er veldig aktivt inne i både forberedelsene og utformingen av det møtet.

Malawi er et eksempel på et pilotland for gjennomføring av den planen. Der er det ulike partnere, som Utviklingsfondet, Kirkens Nødhjelp og andre, som nettopp gjennom de lokale partnerne er engasjert i det arbeidet. Ambassaden vår i Tanzania har brukt den samme planen for å lage en egen strategi for arbeidet med matsystem i landet. Det er noen eksempler.

Planen må også ses i sammenheng med vår nylig framlagte strategi for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse. Klimaendringene er blant de fremste årsakene til sult. Det haster nå med å nå utslippsmålene i Parisavtalen, men vi kan ikke lukke øynene for at klimaendringene endrer verden allerede.

Millioner av mennesker får avlinger og hjem ødelagt på grunn av flom, tørke og orkaner som nettopp skyldes klimaendringene. De fordrives fra sine hjem og risikerer å måtte inngå i statistikken over dem som sulter. Norge har nettopp derfor gått i bresjen for at også klimatilpasning og sultbekjempelse – som også er et avgjørende krav i Parisavtalen – gis prioritet i utviklingspolitikken.

Beregninger fra FNs utviklingsprogram, UNDP, viser at hver eneste krone som investeres i forebygging av naturkatastrofer og konflikt, medfører 7 kroner spart i humanitær bistand. Det grønne klimafondet, investeringer i fornybar energi og havsatsing er andre eksempler på at innsatsen for klima og jobbskaping også handler om bekjempelse av fattigdom og sult.

Det vil kreve økonomisk armslag å redusere sult og feilernæring, og det vil kreve kunnskap. Blant annet har organisasjonen Ceres, som interpellanten viste til i sitt spørsmål, levert en banebrytende rapport om dette. Rapporten gir svar på to av de aller viktigste spørsmålene: Hva er den mest effektive måten å redusere sult og feilernæring på, for å beskytte klimaet og øke inntekten til de mest sårbare? Og hva vil det koste?

Totalt beregnes det at rundt 270 mrd. kr må brukes årlig for å oppnå null sult, doble inntekten til 545 millioner småbønder – altså ikke 500 000 – og begrense utslipp fra landbruket. I dag er den bistanden på 98 mrd. kr.

Vi tar med oss konklusjonen fra Ceres2030 inn i våre forberedelser til FN-toppmøtet i september, særlig når det gjelder forslagene til hvordan privat og offentlig sektor kan få til mer sammen. FNs generalsekretær har bedt om at toppmøtet iverksetter djerve nye tiltak for å endre måten verden produserer og forbruker mat på. Det er en veldig treffende beskrivelse av behovet.

Norge arbeider på flere fronter for å følge opp de oppfordringene og er bl.a. medarrangør for en egen global dialog om mat fra hav og innlandsvann senere denne måneden, som et av de punktene vi følger opp nå før toppmøtet.

De multilaterale utviklingsbankene er også viktige kanaler, spesielt med tanke på å øke produksjon av mat og lønnsomhet i landbruket, skape flere jobber, forbedre distribusjonen og bygge ut viktig infrastruktur. Her bidrar Norge med betydelig kjernestøtte og er en pådriver for at matsikkerhet og klimatilpasning settes høyt på agendaen. I 2020 bidro Verdensbankens målrettede innsats til at 7,2 millioner bønder mottok innsatsvarer og tjenester, og til at 3 millioner bønder tok i bruk nye arbeidsmetoder og ny teknologi.

Norge bidrar bredt innen matsikkerhet, og vi har spesielle fortrinn vi bør utnytte når det gjelder å øke støtten til mat fra havet. Norsk bistand, bl.a. gjennom kunnskapsprogrammet Fisk for utvikling og Nansenprogrammet, er svært viktig i et matsikkerhetsperspektiv.

Vi skal utnytte mulighetene som digitaliseringen byr på, enten det gjelder værvarsel eller bedre verdikjeder. Gir vi småbønder bedre tilgang til fornybar energi, kan de lettere holde både frukt og grønnsaker kjølige til de når markedet, og de kan opprette kornmøller og juiceproduksjon. De kan skape jobber.

I en tid med pandemi og vanskelige budsjettprioriteringer har Norge økt andelen av statsbudsjettet som går til verdens fattige, til 1,11 pst. Vi har økt støtten til global helse, og for å bøte på matkrisen som pågår, har vi også økt budsjettene som går til mat.

Matsikkerhet vil være høyt prioritert også etter pandemien, og sammen med vår innsats for klimatilpasning vil nettopp det øke mulighetene for å nå bærekraftsmålene. Selv om svaret er sammensatt, er ligningen enkel: Uten mat blir det ingen utvikling.

Liv Signe Navarsete (Sp) []: Det er alltid interessant å høyre på statsråden. Eg vart likevel litt skuffa over at han ikkje var innom dei utfordringane eg tok opp i innlegget mitt, men han får nye sjansar til det, så han kan kome tilbake.

Senterpartiet meiner at Noreg må investere i matproduksjon, matsikkerheit og matsystem, som eg sa i hovudinnlegget mitt. Manglande tilgang på kapital er eitt av dei viktigaste hindra for å utvikle bedrifter og nye arbeidsplassar i dei fattigaste landa. For at småbønder i fattige land i dag skal kunne leve av landbruket, trengst det tilgang på kapital, og det trengst system for transport til ein marknad. Ofte trengst det òg investeringar i infrastruktur for å kome til den marknaden. Det er òg viktig å starte i nærområda, med nærmarknaden, og etter kvart byggje vidare.

Utanriks- og forsvarskomiteen har besøkt særdeles vellukka prosjekt, bl.a. i Malawi, der ein frå norsk side, gjennom ulike organisasjonar, har bygd samvirke der ein lærer opp, eg hadde nær sagt, ein «lead-bonde» til å kunne formidle den kunnskapen vidare, kanskje til 15–20 andre. Slik kan ein skape ringar i vatnet og auke kompetansen. Det gir ikkje i seg sjølv pengar i kassa, men òg tilgang til mikrolån og det å kunne investere i teknologi og kunnskap i landbruket i fattige land gjer at bøndene kan tilpasse seg klimaendringane og sjølvsagt få mest mogleg ut av avlingane sine.

Når det gjeld god opplæring, organisering og tilgang på teknologi, som f.eks. vêrvarslingstenester, har smarttelefonen eit stort potensial til å bidra med både auka kvalitet og volum på avlingar til småbønder. Yr.no er ein særdeles nyttig reiskap for småbønder som gjer at ein kan verne avlingane sine mot ekstremvêr. Det er klart at bønder kan disponere gjødselfrø og vatning endå betre med denne kunnskapen tilgjengeleg.

Korleis ser utviklingsministeren på den delen av bistandsarbeidet: å lyfte kunnskap og teknologi og sikre at me får den auken i matproduksjon som eg trur både han og Senterpartiet ynskjer seg?

Statsråd Dag-Inge Ulstein []: Til spørsmålene som kom fra interpellanten nå, tror jeg vi var inne på det i denne salen knyttet til eksempler fra Nepal for bare noen dager siden. Det er mange gode poenger som blir trukket fram. Her henger det jo sammen, og vi satser på småskala jordbruk. Det er ofte kvinnene som er mottakere av støtten, og som faktisk er med og gjør at en lykkes med prosjektene, og da er det jo i aller høyeste grad viktige familieprosjekt.

Vi var bl.a. innom et ICIMOD-prosjekt i salen her sist, der det handlet om å gi tilgang til både kunnskap om naturbaserte løsninger på den ene siden – altså ut med kjemikalier, bedre helse, øke avlingene, øke inntekten – og til en veldig viktig teknologikomponent, nemlig tilgang gjennom app og den infrastrukturen, både til værvarsling og til markedet. Det har gjort at nettopp de kvinnene har kunnet investere tilbake i landsbyene sine, og det gjør at det er bedre tilrettelegging for skole, og at det kan investeres på en helt annen måte i de landsbyene.

Jeg kunne virkelig ikke vært mer enig, og da kan jeg betrygge interpellanten med at det er nettopp slike prosjekter vi er med på å finansiere gjennom bistandsarbeidet vårt, i land som Nepal, eller gjennom modellbøndene i Malawi, som er et annet godt eksempel.

Så har jeg lyst til å si at Ceres2030s prosjekt på mange måter er banebrytende, både fordi forskningen som ligger der, er så bredt sammenstilt – det trenger vi, mer kunnskap – og fordi det er brukt kunstig intelligens til å trekke dataene sammen og se på hvordan vi på best mulig måte kan utnytte den kunnskapen. Det viser at det er mulig å utrydde sult. Det viser til og med hva det koster, og hvordan vi skal innrette arbeidet på best mulig måte.

Skal vi klare å nå de siste 800 millioner menneskene som lever i fattigdom, og utrydde sult, må vi innrette arbeidet nettopp mot småskalajordbruk. Det er der vi når dem, og dermed er det også noe av det aller viktigste vi kan gjøre.

I et år der vi har hatt en helsekrise, og der mye naturlig nok har måttet bli prioritert til nettopp det, er det dessverre også noen prosjekter som det ikke har vært mulig å gjennomføre. Vi har likevel klart å prioritere nettopp matsikkerhet og klimatilpassing og å øke også de budsjettene.

Jeg kan virkelig bekrefte, og forhåpentligvis berolige interpellanten med, at slik en allerede har sett en sterk økning på dette feltet, skal vi følge det opp også i fortsettelsen. For vi kommer ikke til å nå bærekraftsmålene, og vi kommer ikke til å nå dem det er vanskeligst, men likevel viktigst å nå, om vi ikke satser på klimatilpassing og har en økt satsing på matsikkerhet.

Liv Signe Navarsete (Sp) []: Utviklingsministeren er flink til å ordleggje seg, men det som han og regjeringa har gjort i samband med budsjettet i den seinare tida, har jo gjort det vanskelegare for Stortinget å følgje pengane. Ein har ført meir midlar over til regionale løyvingar. Ja, det blir sagt at det skal gå til same føremål. Gjer det det? Korleis kan vi eigentleg vite om det gjer det, når det blir større pottar og vanskelegare å følgje?

Grunnen til at ein kan bli litt i tvil, er at Norad, som er ein stor aktør for regjeringa, og som forvaltar mykje midlar, i fjor gav ut eit kompendium som heiter «Bistand i koronapandemiens kjølvann», der fagekspertane deira deler si analyse av covid-19 og kva som skal til for å løfte fattige land etter pandemien. Det er mange gode tema der, men «mattryggleik», «klimasmart landbruk» og alle dei andre fine orda som utviklingsministeren bruker, er ikkje nemnt, ikkje i det heile. Og nyleg vart det lansert ein strategi for klimatilpassing, førebygging av klimarelaterte katastrofar og nedkjemping av svolt frå statsråden og regjeringa, og då skreiv bistandsministeren mykje fint – men det følgjer ikkje friske pengar med.

Så det me kjem tilbake til, er at Noreg er ein bitte liten aktør på dette området, som kanskje er det viktigaste, ikkje minst no når me ser at svolten aukar så dramatisk. Diverre var han begynt med det før covid-19 kom, men det er klart at pandemien gjer dette mykje, mykje verre.

Eg skulle ønskt at utviklingsministeren kunne forsikra om at regjeringa vil ta eit krafttak på dette området, at ein ville verkeleg doble løyvingane, kanskje tredoble dei, og seie at dette må på plass fyrst – og så skal vi satse endå meir på utdanning, på helse og alt det andre. For dette heng så tett i hop. Sjølvsagt vil foreldre gje ungane utdanning og skulegang, og sjølvsagt vil dei kjøpe det dei måtte ha bruk for av helsetenester, men dei må ha noko å leve av fyrst, både ungane og dei vaksne. Dei må ha inntekter, og dei må ha mat, og dei må ha vatn.

Så eg inviterer statsråden til å vere med Senterpartiet på ein skikkeleg dugnad for å løfte dette feltet. Det er viktig med energi, det er viktig med digital utvikling, det er veldig mange viktige felt, men dette er det grunnleggjande. Det er «basic».

Statsråd Dag-Inge Ulstein []: Dette er altså ikke bare pene ord, dette er nettopp det krafttaket som gjør at man kan være med og tilrettelegge for bøndene i Malawi, slik at de kan dyrke mer enn bare mais – som bønner og grønnsaker, som nettopp er avgjørende for et så klimarammet og sårbart landbruk, der tørken påvirker så mye – og at en faktisk får den endringen som skal til, eller være med og hjelpe småskalafiskere i Ghana og Sierra Leone, der 40 pst. av fangsten går tapt på grunn av dårlig organisering på land eller mangelfull transport, teknologi og annet.

Det er helt åpenbart at det er noe interpellanten ikke har fått med seg når det gjelder hvor mye vi bidrar – altså til redusert sult og økt matsikkerhet – med nesten 2,3 mrd. kr i 2020. Og ja, vi kommer til å øke det. Men det er ikke tvil om at det er et spesielt år vi har lagt bak oss. Når vi da likevel har prioritert og økt, er det et veldig tydelig signal fra regjeringen om at det er avgjørende å legge til rette og øke satsingen knyttet til matsikkerhet og klimatilpasning.

Jeg har likevel lyst til å takke interpellanten. Jeg skulle veldig gjerne hatt flere stortingsrepresentanter med oss her i dag til et så viktig og avgjørende tema og i en så viktig debatt. Jeg er likevel glad for å kunne ha fått muligheten til å snakke for de mange millionene som daglig har vansker med å få tak i nok, trygg og sunn mat. Men igjen: Opplysning er ikke nok. For å bidra til redusert sult og økt matsikkerhet kreves det umiddelbar handling, og her må vi ha alle med.

2021 er et år der vi virkelig kan vise at det globale samfunnet mener alvor med å oppnå bærekraftsmålene, og spesielt mål nr. 2, om null sult. Da oppnår vi ikke bare mål nr. 2, det vil spille veldig sterkt inn i alle de 17 målene. FNs toppmøte om matsystem skal nettopp være et sånt krafttak for å få måloppnåelsen på riktig kjøl igjen. Som jeg har nevnt tidligere, er Norge aktivt med i forberedelsene der, og vi vil bidra til at møtet forhåpentligvis blir en suksess med mer handling.

Norge er en viktig utviklingspolitisk aktør innen matsikkerhet og landbruk. Vi har sterke og aktive fagmiljøer, og vi har et sivilsamfunn og organisasjoner med betydelig erfaring og ekspertise. Vi bidrar med økonomiske muskler og med politisk innsats mot et felles mål om null sult innen 2030. Det arbeidet er vi stolt av, og det er noe vi vil fortsette med. Og som jeg tidligere har nevnt i interpellasjonen: Selv om svaret er sammensatt, er likningen enkel – uten mat blir det ingen utvikling.

Presidenten: Interpellasjonsdebatten i sak nr. 14 er då avslutta.

Dermed er dagens kart ferdig behandla. Ber nokon om ordet før møtet vert heva? – Møtet er heva.